Refusjon meningokokkvaksine

Vestland fylkeskommune og kommunane skal dele på kostnadane av meningokokkvaksine til elvar i dei vidaregåande skulane i fylket.

Fylkestinget vedtok den 17.12.2019 at alle elevar i dei vidaregåande skulane i Vestland skal få tilbod om gratis meningokokkvaksine. Fylkeskommunen dekkjer halve kostnaden, med føresetnad om at vertskommunen dekkjer halve.

Gratistilbodet går til alle elevar i dei fylkeskommunale og  private vidaregåande skulane som ikkje har tatt vaksinen før. Dette tilbodet står ved lag også i 2024. 

Kommunane kan sende refusjonskrav til fylkeskommunen i etterkant av vaksineringa.

Praktisk gjennomføring 

Når kommunen sender faktura til fylkeskommuneen må fakturaen merkast med kva kommune det gjeld og talet på elevar som er vaksinerte.

Alle fakturaer til Vestland fylkeskommune må sendast elektronisk i EHF-format:  

  • elektronisk fakturaadresse: 9908:821311632 
  • aksesspunkt: Visma 
  • fakturaen må merkast med ressursnummer: 24975