Prøvenemnd

Som medlem i prøvenemnda har du ansvar for å planlegge og gjennomføre fag- og sveineprøvar. Du må mellom anna godkjenne prøvestader og vurdere kandidatane som skal opp til avsluttande prøver. Prøvenemnda kan nyttast som yrkesutval.

På denne sida finn du blant anna informasjon om opplæring for prøvenemndsmedlem og korleis du sender reiserekning og faktura.

Utdanningsdirektoratet sine sider finn du nærare informasjon om korleis ein lagar og vurderer fag- og sveineprøver.

 

Vestland fylkeskommune har digital prøveadministrasjon for prøvenemnder. All prøveadministrasjon skal skje via portalen VIGO bedrift.  

I Vigo bedrift mottek koordinator godkjente oppmeldingar og fordeler dei vidare til nemndmedlemmane som skal gjennomføre prøven. Koordinator må gje beskjed om at prøve er fordelt.

Den som er leiar for sjølve prøva har ansvar for å registrere og sende inn prøvedato og resultat i den digitale protokollen i VIGO bedrift.

Viss prøven ikkje er bestått skal det lastast opp tilleggsdokument (sjå avnitt om rutiner ved ikkje bestått).  

Når leiar har sendt inn resultat skal både leiar for prøva og prøvenemndsmedlemmar signere protokollen digitalt. Du får ein e-post med lenke til signaturoppdraget. Om du ikkje får e-post, kan du  logge deg på Posten sin signeringsportal. Det er ikkje krav om fysisk signatur når protokoll og vedlegg blir sendt inn via VIGO bedrift. Den digitale signaturen vil omfatte sjølve protokollen og alle vedlegg.

Nemnda må sørge for at dokument som inneheld personopplysningar og anna sensitiv informasjon blir makulert på ein forsvarleg måte.

Opplæring i digital prøveadministrasjon

Brukarrettleiing for digital prøveadministrasjon finn de her. 

Har de spørsmål eller treng brukarstøtte er det berre å ta kontakt med oss.

Det skal vere tilsyn med kandidaten under heile prøven. Det er nemnda som har ansvar for dette. Tilsynet kan utførast av fleire tilsynspersonar i løpet av prøveperioden.

Dersom prøvenemnda er vekke frå prøvestaden, skal nemnda oppnemne ein tilsynsperson i bedrifta. Dersom det er trong for ein tilsynsperson er det prøvestaden/praksiskandidaten si plikt å skaffe tilsynsperson som godkjennast av prøvenemnda. (Fylle ut skjema som skal leverast saman med protokollen). Fagleg leiar, instruktør, verneombod eller ein annan tilsett i bedrifta kan vere tilsynsperson.

Tilsynspersonen skal normalt vere til stades ved oppstart av fagprøva.

Når prøvenemnda ikkje er til stades skal tilsynspersonen

  • sjå til at kandidaten har ro til å gjennomføre prøva
  • informere prøvenemnda om avvik
  • ivareta naudsynt tryggleik
  • vere kontaktperson for kandidat og prøvenemnd

Tilsynspersonen skal ikkje delta i vurdering av kandidatens arbeid eller gje uttrykk for si vurdering av kvaliteten på kandidaten sitt arbeid.

Både tilsynsperson og kandidat kan kontakte prøvenemnda dersom det dukkar opp administrative spørsmål undervegs. Tilsynspersonen har teieplikt.

Når det blir oppnemnt tilsynsperson, skal prøvenemnda sørge for at tilsynspersonen signerer på samtykkeskjema for tilsynspersonar. Nemnda skal levere skjema til fylkeskommunen som vedlegg til digital protokoll.

Lovheimel

Forskrift til opplæringslov § 9-61

§ 9-61.Gjennomføring av fag- og sveineprøva

Prøva skal starte med eit møte mellom kandidaten og heile prøvenemnda. I møtet skal prøvenemnda levere oppgåva til kandidaten og sørgje for at kandidaten har forstått oppgåva. Møtet skal normalt haldast på prøvestaden, men kan gjennomførast digitalt dersom prøvenemnda i samråd med fylkeskommunen og kandidaten finn at det er forsvarleg.

Prøvenemnda skal vurdere arbeidet til kandidaten undervegs. Heile prøvenemnda skal vere på prøvestaden ved prøveslutt.

Prøvenemnda og kandidaten skal ved behov ha ein oppsummerande samtale til slutt for å avklare spørsmål som har oppstått under prøva. Både kandidaten og prøvenemnda kan be om ein slik samtale. Samtalen skal dreie seg om den gjennomførte oppgåva.

Prøvenemnda skal føre protokoll over gjennomføringa av prøva undervegs. Fylkeskommunen skal sørgje for tilsyn med at heile prøva blir halden i tråd med reglane.

Skjema for tilsynsperson (pdf)

Dersom prøvenemnda ser at kandidaten ligg an til å få karakteren ikkje-bestått, skal fag-/sveineprøva likevel fullførast.

Dersom kandidaten ikkje består fag-/sveineprøva, skal desse dokumenta sendast fylkeskommunen via vigobedrift.no:

  • oppgåva
  • vurderingsgrunnlag
  • kandidaten sitt svar på oppgåva
  • prøveprotokoll
  • tilleggsprotokoll

Prøveprotokollen skal vere så utfyllande at han gir eit godt bilde av sjølve prøvegjennomføringa i ei eventuell klagebehandling.

I tilleggsprotokollen skal prøvenemnda skrive si vurdering av fagprøven og grunngi karakteren ikkje-bestått. Hugs å skrive tydeleg og utfyllande, helst ved bruk av pc.

Her er eit døme på ein tilleggsprotokoll som kan lastast ned:

Tilleggsprotokoll (pdf)

Kva er fusk på fag-/sveineprøve

I gjennomføringa av fagprøven er alle hjelpemiddel tillatne, også i førebuingsdelen av prøven. Dette inneber mellom anna at kandidaten kan bruke alle informasjonskjelder, også internett og andre personar sitt skriftlege arbeid. Kandidaten kan be om hjelp ved gjennomføring av den praktiske delen av prøven og kan drøfte oppgåva med andre undervegs.

Døme på fusk:

  • Kandidaten bruker betydeleg meir enn oppsett tidsramme til gjennomføring av prøven (kveld/helg)
  • Kandidaten får andre til å utføre det praktiske arbeidet i prøven i betydeleg grad og framstiller det som sitt

Dette er IKKJE fusk:

  • Kandidaten kopierer andre sin tekst
  • Kandidaten ber om hjelp frå andre

Rutinar ved mistanke om fusk

Reaksjonsmåtar ved fusk er omtalt i forskrift til opplæringslova §3-59.

Prøvenemnda må fullføre fag-/sveineprøven og bør ta kontakt med fylkesadministrasjonen ved mistanke om fusk.

Dersom prøvenemnda mistenker fusk, skal prøvenemnda dokumentere, så langt det let seg gjere, og la kandidaten fullføre fag-/sveineprøven. Kandidaten skal ikkje orienterast om mistanken om fusk før etter at prøven er gjennomført. Dersom nemnda avbryt prøven er dette ein formell feil frå prøvenemnda og kandidaten kan gå opp til ny prøve så raskt som praktisk mogleg.

I samtale mellom nemnda og kandidaten etter fag-/sveineprøven, skal nemnda legge fram mistanken om fusk, grunngi denne for kandidaten og kandidaten skal ha høve til å uttale seg munnleg om mistanken før nemnda gjer sitt vedtak.

Prøvenemnda skal uansett vurdere og karaktersette prøven. Dersom kandidaten klagar på vedtaket om annullering, og får medhald, vil karakteren bli gjeldande.

Nemnda bør ta kontakt med fylkesadministrasjonen ved mistanke om fusk for rettleiing. Annullering av fag-/sveineprøve grunna fusk er eit enkeltvedtak, og det er prøvenemnda som gjer vedtaket. Vedtaket om annullering av fag- eller sveineprøve grunna fusk kan klagast på til statsforvaltaren.

Konsekvensar for kandidaten ved fusk

Dersom ei prøve blir annullert på grunn av fusk kan kandidaten tidlegast gå opp til ny prøve eitt år etter den annullerte prøven.

Opplæringa av prøvenemnda er to-delt: 

Del 1. Kompetansepakke hos Utdanningsdirektoratet

Du kan ta kompetansepakken åleine eller saman med nemnda di, og det tar rundt 2 arbeidsdagar å gjennomføre den.

Kompetansepakken blir honorert med kr 3500,- for nye prøvenemndsmedlemar. Vi dekkjer ikkje tapt arbeidsforteneste eller møtehonorar i samband med dette.

Når du har fullført kurset vil du få eit kursbevis. Dette bruker du som dokumentasjon ved krav om honorar.

Meir informasjon og påmelding finn du på utdanningsdirektoratet sin kompetanseportal.

Når du går inn på lenka, må du bla ned til du finner kompetansepakken Nye læreplanar for prøvenemnder.

 

Del 2. Dagsamling med rettleiar frå fylkeskommunen

Samlingane blir halde i Vestlandshuset i Bergen. Nemndene blir kalla inn samla.

Vestland fylkeskommune nyttar prøvenemndene som yrkesutval. Yrkesutvala har spisskompetanse i sine lærefag og kan gi innspel dersom det oppstår faglege spørsmål, mellom anna vurdering av nye lærebedrifter.

Yrkesutvalet vurderer mellom anna om bedriftene har rett kompetanse, utstyr og fasilitetar i faget til å gi opplæring etter læreplanane.

Prøvenemnder blir med heimel i opplæringsforskrifta § 9-59 oppnemnt av fylkeskommunen etter forslag frå partane i arbeidslivet.

Arbeidet til prøvenemnda er viktig for kvaliteten til fag- og yrkesopplæringa. Prøvenemndene vurderer fag- og sveineprøvar og er på den måten med på å legge premissar for den faglege standarden. Arbeidet er viktig for kandidaten, for arbeids- og næringsliv og for heile samfunnet. 

Å vere med i prøvenemnd er eit offentleg verv. Etter reglane i arbeidsmiljøloven har ein arbeidstakar rett til permisjon for å utøve offentlege verv. Dette gjeld og prøvenemndsvervet.

Fylkeskommunen ber arbeidsgjevare legge til rette for at prøvenemndsmedlemmene får permisjon for å vere med å bedømme fagprøver. Talet på prøver varierer i dei ulike faga, så behovet for permisjon vil vere ulikt.

Refusjon lønsutgifter i samband med prøvenemndsarbeid

Vestland fylkeskommune dekkjer tapt arbeidsinntekt for medlemmer i prøvenemnda. Arbeidsgjevar betaler ut ordinær løn til arbeidstakar og sender faktura med refusjonskrav til fylkeskommunen.

Det skal kun søkjast om refusjon på det som vert definert som tap av løn for arbeidstakar, ikkje tap av forteneste for bedrifta( kundepris).

Vi tilrår at de bruker denne ordninga, då arbeidstakar på denne måten opprettheld si normale pensjonsgjivande  inntekt.

Faktura skal innehalde desse opplysningane:

  • Organisasjonsnummer
  • Bankkontonummer
  • Ressursnummer 26503
  • Namn på den tilsette det er utbetalt løn til
  • Datoar for oppdrag i prøvenemnda – antal timer brukt kvar dag
  • Oversikt på kva som ligg i beløpet: løn, sosiale kostnadar, feriepengar og arbeidsgjevaravgift.

Faktura skal førast utan meirverdiavgift (undervisningstenester er unnateke  mva).

E-fakturaadresse;  0192:821311632, aksesspunkt: Visma

Korleis sende faktura til Vestland fylkeskommune

Utgifter som ikkje er tapt arbeidsinntekt, til dømes km, bompengar, parkering, honorar og liknande, skal medlem av prøvenemnda sjølv registrere i reiserekning.

Her finn du ei oversikt over saksgangen frå du blir meldt opp til fagprøve og til du og lærebedrifta får resutlatet.

Forklaringar

  • Når vi skriv lærling meiner vi lærling, lærekandidat, praksisbrevkandidat og fagbrev på jobb-kandidat
  • Når vi skriv bedrift meiner vi lærebedrift eller opplæringskontor
  • Når vi skriv prøve omhandlar det fag-/ sveine- og kompetanseprøve

Lærling

Lærling
Fylkeskommunen
Lærling og lærebedrift må sjekke at all teori er bestått.  
Lærebedriften melder lærlingen opp til prøve ca 6 månader før kontraktslutt  
  Fylkeskommunen sender automatisk kvittering på at oppmeldinga er motteken til lærling med kopi til lærebedrift.
Informasjon om krav til teori og moglegheit for å søke om tilrettelegging av fag-sveine prøve
  Fylkeskommunen godkjenner oppmelding ca. 4 mnd. før kontraktslutt og sender vedtak til lærling med kopi til lærebedrift
  Godkjent oppmelding blir sendt til prøvenemnd
  Prøvenemnd tek kontakt med opplæringsstaden og avtaler prøvetid, -stad og innhald.
Bedrift kan inntil 14 dagar før prøven melde relevant innhald til prøvenemnda.
Kandidaten skal ha skriftleg varsel om prøve 14 dagar før prøvestart.
  Prøvenemnda gjennomfører og vurderer prøven og sender resultatet til fylkeskommunen.
Prøvenemnda har ei oppsummerande samtale etter prøven og formidlar resultatet til kandidaten.
  Fylkeskommunen sender skriftleg melding om resultat til lærling med kopi til lærebedrift/opplæringskontor
  Fylkeskommunen sender ut vitnemål eller kompetansebevis til lærling
  Fylkeskommunen sender ut fag-/sveinebrev evt. inviterer til utdeling
Lærling og bedrift mottek skriftleg resultat om at prøven ikkje er bestått med tilleggsprotokoll.  

Lærling har klagefrist på tre veker frå han har motteke skriftleg melding om resultat.

Merk at du berre kan klage på fag-/sveineprøven dersom du har fått resultat ikkje bestått.

Du kan lese meir om klage under overskrifta "Bestod du ikkje prøven?" på denne sida.

 
Om lærlingen ikkje vil klage, melder lærebedrifta opp til 2. gongs prøve  
  Fylkeskommunen godkjenner oppmelding og sender oppmelding til prøvenemnd, ca 3 vekers sakshandsamingstid
  Gjennomføring, sjå 1. gongs prøve.



Her finn du ei oversikt over saksgangen frå du blir meldt opp til fagprøve og til du og lærebedrifta får resutlatet.

Forklaringar

  • Når vi skriv bedrift meiner vi lærebedrift eller opplæringskontor
  • Når vi skriv prøve omhandlar det fag-/ sveine- og kompetanseprøve

Praksiskandidat

Praksiskandidat
Fylkeskommunen
Teori må være bestått i forkant av oppmelding til fagprøve.  
Melder seg opp og tek teoretisk eksamen, oppmeldingsfrist 1.2 om våren, 15.9 om hausten
Vlfk.no/praksiskandidat
 
Betaler oppmeldingsavgift og melder seg opp til praktisk prøve på vlfk.no/praksiskandidat, ingen frist Sakshandingstid på minst 6 mnd.
Fylkeskommunen sender automatisk kvittering på at oppmeldinga er motteken.
  Praksiskandidaten får vedtak om at oppmeldinga er godkjent.
Godkjent oppmelding blir sendt til prøvenemnd
  Prøvenemnd tek kontakt med kandidaten og avtaler prøvetid -stad og innhald
Praksiskandidaten må sjølv dekkje utgifter til prøve gjennomføring  
  Prøvenemnda gjennomfører og vurderer prøven og sender resultatet til fylkeskommunen
  Prøvenemnda har ei oppsummerande samtale etter prøven og formidlar resultatet til kandidaten.
  Fylkeskommunen sender melding om resultatet til kandidaten
  Fylkeskommunen sender ut kompetansebevis
  Fylkeskommunen sender ut fag-/sveinebrev evt. inviterer til utdeling
Praksiskandidat mottek skriftleg melding om at prøve ikkje er bestått med tilleggsprotokoll.
Klagefristen er tre veker. Merk at du berre kan klage på fag-/sveineprøven dersom du har fått resultat ikkje bestått.
Du kan lese meir om klage under overskrifta "Bestod du ikkje prøven?" på denne sida.
 
Praksiskandidaten kan melde seg til 2. gongs prøve tidlegast 6 månader etter at han var oppe til prøve  
  Saksbehandlingstid 4 -6 mnd
  Gjennomføring, sjå 1. gongs prøve.