Fullføringsmidlar
Fullføringsreforma har som mål at ungdom og vaksne vert kvalifisert til å møte krava i vidare utdanning og arbeidsliv, og at dei kan utvikle kompetansen sin heile livet.
Vestland fylkeskommune ynskjer å auke gjennomføringa, både for ungdom og vaksne som er i eit læreforhold og dei som ventar på læreplass.
Midlane skal gi søkjarar som står utan læreplass mogelegheit til å teikne lærekontrakt.
Lærlingar og lærekandidatar som står i fare for å ikkje fullføre vidaregåande opplæring, skal kunne få støtte til å oppnå fagutdanninga si eller delar av ei fagutdanning.
Samarbeidsorgan kan berre sende søknad om fullføringsmidlar dersom dette går fram av avtalen med lærebedrifta.
Kva tiltak kan bedrifta/samarbeidsorgan søkje midlar til?
- Utprøving i bedrift
- Ekstra personalressurs
- Tiltak som styrkar opplæringa der det er behov for det for å nå læreplanmåla
- Utvida opplæringstid
- Overtaking av opplæringsansvar for lærling/lærekandidatar frå andre lærebedrifter
- Kombinasjon av fleire av desse tiltaka
Bedrifta kan søkje om inntil to ulike tiltak i same søknad, men den samla summen kan verte avkorta.
Kva kan bedrifter/samarbeidsorgan søkje om?
- Inntil 50 000 kr, ved søknad om midlar til utprøving i bedrift.
- Inntil 75 000 kr, ved søknad om ekstra personalressurs.
- Inntil 50 000 kr, ved søknad om utvida opplæringstid for å nå sluttkompetanse i faget. Dette gjeld ikkje dersom lærlingen har fått innvilga meir opplæring som utløyser tilskot.
Ved skifte av lærebedrift i tiltaksperioden kan Vestland fylkeskommune krevja tildelte fullføringsmidlar tilbakebetalt.
Kva krav stiller fylkeskommunen for tildeling?
- Plan for oppfylgingstiltak og informasjon om korleis midlane er tenkt nytta skal fylgja søknaden. Det må kome fram kva beløp bedrifta/samarbeidsorgan søkjer om og tidsperioden tiltaka er planlagt gjennomført.
- Lærebedrifta skal rapportere status til fylkeskommunen innan seinast 3 månader etter perioden det er søkt midlar for. Manglande rapportering kan føre til at fylkeskommunen krev midlane tilbakebetalt.
- Berre unntaksvis kan bedrifta/samarbeidsorgan søkja midlar fleire gonger for same kandidat. Ny søknad føreset i tillegg at det er levert rapport frå fyrste tildeling.
- Kandidaten må samtykke til at det blir søkt om midlar.
- Kandidatar for utprøving i lærebedrift skal ha ein arbeidsavtale og løn i perioden bedrifta søkjer midlar for.
- Lærebedrift/samarbeidsorgan må opplyse i søknaden om lærlingen eller bedrifta mottek tilskot frå Nav, eller er i andre tiltak som uløyser tilskot til bedrift og lærling.
Fylkeskommunen krev at bedrifta tek kontakt med rettleiingstenesta for dialog før søknaden sendast inn.
Føresetnaden for tildeling er at det er tilgjengelege budsjettmidlar i ordninga.
Kven søkjer om midlane?
Det er lærebedrifta eller samarbeidsorganet(på vegne av bedrifta) som sender inn søknad.
Samarbeidsorgan kan rettleie lærebedrift med søknad, og stå som kontaktperson for lærebedrifta. Det er lærebedrifta eller samarbeidsorganet som signerer og sendar inn søknad.
Gjeld søknaden kandidat for utprøving i bedrift er det bedrifta som skal ha kandidaten i utprøving som søkjer.
Kva frist har bedrifta/samarbeidsorgan for søknad?
Søknader blir handsama i den rekkefølge dei er mottekne.
Korleis blir midlane utbetalt?
Lærebedrifta/samarbeidsorgan sender inn ein elektronisk faktura (EHF) til Vestland fylkeskommune, når lærebedrifta har motteke vedtak om tildeling av midlar.