Verktøykassa

Her har vi samla nokre ressursar vi håpar kan vere nyttige for deg i møte med lærlingar.

For mange lærlingar kan det oppstå situasjonar i løpet av læreperioden der det vil vere behov for ein eller fleire samtalar i etterkant. Slike hendingar kan til dømes vere relatert til helse, miljø og tryggleik på ein byggjeplass, eller oppstå når ein jobbar med ei pasientgruppe. 

I eit langt arbeidsliv vil slike opplevingar kunne vere både noko ein kjenner att og noko som gjentar seg for ein arbeidstakar. Men for lærlingen vil dette kunne bli opplevd både overveldande og skremmande, og kunne gi sterke og vedvarande emosjonelle reaksjonar i etterkant. Det er difor ekstra viktig med ei normalisering av kjensler i etterkant av ei slik hending.

For å førebyggje at slike opplevingar ikkje gir alvorlege følgjer for lærlingen, er det viktig med gode rutinar på samtalar om slike hendingsforløp, for å kunne hjelpe til med å førebyggje eventuelle reaksjonar. Dette vil også vise at lærebedrifta tar opplevinga på alvor, og viser omsorg for dei som er involverte i slike situasjonar.

Ved å snakke om det vil lærlingen kunne få ei betre forståing av det som har skjedd. Tankar og reaksjonar kan bli adresserte og ein kan avklare om lærlingen treng vidare oppfølging.

Korleis kan ein slik samtale vere?

  • Bruk tid i starten på å skape eit roleg klima der det kjennast trygt og godt for lærlingen å gjennomføre ein slik samtale. Finn eit rom kor de kan sitte i fred, der det er stille. Ha gjerne vatn tilgjengeleg, og kanskje også noko lett å ete.
  • Vis at dette er ein fortruleg og ikkje-dømmande samtale kor det skal vere aksept for å opne seg om noko som er vanskeleg. Dette inneber å akseptere at vi er ulike med forskjellige erfaringsbakgrunn.
  • Ver konsentrert og ha aktiv augekontakt med lærlingen.
  • Still oppklarande, konkrete spørsmål. Få fram fakta om kva som skjedde før, under og etter hendinga. Gi lærlingen god tid til å svare. Oppfordre gjerne lærlingen til å fortelje meir.
  • Spør kva lærlingen såg, høyrde, lukta og observerte for å få fram kjensler og sanseinntrykk. Dette vil hjelpe til å danne eit inntrykk av korleis lærlingen opplevde hendinga. Bruk tid på normalisering, signaliser at dette er normale reaksjonar.
  • Bruk tid på å snakke om kva som vil kunne skje etter ei slik hending. At det er heilt normalt å tenkje over det som har skjedd, og andre reaksjonar som kan oppstå. Snakk også saman om det er behov for fleire samtalar i etterkant av hendinga. Kanskje ein kan lære noko av slike hendingar? Snakk saman om det.
  • Det vil også kunne vere behov for å endre arbeidsrutinar, eller innføre nye tiltak for å hindre at slike hendingar oppstår seinare. La lærlingen delta aktivt i arbeidet med å førebyggje slike hendingar i lærebedrifta, vis at deira erfaringar er viktige arbeidet med å utvikle lærebedrifta.

 

Her er nokre tips du kan gi til lærlingen for betre søvn:

  • Ikkje sov på dagen. Det gjer det vanskelegare å sove godt på natta.
  • Dersom du grublar mykje om kvelden, skriv ned det du tenkjer på og gjer ei avtale med deg sjølv om at du skal sjå på det i morgon. Får du ikkje sove fordi du er redd, kan det vere vanskeleg å finne ut av det på eiga hand. Snakk med nokon du stolar på.
  • Når slappar du av i kropp og hovud? For nokre kan det vere å ha ein fast, koseleg dagdraum å sovne til, for andre kan det vere å løyse matteproblem eller høyre på ei lydbok eller musikk.
  • Dersom du kjenner deg stressa i kroppen, kan du prøve å roe deg ned ved hjelp av pusten. Pust djupt og sakte inn og ut fleire gonger, medan du kjenner at du slappar av i musklane og at kroppen er tung mot madrassen.
  • Energidrikk, kaffi, cola og nokre typar te inneheld koffein og kan forstyrre søvn når du drikk det for seint. Prøv deg fram, og finn ut når på dagen du kan drikke desse.
  • Dei fleste treng 7-8 timar søvn. Finn ut når du må legge deg for å få nok søvn, og legg bort PC, mobil og anna skjerm i god tid før. Ha ei fast kveldsrutine som du følgjer kvar kveld.

Tiltak for å hindre fråvær og fremje nærvær:

  • Legg til rette for ein føreseieleg kvardag, der lærlingane får informasjon om kva som skal skje, korleis og med kven.
  • Legg til rette for eit meistringsorientert læringsmiljø der lærlingane opplever å få fagleg støtte Lærlingar med risiko for å utvikle bekymringsfullt fråvær er ofte redde for å få kritikk eller å mislukkast fagleg, reduser difor merksemda på konkurranse og testing. Oppnåelege mål, tilpassa oppgåver og positive tilbakemeldingar er viktige for å oppleve meistring.
  • Ver medviten om at du har stor betydning for dei som strevar sosialt og er sårbare.
  • Ver nøye på å føre fråvær, for å oppdage og følgje opp bekymringsfullt fråvære tidleg.

Dette kan du gjere:

  • Dersom du merkar at ein ungdom har angstanfall eller er i ferd med å bli overaktivert, kan du seie «eg ser at du skjelv litt og at du pustar raskt. Det går bra, sjølv om det er ubehageleg no. Eg er her og vil hjelpe deg.»
  • Dersom lærlingen har sterk angst eller eit angstanfall, kan det vere godt med fysisk avstand frå andre t.d. gjennom å gå ein tur ut eller opphalde seg i eit anna rom. Du kan tilby lærlingen litt vatn og til dømes seie «eg ser at du har det vanskeleg akkurat no, men eg er her og eg skal støtte deg».
  • Nokon treng litt tid etter at angstanfallet er over for å roe seg ned.
  • For mange kan det å oppleve at ein blir trygga under angstepisodar, føre til at episodane blir mindre, og at dei opplever mindre angst generelt.

Nokre råd du kan gi ungdommen for å auke sjølvkjensla:

  • Følg kontoar på sosiale medium med dei same interessene som du har, eller som gir deg inspirasjon. Slutt å følgje influensarar som gir deg ei dårleg kjensle.
  • Snakk om det som skjer i livet ditt med dei rundt deg, både bra og vanskeleg ting.
  • Det er lov å seie nei og å setje grenser for seg sjølv dersom noko kjennest feil. Det er alltid lov å ombestemme seg.
  • Ha som mål å seie noko fint til nokon kvar dag. Det gjer dagen litt betre for begge partar.
  • Når du kjenner at du ikkje har det godt med deg sjølv, prøv å legg merke til korleis du snakkar til deg sjølv når du har det sånn. Ville du sagt det same til ein god venn? Kva ville du sagt til nokon du var glad i som hadde det vanskeleg?
  • Utfordre lærlingen på å identifisere noko kvar veke som vedkommande har lukkast med.

Mange kan bli redde dersom dei høyrer om ungdom som har sjølvmordstankar. I desse tilfella er det til god hjelp for ungdommen å snakke med nokon dei stolar på om slike tankar (instruktør, vener, helsesjukepleiar og familie). Det å bli tatt på alvor og bli lytta til er ein god start på vegen mot å få hjelp.

Ofte kan sjølvmordstankar vere eit symptom eller teikn på at ungdommen er deprimert, eller at det er andre ting i livet som verkar håplaust.

Du som instruktør skal ikkje vurdere kor reelle desse tankane er. Få samtykke av ungdommen til å kontakte føresette. Føresette er ofte ungdommen sin næraste støttespelarar, i tillegg til eksterne hjelparar som er trena i å gjere sjølvmordsrisikovurderingar.

Dersom ungdommen motset seg dette, og du vurderer at det er fare for liv og helse, har du likevel ei plikt til å melde frå.

Ungdommar med konkrete sjølvmordstankar, sjølvmordsforsøk, eller mistanke om psykose vil trenge ekstern, akuttpsykiatrisk kompetanse. Dei fleste har ein fastlege dei kan kontakte for akutt hjelp på dagtid. Etter kontortid har legevakt denne funksjonen. Ein kan også kontakte BUP sitt akuttilbod dersom ungdommen er under 18 år, eller DPS sitt akuttilbod dersom ungdommen er over 18 år.

Kontaktinformasjon til instansar som tilbyr akutt hjelp

Dei regionale ressursentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordførebygging (RVTS) er ein ressurs for deg som arbeider med ungdommar som har opplevd vald, seksuelle overgrep, traumatisk stress, migrasjon eller sjølvmordsproblematikk.

RVTS driv ikkje behandling, men kan bidra med kompetanseheving i form av undervisning, rettleiing, konsultasjon og nettverksarbeid. Det finst eit RVTS i kvar landsregion, og RVTS Vest er lokalisert i Bergen.

For deg som arbeider med ungdom, kan det vere nyttig å vite at RVTS har samla informasjon, undervisningsmateriell og andre verktøy i ein eigen digital  «verktøykasse».

Her kan du mellom anna finne informasjon om stressmeistringsverktøyet «SMART-appen», som er eit sjølvhjelpsverktøy med ulike tips, råd, øvingar og informasjon om kva som skjer med oss når vi er stressa. Smart- appen sitt mål er å gjere ungdommane meir robuste mot stress.

I RVTS sin digitale verktøykasse kan du også finne informasjon om det digitale opplæringsprogrammet snakkemedbarn.no. Her kan du trene på samtalar der du kan velje ulike alternativ og øve på å byggje tillit. Nettsida er særleg retta mot å byggje kompetanse om samtalar med barn/ungdom som ein er bekymra for om blir utsett for vald eller overgrep.

I tillegg til opplæringsprogrammet, inneheld nettsida artiklar om teamet, og opplæringsmateriell for å auke kompetansen på eigen arbeidsplass.