BUA2008 - Tverrfagleg eksamen, barne- og ungdomsarbeidarfaget
Informasjon om tverrfagleg praktisk eksamen i BUA2008 – tverrfagleg eksamen, barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Informasjon om eksamen
Kandidatane skal førebu ein plan med aktivitetar tilpassa ei vald målgruppe. Planen dannar grunnlaget for gjennomføringa på eksamensdagen.
Det blir ikkje delt ut førebuingsdel 48 timar før eksamen.
Eksamen blir gjennomført i gruppe, der kandidatane samarbeider og spelar markørar for kvarandre.
Førebuing til eksamen
Før eksamen skal du planleggje ein eller fleire praktiske aktivitetar eller arbeidsoppgåver knytt til barne- og ungdomsarbeidarfaget (VG2). Du vel sjølv arbeidsstad og aldersgruppe.
Det er desse aktivitetane du skal gjennomføre på eksamensdagen. Du kan bruke planleggingsskjemaet som ligg ved.
Aktuelle tema til aktivitetsplanen
Aktivitetane skal knytast til eitt eller fleire av desse temaa:
- leik, læring og utvikling
- heilskapleg helse
- sosial kompetanse og kulturkompetanse
- språkutvikling og anerkjennande kommunikasjon
- samspel og samhandling
- berekraftig utvikling
Organisering av eksamen
Start: Alle kandidatane møter samstundes. Kvar kandidat får ei ekstra oppgåve som skal integrerast i eigen plan og gjennomførast saman med medkandidatar (40 minutt).
Gjennomføring: Kvar kandidat har 15 minutt til å gjennomføre eigne aktivitetar og skal framstå som fagarbeidar og leie aktiviteten.
Fagsamtale: Individuell refleksjon knytt til gjennomføringa, med grunngjeving, kor du kan trekke inn relevant teori.
Gjennomføring av eksamen
Du får også ei ny praktisk oppgåve knytt til faget, som skal integrerast i dei planlagde aktivitetane.
Hjelpemiddel
Du kan ta med planleggingsskjema og rekvisittar. Lokalet har enkel digital presentasjonsmoglegheit og materiell.
Alle hjelpemiddel er tillatne, med unntak av kommunikasjon med andre enn medkandidatar og sensorar. Mobiltelefon skal leggjast bort under eksamen.
Vurdering
Vurderinga gis individuelt, og legg vekt på den kompetansen kandidaten viser i form av kunnskapar, ferdigheiter og haldningar, samt evne til samhandling og handtering av ulike situasjonar under eksamen.
Praktisk informasjon
- Eksamen varer inntil 4 timar
- Ta med gyldig legitimasjon
- Møt opp i god tid
Lenkje til læreplan:
læreplan for Barne- og ungdomsarbeiderfaget
Vedlegg:
Forslag til planleggingsskjema