Opplæring for minoritetsspråklege elevar

Slik kan du som er ny i landet gå på vidaregåande skule i Vestland.

Søkje vidaregånde opplæring

For at du skal kunne søkje vidaregåande opplæring må du ha:

  • Fullført norsk grunnskuleopplæring eller tilsvarande frå heimlandet.
    Dersom du ikkje kan dokumentere grunnskuleopplæring, skal kommunen du bur i gjennomføre ei realkompetansevurdering for å sjå om du kvalifiserer til inntak til vidaregåande opplæring. Dersom du ikkje er kvalifisert til inntak, er det kommunen din som skal gi deg grunnskuleopplæring før du kan bli tatt inn til vidaregåande opplæring.
  • Lovleg opphald i Noreg.
    Lovleg opphald betyr at du har fått innvilga fast eller mellombels opphald. Du har også lovleg opphald dersom du kan dokumentere at du har klaga på avslag på opphaldsløyve. Elevar som er tatt inn i vidaregåande opplæring har ikkje rett til å fullføre skuleåret dersom søknad om opphald er avslått.

Dersom du er under 25 år med enkeltvedtak om særskild språkopplæring (etter opplæringslova §2-8 eller §3-12) skal du søkje 1. februar. 

Det kan vere vanskeleg å finne fram i det norske utdanningssystemet når du berre har budd i Noreg i kort tid.

På nettsida Utdanning.no finn du ein oversikt og meir informasjon som kan hjelpe deg.

Du finn også meir informasjon på vilbli.no

Har du budd kort tid i Norge og kan lite norsk? Da vil du ha behov for ekstra språkleg støtte og tilrettelegging, særleg dei første åra i vidaregåande opplæring.

På vilbli.no kan du lese meir om kva rettar du har til språkstøtte og tilrettelegging når du begynner på opplæringa (særskilt språkopplæring).

Før du søkjer, er det viktig at du gjer deg kjent med:

1) Kor god du er i norsk

2) Korleis dette vil påverke vidaregåande opplæring for deg

Vestland fylkeskommune bruker Det europeiske rammeverket for kartlegging av språkferdigheiter.

Rammeverket beskriv ferdigheiter på seks nivå:

C1 og C2 Avansert nivå
B1 og B2 Sjølvstendig nivå
A1 og A2 Basisnivå

 

Førebuande tilbod

Undersøkingar i skulane viser at elevar som er på nivå A1 og A2, ikkje har nok ferdigheiter i norsk til å kunne delta i den vanlege undervisninga.

Vi har to førebuande tilbod, der du kan få meir norskopplæring og/eller grunnskuleopplæring , før du begynner på første trinn i vidaregåande skule (Vg1).

Du kan lese meir om desse tilboda lengre nede på sida.

Ordinær vidaregåande opplæring

Dersom du søkjer ordinær vidaregåande opplæring (Vg1) når du er på basisnivå i norsk (A1 og A2), må du rekne med å bruke meir tid.

Forsking og erfaring i skulane viser at elevar som bruker ekstra tid på Vg1, klarer seg best. Du får då tid til å lære meir norsk, samtidig som du kan begynne å jobbe med faga du interesserer deg for.

Å søkje om å få bruke ekstra tid på Vg1 gjer du i samråd med den vidaregåande skulen du begynner på.

Elevar som er på sjølvstendig nivå i norsk (B1 og B2) og oppover, erfarer vi at kan følgje vanleg progresjon på Vg1 og gå vidare til Vg2 året etter. Mange elevar treng likevel noko språkleg støtte og hjelp i faga.

Meir informasjon om kva språkleg støtte og hjelp du har rett på får du ved skulestart.

Er du usikker på kva nivå du er på i norsk?

Ta kontakt med skulen eller kommunen din, der du får norskopplæring i dag, og be om å få ta ein språkprøve.

Då er kanskje Kombinasjonsklassar noko for deg. 

Kva er kombinasjonsklassar?

Kombinasjonsklassar et eit tilbod for deg som er mellom 16 og 24 år, og som treng meir grunnskuleopplæring før du søkjer deg til ordinær vidaregåande opplæring. Opplæringa går føre seg på ein vidaregåande skule.

Merk: Som elev i kombinasjonstilbodet brukar du ikkje av retten din til vidaregåande opplæring, sjølv om undervisninga går føre seg på ein vidaregåande skule.

Målet for opplæringa er at du skal oppnå eit best mogleg grunnlag for å gjennomføre og bestå vidaregåande opplæring.

Når du har gjennomført og bestått opplæringa gjennom kombinasjonstilbodet, vil du få eit vitnemål med karakterar som du kan bruke for å søke inntak til vidaregåande opplæring.

I tillegg til å oppnå betre faglege og norskspråklege ferdigheiter, kan du med eit bestått vitnemål konkurrere på lik linje med alle andre søkjarar til vidaregåande opplæring vg1.

Kven kan søkje

For å søke inntak til dette tilbodet, må du ha eit A2-nivå i norsk munnleg og skriftleg før du startar. Om du ikkje har A2-nivå i norsk, rådar vi deg til å ta meir norskopplæring i kommunen din.

For at du skal kunne søke dette tilbodet må kommunen du bur i ha ein samarbeidsavtale med fylkeskommunen.  

For å logge inn treng du MinID. Har du ikkje MinID, eller har andre spørsmål, ta kontakt med:

Linda Farestveit mailto:linda.farestveit@vlfk.no 

Slik søkjer du

Søknadsskjema

Søknadsfristen er 1. februar.

Du får svar på inntaket samstundes med inntaket til vidaregåande opplæring. Det vil seie i juli.

Studiestøtte frå Lånekassen

Om du får tilbod om opplæring i kombinasjonsgruppe, kan du søke Lånekassen om studiestøtte. Pass på at du vel rett søknadsskjema:

  • Søkjarar med rett til vidaregåande opplæring må velje søknadsskjema «vidaregåande opplæring»
  • Søkjarar med rett til grunnskule må velje søknadsskjema «høgare og annan utdanning».

Søkjarar som får introduksjonsstønad har ikkje rett på studiestøtte..
Sjå www.lanekassen.no for meir informasjon.

Tilbodet Innføringskurs er for minoritetsspråklege søkjarar som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje har gode nok norskkunnskapar til å følgje opplæringa i eit ordinært utdanningsprogram.

Les meir om kor gode norskkunnskapar du bør ha

Kvifor ta innføringskurset?

Her får du som elev opplæring som skal førebu deg på innhald og nivået på første året i vidaregåande skule (Vg1). Det blir lagt stor vekt på å styrkje kompetansen i norsk gjennom alle fag.

Innføringstilbodet skal gjere det enklare for deg å følgje opplæringa i Vg1, og det vil passe både for deg som har planar om å starte på ei studieførebuande og for deg som ønskjer å gå på ei yrkesfagleg utdanning, året etter.

Elevar som går i innføringstilbodet, har fulle rettar etter opplæringslova, og kan søkje om plass på Vg1 neste år på lik linje med andre elevar.

Kva skular har tilbodet?

Skulane våre tilbyr ulike utdanningsprogram som skal gi deg ein smakbit på dei faga som vil møte deg etter innføringstilbodet. 

  • Dersom du vil starte på eit yrkesfagleg utdanningsprogram neste skuleår (Vg1) er det innføringskurs på Årstad videregående skole som er mest aktuelle.
  • Dersom du har tenkt å starte på eit studieførebuande utdanningsprogram neste skuleår (Vg1) er det innføringskurs på Bergen Katedralskole som er mest aktuelle.

Dersom det blir mange søkjarar i andre områder vil vi vurdere å opprette  innføringsklassar der også.

Kven kan søkje?

Føresetnaden for inntak er at du har grunnopplæring frå heimlandet eller vitnemål frå norsk grunnskule. Dersom du treng meir grunnskuleopplæring kan du lese meir om tilbodet vårt om kombinasjonsklassar.

Vg1 Helse- og oppvekstfag for minoritetsspråklege

Tilbodet er tenkt for søkjarar som har for lite kunnskapar i norsk til å kunne gå i eit ordinært utdanningsprogram på Vg1. 

Etter fullført og bestått Vg1 Helse- og oppvekstfag for minoritetsspråklege, kan det søkjast om inntak til ordinære Vg2-kurs ved utdanningsprogram Helse- og oppvekstfag.

Vg1 Studiespesialisering for minoritetsspråklege

Tilbodet er tenkt for søkjarar som har for lite kunnskapar i norsk til å kunne gå i eit ordinært utdanningsprogram på Vg1. Tilbodet skal kome elevar i møte som
alt har bestemt seg for Studiespesialisering.

Utdanningsprogrammet har ekstra tilrettelagt norskopplæring i tillegg til opplæring i dei andre faga.

Etter fullført og bestått Vg1 Studiespesialisering for minoritetsspråklege, kan du søkje om inntak til ordinære Vg2-kurs ved utdanningsprogram Studiespesialisering.

Frå det året du fyller 25 kan du søke vidaregåande opplæring for vaksne. Dette tilbodet er gratis og utdanninga kan føre fram til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse. 

Meir informasjon for vaksen minoritetsspråklege elevar

Fagtilbodet for vaksne.