Tilskot til høgare yrkesfagleg utdanning
Driftstilskotet til fagskular skal stimulere til god kvalitet og gjennomføring av høgare yrkesfagleg utdanning. Tilskotet skal samtidig bidra til å dekkje kompetansebehova i Vestland fylke og elles i eit nasjonalt perspektiv.
Offentlege og private fagskular som tilbyr stadbaserte eller nettbaserte høgare yrkesfaglege utdanningstilbod med fysiske samlingar i fylket, eller som driftar nettbaserte utdanningstilbod frå fylket, kan søkje om tilskot.
Frist for å søke midlar for 2027 er 1. november 2026 kl. 12.00. Alle søkjarane vil bli informerte om utfallet av søknadsprosessen i eigne vedtak innan 10. januar. Oversyn over tildelingar leggast ut på denne nettsida etter at vedtaka er sendt ut.
Tilskotsordninga er eigd av Kunnskapsdepartementet og administrert av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Fylkeskommunane lyser ut midlar, behandlar søknader og fordeler tilskot under ordninga. Tilskotet skal gje fagskulane eit driftsgrunnlag og ein stabil tilbodsstruktur. Tilskotet skal kome studentane til gode og det skal dekke driftsutgifter for fagskuleutdanning i Vestland. For meir informasjon om overordna føremål og bakgrunnen for ordninga, sjå Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning (særleg kap. 7.3 og 7.4) og nettsidene til HK-dir.
Utlysning av midlar
Her vil Vestland fylkeskommune leggje ut ein oversikt over midlar som skulane kan søkje på innan 15. september 2026. Endeleg ramme for tilskota blir fastsett i Stortingets budsjettvedtak i desember.
Føremål, kompetansebehov og vilkår
Føremål
Tilskotsordninga skal bidra til å sikre høgare yrkesfaglege utdanningstilbod som møter både lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov. Ho skal og bidra til berekraft og det grøne skiftet, og til samfunnstryggleik og totalberedskap.
Basert på analysar av kompetansebehov har fylkeskommunen vedtatt at årets utlysing skal rette seg mot høgare yrkesfaglege utdanningar som dekkjer følgjande behov og prioriteringar:
- Helse- og velferdsfag
- Tekniske fag
- Områder som er viktige for det grøne skiftet
- Sikkerheit og beredskap
- God tilgjengelegheit, slik som;
Tilpasse heiltid og deltid etter etterspørsel
Samlingsbaserte utdanningstilbod
Studiestad i ulike delar av fylket
- Skular som etablerer seg i vestland og som samarbeider og støttar lokalt næringsliv med naudsynt kompetanse
- Vi legg til grunn at eigenbetalinga ikkje hindrar deltaking i utdanningar. Obligatorisk semesteravgift til studentsamskipnaden er unnateke.
Her kan du lese meir om kompetansebehova og fagprioriteringar i Vestland fylke.
Vilkår som gjeld fagskular som mottek tilskot
For søkjarar som mottek tilskot, gjeld dei ordinære vilkåra for ordninga. Desse vilkåra fastset mellom anna krav til bruken av tilskotet, rekneskapsføring, rapportering, medverknad til dialog kring måloppnåing, samt andre reglar knytte til kontroll og oppfølging av innvilga tilskot.
I tillegg kan fylkeskommunen fastsetje særskilde vilkår for den einskilde fagskulen som mottar tilskot. Slike vilkår kan t.d. gjelde fagområde, forventningar til samla volum/heiltidsekvivalentar, fleksibilitet (heiltid/deltid, nett-/stadbasert), høve til å krevje betaling frå studentar, regionalt nærvær/aktivitet eller samarbeid med/bidrag til regionalt arbeidsliv.
Særskilde vilkår fastsett ramma for korleis fagskulen kan bruke tilskotsmidlane og syner kva fagskulen vil bli målt på neste år. Samstundes set vilkåra ei retning for utviklinga av høgare yrkesfaglege utdanningstilbod. Dei særskilde vilkåra skal ikkje avgrense fagskulens faglege og organisatoriske autonomi meir enn nødvendig. Dei særskilde vilkåra vil gå fram av vedtaket der fagskulen får innvilga tilskotet.
Slik søkjar du og krav til søknaden
For å opne søknadsskjema må ein logge på med BankID.
Søknaden opnar 15.september 2026. ein kan då søke driftsmidlar for 2027. Frist for å søkje er 1. november 2026 kl 12.00.
Nytt for søknad hausten 2026 er at fagskulen skal søkje midler for kalenderåret 2027.
Krav til søknaden
Søknaden må oppfylle følgjande minimumskrav:
- Søknaden må vere levert innan søknadsfristen.
- Søknaden må vere levert gjennom søknadsskjemaet for ordninga.
- Søknaden må vere stadfesta av styreleiaren for fagskulen.
Søknader som ikkje oppfyller desse krava, kan bli avviste. Søkjar vil få ein kort tilleggsfrist for å rette mangelen der det er mogleg. I praksis gjeld dette berre stadfestinga frå styreleiaren ved fagskulen.
Merk at innhald i lenkjer i søknadene ikkje vil bli lese eller vurdert.
Vurdering og handsaming av søknad
Søknadene vil bli vurderte ut frå følgjande kriterium:
- Relevans (opp mot føremålet for utlysinga): I kva grad dei delane av utdanningstilbodet som fagskulen søkjer om finansiering til bidreg til å oppnå føremålet med utlysinga slik det er oppgitt over (relevanskriterium).
- Realisme: I kva grad fagskulen sine pågåande og/eller planlagde utdanningstilbod held høg kvalitet og er realistisk å gjennomføre (realismekriterium).
Fylkeskommunen vil prioritere å vidareføre eksisterande finansiering av fagskular, føresett at driftstilskotet har vore brukt i tråd med gjeldande vilkår og har gitt tilfredsstillande resultat, og at ein vurderer at vidareføring vil bidra til å oppnå føremålet med utlysinga.
I vurderinga av om desse føresetnadene er oppfylte, kan fylkeskommunen leggje vekt på evaluering av fagskulen si måloppnåing tidlegare år, dialog med fagskulen, årsrapportar og rekneskap frå fagskulen og andre rapportar og talmateriale som er eigna til å klargjere slike aspekt.
Vidareføringsprinsippet gir ikkje rett til tilskot for den einskilde fagskulen, men er eit verkemiddel for å bidra til solide fagskular med tilstrekkeleg sterke faglege og administrative miljø.
Tilskotet kan bli redusert dersom beløpet det er søkt om framstår urimeleg høgt eller urealistisk, eller dersom ein reduksjon blir vurdert nødvendig for å oppnå ei tilstrekkeleg breidde i fordelinga av midlane.
Slik blir søknaden handsama
Søknader som ikkje oppfyller minimumskrava, kan bli avviste. Kvalifiserte søknader vil bli vurderte på grunnlag av kriteria som er oppgitte ovanfor.
Tildeling for 2026
Tildeling til fagskular i 2026
For 2026 fekk Vestland fylkeskommune 227.523.000 kr. å tildele til fagskular i fylket. Dette er inkludert nye studieplassar med oppstart hausten 2026.
| Namn på fagskule | Tildelte midlar for 2026 |
| Fagskolen Tirna | 18.206.400 |
| Fagskolen Diakonova | 9.091.950 |
| Fagskolen Aldring og helse | 2.599.800 |
| Fagskolen Kristiania | 1.710.000 |
| Din kompetanse fagskole | 3.554.550 |
| Gokstad akademiet | 1.923.750 |
| Fagskulen Vestland | 180.948.459 |
| Kunstskolen i Bergen (øyremerka tilskot jf. statsbudsjettet) | 8.062.000 |
Studieplassar gjennom ordninga industrifagskulen er ikkje inkludert i denne oversikta.
Sats per heitidsekvivalent student for 2026
Stadbaserte tilbod og nettbaserte tilbod med fysiske samlingar har ein sats på 85 500 kr.
Reine nettbaserte tilbod (inkluderer digitale samlingar) har ein sats på 59 100 kr.
Tekniske tilbod har ein sats på 87 713 kr.
Det resultatbaserte tilskotet er på 23 000 kr.
Merk at det ikkje skal nyttast satsar ved tildeling for 2027, i tråd med nye retningslinjer.
DBH Fagskulestatistikk
Alle fagskular som tek i mot tilskot skal rapportera til DBH Fagskolestatistikk. Her finn de oversikt over rapporteringsdatoar.
Fagskular som får tilskot gjennom ordninga har eit ansvar for å sikre korrekt og kvalitetssikra data som dokumenterer aktiviteten i fylket.
Når ein fagskole får tilskot til drift frå fylkeskommunen, godtek dei samtidig at fylkeskommunen får tilgang til fagskolen sine student-data i DBH-F. Fylkeskommunen har berre tilgang som er nødvendig for å forvalte tilskot til drift av fagskolar på ein god måte.