Foreldremøte for russ
12. februar 2025 inviterte Vestland fylkeskommune til foreldremøte for russ på Amalie Skram vidaregåande skule. Her kan du sjå heile møtet i opptak.
Kvar vår kjem russ i både raudt, blått og andre farger fram i bybildet vårt. Feiringa skal vere gøy for alle, men for mange foreldre inneber det også ein del bekymringar.
På møtet fekk foreldra informasjon frå blant anna fylkesordførar Jon Askeland, politiet, Trygg Trafikk, Statens vegvesen, helsesjukepleiar, russerådet og russepresidenten for Vestland.
I tillegg kom Emma Ingebrigtsen som fortalde om sine eigne erfaringar som russ. Då ho var russ i 2022 fekk ho mykje merksemd fordi ho turte å sette ord på ekskluderinga og utestenginga ho sjølv opplevde. Ho lagde difor ei open russegruppe for alle med inkludering i fokus. Ingebrigtsen fekk pris frå Nobels Fredssenter og deltok på Debatten på NRK som 19-åring.