Vidaregåande i Norge

For å kunne søkje om vidaregåande opplæring hos oss må du ha:

  • Opphaldsløyve
  • 9 år gunnskule eller tilsvarande

Utdanningar

Er du ny i Norge rådar vi deg til å ta eit innføringsklasse der det blir lagt vekt på norsk-opplæring. Dette kurset føregår i eitt skuleår og gjer deg i betre stand til å klare vanlig norsk vidaregåande opplæring. 

Etter dette året søkjer du det utdanningsprogrammet du ønskjer.

Utdanningsprogram du kan søkje

International Baccalaureate Diploma Programme (IB)

Dette er eit krevjande studium for målretta elevar der undervisningsspråket er engelsk. Les meir om IB

Ta kontakt med Bergen Katedralskole for meir informasjon.

Korleis søkjer eg?

Er du ny i Norge er søknadsfristen 1. februar. Dersom du kjem til Norge etter denne datoen søkjer du skuleplass ved å fylle ut skjemaet Inntak etter fristen.

For å ha rett til skuleplass må du ha søkt før fristen 1. februar. Vi vil gjere det vi kan for at dei som søkjer etter fristen skal få eit tilbod.

Fordi det kjem så mange frå Ukraina til Noreg no har vi oppretta eit midlertidig tilbod til denne gruppa på nokre skular. Les nyhetsartkkelen.

Har du fullført vidaregåande opplæring og ønsker å ta høgare utdanning i Norge?

Du kan ta grunnleggjande opplæring i norsk og engelsk (nivå A1 og A2) på kveldstid. 

Kven kan søkje

Nykome ungdom som har fylt 18 år,  og som fekk innvilga opphald i Norge før dei fylte 18 år.  

Kriterier:

  • Dokumentasjon på fullført vidaregåande opplæring.
  • Dokumentasjon på lovleg opphald
  • Har fylt 18 år ved oppstart i kurs

Søknadsfrist: kontinuerleg opptak gjennom skuleåret. 

Søknadsskjema

Spørsmål?

Har du spørsmål kan du ta kontakt på e-post inntak@vlfk.no