Tilskot til fagskular
Tilskot til fagskular skal komme studentane til gode og skal dekke driftsutgifter for fagskuleutdanning i Vestland.
Alle fagskular i Vestland kan søkje om tilskot for høgare yrkesfaglege utdanningar som er godkjente av NOKUT, og som har godkjent studiestad i Vestland fylke.
Frist for å søke midlar for oppstart i 2025 er 1. november 2024. Fagskulen får svar på søknaden innan 31. desember.
Driftstilskotet til fagskular skal stimulere til god kvalitet og gjennomføring av høgare yrkesfagleg utdanning. Tilskotet skal samtidig bidra til å dekke kompetansebehova i Vestland fylke og elles i eit nasjonalt perspektiv.
Mål og kriterium for ordninga
Kriteria for tildeling av tilskot til studietilbod frå fagskulane i Vestland fylkeskommune
I arbeidet med tildeling av tilskot vil fylkeskommunen særskilt legga vekt på:
- Studietilbod som svarar på etterspurnaden etter høgare yrkesfagleg kompetanse i fylket
- Studietilbod som er tilpassa det å vere i jobb under studie
- Studietilbod med gruppestorleik på minimum 15 studentar. Studietilbod med lågare deltaking blir vurdert i høve til respektive fag og etterspurnaden etter dette
- Gjennomføring, dvs. tal studentar som gjennomfører studiet
Kunnskapsdepartementet har fastsett fire mål for driftstilskotet til fagskular, jf. Prop. 1 S (2018-2019).
- Høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning
Utdanningane skal vere av høg kvalitet og sikre gode vilkår for fagskulestudentane. - Ei yrkesretta utdanning
Fagskulane skal utdanne kandidatar som kan gå rett inn i yrkeslivet, med den praktiske og teoretiske kunnskapen som det er behov for i det einskilde yrket. Det er derfor viktig å vurdere kor relevante utdanningane er for arbeidslivet. - God tilgang til høgare yrkesfagleg utdanning
Fagskulane skal bli ein større og viktigare del av det norske utdanningssystemet, og ein større del av studentane skal velja høgare yrkesfagleg utdanning. - Ein effektiv og solid fagskulesektor
Fagmiljøa skal ha tilstrekkeleg fagleg styrke, kvalitet og soliditet. Robuste miljø handlar også om administrativ kapasitet og kompetanse.
Jf Kunnskapsdepartementets retningsliner for tilskot til drift av fagskular / HKdir.
Retningsliner for tildeling av tilskot
- Tilskotsordninga er basert på ei rammefinansiering av det einskilde studietilbodet. Tilskotet skal gi fagskulane eit driftsgrunnlag og ein stabil tilbodsstruktur
- Ordninga er basert på satsar for;
- stadbaserte tilbod og nettbaserte tilbod med fysiske samlingar
- for reine nettbaserte tilbod (inkluderer digitale samlingar)
- Tilskotet har like satsar for like tilbod uavhengig om fagskulen er offentleg eller privat
- Tilskotet bli fordelt i forholdet 80/20 som grunntilskot og resultatbasert tilskot. Meir om ordninga.
- Alle fagskular skal rapportera til DBH Fagskolestatistikk. Her finn de oversikt over rapporteringsdatoar.
Når ein fagskole får tilskot til drift frå fylkeskommunen, godtek dei samtidig at fylkeskommunen får tilgang til fagskolen sine student-data i DBH-F. Fylkeskommunen har berre tilgang som er nødvendig for å forvalte tilskot til drift av fagskolar på ein god måte.
Omdisponering av midlar
Ved behov for å omdisponere midlar må fagskulen ta kontakt med fylkeskommunen. Fylkeskommunen vil vurdere om fagskulen må sende søknad om omdisponering før handsaming og svar sendast ut.
Rettleiing for digital søknad
For å opne søknadsskjema må ein logge på med MinID.
Det kan vere ein fordel å ha klargjort excelskjema og andre aktuelle vedlegg før ein startar søkeprosessen digitalt. Det er ikkje mogleg å mellomlagre i søkjeprosessen, men ein kan søke så mange gongar ein treng. Logg deg gjerne inn i søknadsskjema ein gong før du skal sende søknaden. Då veit du kva vi ber om når du skal søkje.
Det som er nytt i søknadsskjema i år er at de ikkje treng å søke på tilbod som allereie er tildelt midlar for hausten 2025. De må søke for alle tilbod som skal starte opp hausten 2025. Så de skal søke for tilbod som er heilt nye og tilbod som vart avslutta våren 2025 og som startar opp med ny klasse hausten 2025.
Vestland fylkeskommune treng ein del informasjon om tilboda for å kunne behandle søknadene på ein god måte. Vi oppfordrar fagskulen til å kommentere desse punkta i søknaden:
- Kvifor arbeidslivet har behov for utdanningstilbodet
- Korleis ein samarbeider med relevant arbeidsliv knytt til fagleg utvikling, rekruttering, praksisplassar, m.m.
- Dersom ein vurderer at eit tilbod kan ha låg rekruttering i fylket, gje ein omtale av kvifor utdanninga likevel bør prioriterast. Gjerne i lys av lokal, regional og nasjonal kompetansepolitikk
- Dersom det er gjort vesentlege endringar innanfor eit eksisterande tilbod, grunngi dette
- Korleis de marknadsførar tilboda
Satsar
Satsane i tilskotsordninga blir prisjustert i tråd med prisutviklinga i kommunal sektor (kommunal deflator), som blir lagt fram i statsbudsjettet for 2025.
Satsane følgjer ein norm tilrådd av det fylkeskommunale samarbeidet om høgare yrkesfagleg utdanning. Fylkeskommunen kan elles vurdere satsen individuelt for dei einskilde studietilboda.
Fylkeskommunen skal sjå til at alle studieløp som det til ei kvar tid blir gitt tilskot for, kan vidareførast innan fylkeskommunen si budsjettramme for aktiviteten.
Sats per heitidsekvivalent student for 2025
Stadbaserte tilbod og nettbaserte tilbod med fysiske samlingar har ein sats på 82 420 kr.
Reine nettbaserte tilbod (inkluderer digitale samlingar) har ein sats på 57 030 kr.
Tekniske tilbod har ein sats på 84 584 kr.
Det resultatbaserte tilskotet er på 22 000 kr.
Tilskot til nye studieplasser 2025
Med atterhald om endeleg vedtak av statsbudsjettet blir det lyst ut statlege midlar til nye studieplassar.
Opplysningane som fagskolane sender fylkeskommunen i samband med søknad om tilskot til drift vil bli delt med HK-dir, og vil kunne inngå i arbeidet med utvikling og dimensjonering av sektoren.
Vestland fylkeskommune vil prioritere midlane til nye studieplassar etter same føringar på området som nasjonalt nivå.
Prioriterte områder er (ikkje i prioritert rekkefølgje):
- Helse og omsorgsfag
- Tekniske fag
- Områder som er viktige for det grøne skiftet
Studieplassene er foreslått som faste toårige studieplasser med full opptrapping, og midlane blir lagt inn med halvårseffekt hausten 2025.
Kva skal til for å få nye studieplassar for fagskulane?
Midlar til nye studieplassar skal fordelast på bakgrunn av lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov i arbeidslivet, og kapasitet i fagskulane.
Fylkeskommunane søkjer HK-dir om midlar til nye studieplassar etter ein gjennomgang av kompetansebehov i arbeidsliv og kapasitet i fagskulane i eige fylke.
Prosessen skal sikre at veksten skjer på grunnlag av behov i arbeidslivet, og skal i tillegg bygge opp under fylkeskommunen som kompetansepolitisk aktør.