Oppnemning av prøvenemndsmedlemmar

Vestland fylkeskommune skal oppnemne prøvenemndsmedlemmar for perioden 2024 til 2027.

Prøvenemnda sitt arbeid er viktig for kvaliteten til fag- og yrkesopplæring. Prøvenemndene vurderer fag- og sveineprøvar og er på den måten med på å legge premissar for den faglege standarden. Arbeidet er viktig for kandidaten, for arbeids- og næringslivet og for heile samfunnet. 

Kompetanse i faget

Vestland fylkeskommune ønskjer at dei som skal vere med i prøvenemnder skal vere dyktige fagarbeidarar som er aktive i faget og har dokumentert kompetanse. Hovudregelen er at alle skal ha relevant fagbrev. I enkelte tilfelle kan minst fem års allsidig praksis erstatte kravet til fagbrev. Prøvenemndsmedlemmar må både kjenne til og forstå innhaldet i læreplanane.

Vurderingskompetanse og relasjonskompetanse

Prøvenemndsmedlemmar må ha god vurderingsfagleg kompetanse, god munnleg- og skriftleg framstillingsevne og gode digitale ferdigheiter. All prøveadministrasjon er digital og prøveprotokoll blir signert digitalt med minid/bankid. For å skape trygge og gode rammer rundt prøveavviklinga treng medlemmane gode sosiale evner og relasjonskompetanse.

Kontinuitet og fornying

Det er viktig å rekruttere nye medlemmer til prøvenemndene. Samtidig som det er viktig med utskifting og fornying, er det viktig å sikre god kontinuitet. Hovudregelen er at ein person som har vore medlem i tre samanhengande periodar, det vil seie 12 år, ikkje kan reoppnemnast. I arbeidet med den endelege samansetninga av nemndene er det viktig å sjå fram mot neste oppnemningsperiode. For å sikre framtidig kontinuitet kan det hende at nokre personar som ønskjer det ikkje blir oppnemnt til ein tredje periode.

Mangfald og geografi

Prøvenemndsmedlemmane bør spegle samfunnet og bransjen. Det er viktig at medlemmane kjem frå ulike typar verksemder i bransjen. Prøvenemndene skal gjennomføre prøvar i heile fylket og vi ønskjer difor at størst mogleg del av fylket er representert i nemndene. I tillegg vil vi legge vekt på å sikre at det er ulike aldersgrupper, kjønn og etniske bakgrunnar er representert.

Opplæring

Alle prøvenemndsmedlemmar må gjennomføre obligatorisk opplæring. Opplæringa vil vere ein kombinasjon av digitale og fysiske kurs og vil ta omtrent tre dagar. 

Avklare med arbeidsgjevar

Å vere med i prøvenemnd er eit offentleg verv. Prøvenemndsmedlemmar har difor krav på permisjon frå arbeidet sitt til å utøve vervet. Det er viktig at dei som blir foreslått har avklart med arbeidsgjevar at dei blir foreslått og kva dette inneber.

Ei nemnd består av ein koordinator og medlemmar. Oppgåvene til koordinator er å samordne arbeidet i nemnda, fordele prøver til medlemmane i nemnda og vere kontaktperson for fylkeskommunen. Det er ikkje meininga at koordinator skal delta på fleire prøver enn dei andre medlemmane i nemnda. Medlemmane skal ha kontakt med prøvestaden for kandidaten dei har ansvar for, lage oppgåver og vurderingskriterium og gjennomføre prøvene.

Fag- og sveineprøver blir gjennomført heile året, men for dei fleste fag er det høgsesong i perioden mai til august.

Her kan du lese meir om prøvenemndsarbeid.

Opplæringa av prøvenemnda er to-delt: 

Del 1. Kompetansepakke hos Utdanningsdirektoratet

Du kan ta kompetansepakken åleine eller saman med nemnda di, og det tar rundt 2 arbeidsdagar å gjennomføre den.

Kompetansepakken blir honorert med kr 3500,- for nye prøvenemndsmedlemar.

Når du har fullført kurset vil du få eit kursbevis. Dette bruker du som dokumentasjon ved krav om honorar.

Meir informasjon og påmelding finn du på utdanningsdirektoratet sin kompetanseportal.

Når du går inn på lenka, må du bla ned til du finner kompetansepakken "Nye Læreplanar for prøvenemnder".

 

Del 2. Dagsamling med rettleiar frå fylkeskommunen

Samlingane blir halde i Vestlandshuset i Bergen. Nemndene blir kalla inn samla.

Her er ei oversikt over kor mange prøvenemndsmedlemmar vi treng i dei ulike faga:

Ca. 100 medlemmar

  • Helsearbeidarfaget

Ca. 60 medlemmar

  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Elektrikarfaget
  • Tømrarfaget

Ca. 40 medlemmar

  • Akvakulturfaget
  • Anleggsmaskinførarfaget
  • Automatiseringsfaget
  • Betongfaget
  • Bilfaget, lette køyretøy
  • Dataelektronikarfaget
  • Frisørfaget
  • Industrimekanikarfaget
  • Kjemiprosessfaget
  • Kokkfaget
  • Logistikkfaget
  • Matrosfaget
  • Reinhaldsoperatørfaget
  • Røyrleggarfaget
  • Yrkessjåførfaget

Ca. 20 medlemmar

  • Ambulansefaget
  • Byggdriftarfaget
  • CNC-maskineringsfaget
  • Energimontørfaget
  • Fjell- og bergverksfaget
  • IT-driftsfaget
  • Platearbeidarfaget
  • Produksjonsteknikkfag
  • Service- og administrasjonsfaget
  • Skipsmotormekanikarfaget
  • Tryggleiksfaget
  • Veg- og anleggsfaget

Ca. 10 kandidatar

  • Anleggsgartnarfaget
  • Anleggsmaskinmekanikarfaget
  • Anleggsrøyrleggarfaget
  • Bilfaget, tunge køyretøy
  • Bilskadefaget
  • Dyrefaget
  • Fiske og fangst
  • Gjenvinningsfaget
  • Industrimontørfaget
  • Industrirøyrleggjarfaget
  • Kran- og løfteoperasjonsfaget
  • Landbruksmaskinmekanikarfaget
  • Maler- og overflatetekn.faget
  • Murar- og flisleggjarfaget
  • Servitørfaget
  • Sjømatproduksjon
  • Stillasbyggjarfaget
  • Sveisefaget
  • Telekommunikasjonsmontørfaget
  • Vegdrift- og vegvedlikehaldsfaget
  • Ventilasjons- og blekkslagarfaget

Minst 4 medlemmar

  • Aktivitørfaget
  • Aluminiumskonstruksjonsfaget
  • Asfaltfaget
  • Avionikarfaget
  • Bakarfaget
  • Banemontørfaget
  • Billakkerarfaget
  • Bilpleiefaget
  • Bilsalmakeafaget
  • Blomsterdekoratørfaget
  • Blyglashandverkarfaget
  • Boreoperatørfaget
  • Brannførebyggar
  • Brønn- og borefaget
  • Brønnfaget, elektriske kabeloperasjonar
  • Brønnfaget, havbotninstallasjonar
  • Brønnfaget, komplettering
  • Brønnfaget, kveilerøyroperasjonar
  • Brønnfaget, mekaniske kabeloperasjonar
  • Brønnfaget, sementering
  • Bunadtilverkarfaget
  • Buntmakarfaget
  • Byggmontasjefaget
  • Bøkkarfaget
  • Børsemakarfaget
  • Chassispåbyggarfaget
  • Dimensjonskontrollfag
  • Droneoperatørfaget
  • Elektroreparatørfaget
  • Energioperatørfaget
  • Ferskvarehandlarfaget
  • Filigransølvsmedfaget
  • Finmekanikarfaget
  • Fjernstyrte undervassoperasjonar
  • Flymotormekanikarfaget
  • Flystrukturmekanikarfaget
  • Flysystemmekanikarfaget
  • Forgyllarfaget
  • Gartnarfaget
  • Gipsmakarfaget
  • Gjørtlarfaget
  • Glasblåsarfaget
  • Glasfaget
  • Grafisk produksjonsteknikk
  • Gravørfaget
  • Gullsmedfaget
  • Havbruksteknikkfaget
  • Heismontørfaget
  • Herreskredderfaget
  • Hestefaget
  • Hjulutrustningsfaget
  • Horn-, bein- og metallduodji
  • Hovslagarfaget
  • Handbokbindarfaget
  • Handvevarfaget
  • Industriell matproduksjon
  • Industriell overflatebehandling
  • Industrimålarfaget
  • Industrioppmålarfaget
  • Industrisnekkarfaget
  • Industritapetserarfag
  • Industritekstilfaget
  • Innhaldsproduksjonsfaget
  • Isolatørfaget
  • IT-utviklarfaget
  • Keramikarfaget
  • Kjole- og draktsyarfaget
  • Kjøttskjærarfaget
  • Komposittbåtbyggjarfaget
  • Konditorfaget
  • Kostymesyarfaget
  • Kulde- og varmepumpeteknikkfaget
  • Korgmakarfaget
  • Laboratoriefaget
  • Låsesmedfaget
  • Maritim elektrikarfaget
  • Maskør- og parykkmakarfaget
  • Mediedesignfaget
  • Medieteknikkfaget
  • Modellbyggarfaget
  • Modistfaget
  • Motormekanikarfaget
  • Motorsykkelfaget
  • Møbelsnikkarfaget
  • Møbeltapetserarfaget
  • NDT-kontrollørfaget
  • Optronikarfaget
  • Orgelbyggjarfaget
  • Ortopediteknikkfaget
  • Plastfaget
  • Polymerkomposittfaget
  • Portørfaget
  • Produksjonselektronikar
  • Profileringsdesignfaget
  • Pølsemakarfaget
  • Reindriftsfaget
  • Reiselivsfaget
  • Reipslagerfaget
  • Reservedelsfaget
  • Salmakarfaget
  • Seglmakarfaget
  • Serigrafifaget
  • Signalmontørfaget
  • Skinn- og pelsduodjifaget
  • Skogfaget
  • Skomakarfaget
  • Slaktarfaget
  • Smedfaget
  • Snikkarfaget
  • Steinfaget
  • Strikkefaget
  • Sølvsmedfaget
  • Tak- og membranteknikkfaget
  • Taksidermistfaget
  • Tavlemontørfaget
  • Tekstilduodjifaget
  • Tekstilrensfaget
  • Togelektrikarfaget
  • Trebåtbyggjarfaget
  • Tredreiarfaget
  • Treduodjifaget
  • Trelast- og limtreproduksjonsfaget
  • Treskjærarfaget
  • Truck- og liftmekanikarfaget
  • Ull- og garnduodjifaget
  • Urmakarfaget
  • Vaskerifaget
  • Ventilasjonsteknikkfaget
  • Verktøymakarfaget
  • Viklarfaget