Fullføringsmidlar

Fullføringsreforma har som mål at ungdom og vaksne blir kvalifisert til å møte krava i vidare utdanning og arbeidsliv, og at dei kan utvikle kompetansen sin heile livet.

Vestland fylkeskommune ønskjer å auke gjennomføringa, både for ungdom og vaksne som er i eit læreforhold og dei som ventar på læreplass.

Midlane skal gi søkjarar til opplæring i bedrift mogelegheit til å få ein lærekontrakt.

Lærlingar og lærekandidatar som står i fare for å ikkje fullføre vidaregåande opplæring, skal kunne få støtte til å oppnå fagutdanninga si eller delar av ei fagutdanning. 

Kva tiltak kan bedrifta søkje midlar til?

  • Utprøving i bedrift
  • Tiltak som styrkar opplæringa der det er behov for det for å nå læreplanmåla
  • Ekstra personalressurs
  • Utvida opplæringstid
  • Overtaking av opplæringsansvar for lærling/lærekandidatar frå andre lærebedrifter
  • Kombinasjon av fleire av desse tiltaka

Kva tildeling kan bedrifta rekne med å få?

  • Inntil 50 000 kr, ved søknad om midlar til utprøving i bedrift.
  • Inntil 75 000 kr, ved søknad om ekstra personalressurs.
  • Inntil 50 000 kr, ved søknad om utvida opplæringstid eller andre tiltak for å nå læreplanmåla.

Der godkjende lærebedrifter overtar opplæringsansvaret frå andre lærebedrifter vil tildelte midlar følgje kandidaten.

Kva krav stiller fylkeskommunen for tildeling?

  • Plan for oppfølgjingstiltak med tidsramme og informasjon om korleis midlane er tenkt brukt skal følgje søknaden. Det må kome fram kva beløp bedrifta søkjer om.
  • Lærebedrifta skal rapportere status til fylkeskommunen innan 3 månader etter perioden det er søkt midlar for. Manglande rapportering kan føre til at fylkeskommunen krev midlane tilbakebetalt.
  • Berre unntaksvis kan bedrifta søke midlar fleire gonger for same kandidat. Ny søknad føreset i tillegg at det er levert rapport frå første tildeling. 

Det er ikkje eit vilkår at bedrifta har inngått lære-/opplæringskontrakt med kandidaten. 

Kva frist har bedrifta for søknad?

Ingen. Søknader vil bli behandla fortløpande. 

Føresetnaden for tildeling er at det er tilgjengelege midlar i ramma. 

Ved spørsmål om ordninga, kontakt rettleiingstenesta i området ditt.