For studentane
Fagskuleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning. Utdanningane er relativt korte, yrkesretta, på nivå over vidaregåande opplæring.
Fagskuleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning på nivå over vidaregåande opplæring. Utdanningane er relativt korte og yrkesretta og skal i stor grad svara på arbeidslivet sitt behov for kompetanse.
Fagskuleutdanninga skil seg frå anna høgare utdanning mellom anna ved at du kan søke opptak på grunnlag av fullført fagbrev.
Mange av utdanningstilboda er deltidstilbod med nettstøtte og samlingar, eller dei kan vera fullt ut nettbaserte. Desse tilboda tar høgde for at du skal kunne kombinere jobb og utdanning. Andre tilbod er fulltidsstudie med oppmøte på utdanningsstaden.
Du kan søkje opptak til alle offentlege fagskular og nokre private fagskular ved Samordna opptak www.samordnaopptak.no
Søknadsfrist for dei fleste tilboda er 15. april. Det er nokre unntak som har søknadsfrist 1. mars. Dei finn du her. Om du vil søke opptak til private fagskular som ikkje nyttar samordna opptak, må du gå inn på nettsida til skulen det gjelder. Lenger nede finn du ein oversikt over skular med studiestad i Vestland fylke.
Ta kontakt med respektive fagskule om du har spørsmål til dei einskilde studietilboda eller opptaket.
Fagskular i Vestland
Vestland fylkeskommune er skuleeigar av Fagskulen Vestland.
Fag
Fagskulen spenner over mange fagfelt: Helsefag, bygg- og anleggsfag, automasjon og el-kraft, maritimefag, offshorefag mfl.
Skulen har fleire avdelingar fordelt på Austevoll, Bergen, Førde, Hjeltnes, Måløy Stord og Voss.
Les meir om faga på fagskulen si nettside.
Andre fagskular i Vestland
Det er fleire fagskular i Vestland som mottar studiestøtte frå fylkeskommunen: