Ny i Noreg?

Kva opplæring du kan få avheng av situasjonen din og den tidlegare skulegangen din.

Er du under 16 år?

Er du under 16 år må du gå i grunnskule. Dette kan kommunen du bur i hjelpe deg med.

Finn kommune og kontaktinformasjon

Er du over 16 år?

Er du over 16 år og har 9 år i grunnskule eller tilsvarande kan du starte i vidaregåande opplæring.

Meir om vidaregåande opplæring i Noreg

Utan grunnskule

Dersom du er over 16 år og ikkje har 9 år i grunnskule må du ta kontakt med kommunen din.

Er du 19 år eller eldre?

Er du 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning kan du søke på vidaregåande opplæring for vaksne. Du må ha 9 år grunnskule eller tilsvarande for å kunne søke på dette tilbodet.

Meir om vaksenopplæring

Det kan vere vanskeleg å finne fram i det norske utdanningssystemet når du berre har budd i Noreg i kort tid.

På nettsida Utdanning.no finn du ein oversikt og meir informasjon som kan hjelpe deg.

Du finn også meir informasjon på vilbli.no