Skuleårsresultat skuleåret 2025/26.
Opplæringslova peikar på at fylkestinget minst éin gong i året skal få informasjon om læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa til elevane i opplæringa. Denne rapporten viser skuleårsresultata for skuleåret 2025/26. Analysane vert sett i lys av måla i temaplanen Fornye og forbetre – auka gjennomføring, med tilhøyrande handlingsprogram.
Rapporten skal gi skuleeigar eit godt grunnlag for vidare kvalitetsutvikling. Gjennom informasjon om tilstanden kan aktørane saman analysere, vurdere, revurdere og utvikle kvaliteten i opplæringa slik at fleire gjennomfører. Arbeidet med struktur-, prosess- og resultatkvalitet, og samspelet mellom dei, ligg til grunn for ei kontinuerleg fornying og forbetring av vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune.
Samandrag
- Fråværet går ned for første gong på fleire år
- Karaktersnittet er det høgaste på sju år
- Fullført og bestått går noko ned
- Tal elevar på deltid aukar kraftig
- Matematikkfaget er krevjande for mange elevar
- Gjennomføring og fullføring
Gjennomføring og fullføring er ein av dei viktigaste indikatorane på kor godt opplæringssystemet fungerer. Skuleåret 2025/26 fekk 83,3 prosent av elevane fullført og bestått etter den tradisjonelle definisjonen. Når elevar som består planlagde fag på deltid blir inkluderte, aukar delen til 86,1 prosent. Begge måla viser ein nedgang samanlikna med året før. Samstundes har talet elevar som tek opplæringa over fleire år auka kraftig, frå 546 til 772 elevar på eitt år. Dette reiser spørsmål om i kva grad dei tradisjonelle fullføringsindikatorane fangar opp dagens meir fleksible opplæringsløp.
- Fråvær
Fråvær er ein viktig indikator på elevane si tilknyting til skulen og heng ofte saman med både læringsutbytte og gjennomføring. Etter fleire år med auke gjekk fråværet ned skuleåret 2025/26. Gjennomsnittleg fråvær vart redusert frå 8,1 til 7,0 prosent, og nedgangen gjeld både gjennomsnitt og median på tvers av trinn og utdanningsprogram. Utviklinga er positiv, men analysen viser samstundes at redusert fråvær ikkje automatisk har ført til betre fullføringsresultat.
- Karakterar
Karakterresultata gir informasjon om elevane sitt læringsutbytte og faglege meistring. Det samla karaktersnittet ved årsslutt var 4,24, det høgaste nivået dei siste sju åra. Samla karakterfordeling er stabil over tid, men delen karakterar 6 har auka, medan delen karakterar 4 har gått noko ned. Samstundes viser analysen at matematikk framleis er det faget der flest elevar får karakteren 1, medan kroppsøving er faget med flest elevar som får IV.
- Sluttarar
Oversikta over elevar som sluttar undervegs i opplæringa gir viktig informasjon om fråfall og risiko for manglande fullføring. Skuleåret 2025/26 slutta 3,4 prosent av elevane i løpet av skuleåret, tilsvarande om lag 616 elevar. Nivået har vore stabilt dei siste fire åra. Det er framleis flest sluttarar på vg1, og sluttardelen er vesentleg høgare på yrkesfag og påbygg enn på studieførebuande utdanningsprogram. Dette peikar på overgangen til vidaregåande opplæring som ein sårbar fase i opplæringsløpet.
- Overgangar
Overgangane mellom ulike trinn og utdanningsløp er avgjerande for at elevane skal kome vidare i opplæringa. Som nemnt over må ein vera merksam på overgangen frå grunnskulen. Analysen viser at dei fleste elevane har progresjon frå eitt år til det neste, men at overgangen etter vg1 yrkesfag framleis er særleg krevjande. Etter vg2 yrkesfag er overgangsbiletet meir samansett, med elevar som går til læreplass, påbygg eller andre opplæringsløp. Samla har progresjonen etter vg2 yrkesfag auka dei siste åra, noko som tyder på at fleire elevar held fram i utdanning eller opplæring også når dei ikkje følgjer eit tradisjonelt løp.
Tala under syner tal elevar i dei ulike utdanningsprogramma ved dei fylkeskommunale skulane skuleåret 2025/26.
Under er det nøkkeltal for dei siste sju åra.
Både fullføringstala og karaktersnitt vil kunne endre seg for sist avslutta år på grunn av ny, utsett og særskilt eksamen. Meir om dette seinare i analysen.
To ulike mål for gjennomføring
Det er to viktige mål for gjennomføring; gjennomført med sluttkompetanse etter 5/6 år etter oppstart på Vg1, og fullført og bestått per skuleår. Det første gjev eit overordna bilete av effektiviteten til utdanningssystemet, og indikatoren er viktig i den langsiktige styringa av utdanningssektoren. Gjennomføring gjev altså eit overordna bilete av effektiviteten til utdanningssystemet – kor mange som fullfører og består i løpet av ein gitt periode. For skulane sitt utviklingsarbeid er indikatoren fullført og bestått per skuleår ein meir relevant og nyttig styringsindikator i utviklingsarbeidet.
Gjennomføring
Gjennomføringstala frå SSB og Udir tek også med private skular og måler gjennomføringa etter fem år for studieførebuande og etter seks år for yrkesfaga. Tidlegare såg ein på gjennomføring for studieførebuande og yrkesfag gjennom fem år. Sidan yrkesfaga hovudsakeleg har eitt år lenger utdanningsløp, er yrkesfaga sitt måletidspunkt flytta til seks år. Dette gjev eit rettare bilete av forholdet mellom studieførebuande og yrkesfag. Våren 2026 er det kullet som starta i Vg1 i 2019 sist oppdaterte tal. Sidan målepunktet går tilbake i tid, er det gamle fylkesgrenser som gjeld.
Ser ein på hovudtala dei siste seks åra, ser ein at nasjonalt har gjennomføringa gått opp frå 76,9 % til 81,8 %. Elevkulla frå Hordaland ligg jamt over på nasjonalt snitt, medan det for 2019-kullet ligg 0,8 prosentpoeng under. Kulla frå Sogn- og Fjordane ligg som regel over nasjonalt snitt og for 2019-kullet ligg dei 2,4 prosentpoeng over nasjonalt snitt.
Under er Hordaland og Sogn og Fjordane slått saman og vidare fordelt på kjønn og utdanningsretning. Her ser ein ei årelang trend der jenter på studieførebuande utdanningsprogram har høgast grad av gjennomføring, etterfølgt av gutar på studieførebuande, deretter følgt av jenter på yrkesfag og gutar på yrkesfag med lågast grad av gjennomføring.
Når ein ser på tala i 10-årsperspektiv, altså gjennomføring i løpet av 10 år, ser ein at tala for yrkesfag går noko opp, 76,7 % for menn og 81,0 % for kvinner
Fullført og bestått.
Indikatoren Fullført og bestått måler kor mange elevar som har bestått det trinnet dei har det gitte skuleåret. Del elevar som fullfører ligg på 83,3 % prosent. Samstundes er det viktig å understreke at resultata framleis kan endre seg, noko ein vil koma tilbake til seinare i analysen.
Grafane under syner fullført og bestått dei siste sju åra. Grafen har med ordinær elevar som har fullført og bestått heile trinnet dei går på.
Etter endt skuleår får alle elevar ein fullførtkode. Desse kodane er definert av Udir.
For å forstå fullføringstala, må ein sjå på kva fullføringskode dei elevane som ikkje fullførte fekk. Tabellen under viser ein oversikt på tal elevar per fullføringskode skuleåret 2025/26 og dei siste åra Elevane med fullførtkode B, altså dei som har fullført og bestått, blir ikkje kommentert her.
For skuleåret 2025/2026 er det stor auke i tal elevar som har fått fullført koden I – ikkje bestått. Desse elevane har fått karakteren 1 i eit eller fleire fag. Elevane som får karakter 1 i eit eller fleire fag går ofte opp til ny eksamen, så her vil det bli færre elevar med når vi ser på tala om eit år.
Det er ein liten auke på fullførtkode M, manglar vurderingsgrunnlag, for elevar som har fått IV i eit eller fleire fag. Vi ser nærmare på faga matematikk og kroppsøving under avsnittet om karakterar.
Ny, utsett og særskilt eksamen – for elevar som har fått fullføringskode I – ikkje bestått
Som tidlegare nemnd, ser ein at tala for fullført og bestått endrar seg ved ulike telletidspunkt. Etter skuleårsslutt vert det presentert kor mange som har fullført og bestått eit gitt skuleår, men etter ein periode har tala endra seg. Dette skuldast i all hovudsak elevar som nyttar seg av klageretten dei har på både standpunkt- og eksamenskarakterar. Ein del elevar går opp til ny eksamen eller utsett eksamen på grunn av sjukdom eller andre årsaker (sokalla NUS-eksamen). Det kan derfor gå eit halvt år før «endeleg» resultat er sett.
Ved årsslutt skuleåret 2024/25 vart det rapportert at 84,1 % fekk fullført og bestått. Ser ein på same resultat no, er talet 85,8 %. Dette betyr igjen at dei resultata som vert presentert no vil kunne endre seg noko ved neste rapportering.
Fleksible opplæringsløp og deltidselevar – for elevar som har fått fullføringskode H
Stadig fleire fylker går over til indikatoren «fullført og bestått deltid». Denne indikatoren inkludere elevar som går deltid, det vil seie dei elevane som – av ulike grunnar – tek eit trinn over fleire år og difor ikkje tek alle faga. For 2025/26 gjeld dette heile 772 elevar. Desse elevane vil – ut frå Udir sin definisjon – aldri få fullført og bestått, sjølv om dei fullfører og består alle faga som er planlagt for dei det gitte skuleåret. Ser ein nærare på desse, viser det seg at 68 % av desse fullfører og består dei faga dei har vore elev i.
Tal elevar som tek utdanninga på deltid har auka dei siste åra og er eit viktig grep for å få fleire til å fullføre. Det er ei viktig ordning som viser behovet for fleksibiliteten i vidaregåande opplæring.
Ser ein nærare på elevar med fullførtkode H, ser ein at dei fleste fullfører og består dei faga dei skal ha, og det er difor viktig å ha desse med i fullføringsstatistikken.
Utviklinga kan tolkast som eit uttrykk for auka fleksibilitet i vidaregåande opplæring. Fleire elevar får moglegheit til å tilpasse opplæringa til eiga livssituasjon, helse, læringsbehov eller andre utfordringar. For enkelte elevar kan dette vere forskjellen mellom å fullføre og å falle heilt ut av opplæringa.
Den blå linja har med elevar som har gått på deltid, og har fullført og bestått alle dei faga dei skulle ha det året.
Under er oversikt over fullført og bestått, med bestått deltid, fordelt på utdanningsretning.
Under ser ein fullført og bestått fordelt på utdanningsprogram alle trinn samla. I tillegg er det lagt til fullført og bestått deltid.
I tillegg til at ein ser at det er til dels store skilnadar på fullført og bestått på ulike utdanningsprogram, ser ein og at for enkelte utdanningsprogram er bestått deltid ei relativt stor gruppe. Det er meir truleg at elevar som har behov for eit fleksibelt opplæringsløp, vel desse utdanningsprogramma snarare enn at utdanningsprogrammet i seg sjølv har så høge krav. Det er og eit viktig poeng at elevane fordeler seg jamt utover utdanningsprogramma, noko som viser at behovet for fleksibilitet ikkje kan avgrensast til enkelte program. Strukturane må ivareta også desse elevane.
Under ser ein fullført og bestått fordelt på utdanningsprogram og trinn. Bestått deltid er inkludert.
Under er fullført og bestått fordelt på trinn, utdanningsretning og kjønn. Tradisjonelt har jenter hatt noko høgare fullføring, men tala syner no at jenter og gutar har lik grad av fullført og bestått.
Meir opplæring 2025-2026
Opplæringslova har gjeve elevane utvida rett til opplæring fram til fullført utdanning, og skuleåret 2025-2026 er det første året vi har gitt eit slikt tilbod. Meir opplæring er eitt av tiltaka for å auka gjennomføringa, og er eit tilbod til elevar som ikkje har bestått faget tidlegare. I utgangspunktet skal elevane vurderast ut frå kva behov dei har for opplæring, og tilbodet blir tilpassa deretter.
Skulane har organisert tilbodet ulikt:
- Tilbod i ledige timar, og ved å bruke 25 prosent-regelen for endring av årstimar
- Ta faget på nytt i eigne eller etablerte grupper
- Intensive periodar med opplæring
- Eit tilbod utanfor skuletida
- Einetimar med enkeltelevar
Det blir gitt mest meir opplæring i dei ulike matematikkfaga, norsk, framandspråk, engelsk, naturfag og kroppsøving. Fleire elevar består faget etter meir opplæring.
Skulane rapporterer følgjande om tema meiropplæring i tilstandsrapportane:
Meir opplæring med tett lærarstøtte gir elevane eit betre fagleg utbytte og ei sterkare meistringskjensle enn om dei berre går opp til ny eksamen utan undervisning. Elevane vel i aukande grad å nytta seg av tilbodet om meiropplæring. Ei systematisk organisering av meiropplæringa fører direkte til at fleire elevar består, og det er avgjerande at tiltaka kjem raskt i gang.
Sjølv om meiropplæring gir gode resultat, medfører tiltaket ekstra kostnadar og lærarressursar ute på skulane. Meiropplæring stiller høge krav til god og fleksibel tilrettelegging.
Målet er at flest mogleg fullfører opplæringa. Nokre elevar treng å ta faga over fleire år i eit tilpassa løp, medan nokre treng å få litt meir opplæring i enkelte fag for å få fullført eit fag. Dette er tiltak som kan føre til at ein større del av ressursane blir brukt på desse tiltaka. Målet må vere å gi elevar som ikkje har bestått, reell tilgang til meir opplæring, samtidig som ein styrkjer innsatsen som førebyggjer fråvær, manglande meistring og fråfall.
Grunnskulepoeng
Som tidlegare vist er det ei sterk samanheng mellom elevanes grunnskulepoeng og grad av gjennomføring, noko som vert vist i søyle under.
Her kan ein sjå fullført og bestått skuleåret 2025/26 ut frå grunnskulepoeng.
Ulike skular og utdanningsprogram har ulike krav til inntak, noko som er styrande for fordeling av elevar utifrå grunnskulepoeng. Jo høgare grunnskulepoeng eleven har, jo større er sjansen for at eleven fullfører og består – uavhengig av kva skule og utdanningsprogram hen går på. Grafane under syner store skilnader mellom studieførebuande og yrkesfag når det gjeld grunnskulepoeng.
Dei siste åra kan ein også sjå ei utvikling der grunnskulepoenga har gått noko ned.
Samtidig ser vi ei auke i elevar som kjem inn med 0 eller ingen grunnskulekarakterar.
Her er del elevar i ordinært løp vg1 som kjem inn med 0 eller ingen grunnskulepoeng. Det er noko usikkert kvifor denne gruppa aukar, men ein kan sjå at om lag 50 % av desse har eit anna morsmål enn norsk, så her er det nok ein god del elevar frå ulike innføringsklassar. Elevar som har karakter i mindre enn halvparten av faga frå grunnskulen blir rekna som 0 grunnskulepoeng.
Elevar med 0 i grunnskulepoeng er ei mangfaldig gruppe, og grunnskulepoenga er ikkje nødvendigvis reelle for eleven sitt faglege nivå. Elevgruppa med 0 grunnskulepoeng har omtrent 50% gjennomføring.
Helse og oppvekstfag er det utdanningsprogrammet der det går flest elevar med 0 eller ingen utdanningsprogram. I snitt får denne elevgruppa rundt 50 % fullføring.
Under ser ein grunnskulepoeng fordelt pr. utdanningsprogram.
Enkelte skuler og utdanningsprogram har ein positiv effekt, altså at elevane fullfører i større grad enn forventa.
Forventningsindikator
For å sjå den reelle effekten av skulen sitt arbeid kan ein nytta forventningsindikatoren (variant av skulebidragsindikatoren). Denne indikatoren deler alle elevar inn etter grunnskulepoeng, trinn og utdanningsprogram og ser på «forventa resultat» ut frå nasjonalt snitt for elevar med same grunnskulepoeng, trinn og utdanningsprogram.
Forventningsindikatoren estimerer altså kva resultat elevane statistisk sett kan forventast å oppnå ut frå føresetnadene sine. Dersom eit utdanningsprogram har 85 prosent fullført og bestått, men forventningsindikatoren er 82 prosent, betyr det at elevane fullfører oftare enn ein kunne forvente samanlikna med tilsvarande elevgrupper nasjonalt.
Det er ikkje ein 100 % nøyaktig indikator, den tar ikkje med ulike lokale forhold, men gjev ein indikasjon.
Eit av formåla med indikatoren er å kunne sjå i kva grad skulen greier å løfte dei elevane dei får inn, uavhengig av kva grunnskulepoeng dei kjem inn med. Med forventningsindikatoren kan ein finne andre sårbarheitsfaktorar som ein ikkje kan forklara berre med grunnskulepoeng. Til dømes fann ein i Resultat skuleåret 2024/25 at det å ta omval, samt det å ikkje koma inn på 1. ønskje fører til lågare fullføring enn det grunnskulekarakterane skulle tilseie.
I staden for å samanlikne fullført og bestått mellom utdanningsprogram og skular, kan det difor vere meir fruktbart å sjå på differansen mellom fullføring og forventa fullføring.
Resultata viser at dei fleste utdanningsprogramma, med nokre unntak, ligg relativt nær det nivået ein kunne forvente ut frå elevgrunnlaget. Avviket mellom forventa og faktisk fullføring ligg innanfor nokre få prosentpoeng. Forventningsindikatoren er derfor ein stor del av forklaringa på grad av fullføring.
Eit interessant funn er at to av utdanningsprogramma som har lågast fullføring totalt sett, restaurant og matfag og frisør, blomst, interiør og eksponderingsdesign faktisk har høgare fullføring enn forventa. Studieprogrammet håndverk, design og produktutvikling løftar elevane mest, men sidan utdanningsprogrammet har få elevar må ein vere forsiktig med å trekke konklusjonar. Kunst, design og arkitektur er i motsett ende, elevane der har lågare fullføring enn forventa.
Ser ein på skilnader mellom kjønna, er det ei generell tendens at jenter presterer under forventningsindikatoren. I snitt ligg jenter 2 prosentpoeng under, medan gutane i snitt ligg 0,5 prosentpoeng under forventa. For yrkesfaga ligg gutane over forventningsindikatoren med 1 prosentpoeng, medan jentene ligg under med 1,5 prosentpoeng.
Dei store yrkesfagprogramma framstår samla sett som robuste. I snitt ligg yrkesfaga 0,3 prosentpoeng over forventa nasjonalt, medan studieførebuande ligg 2,0 prosentpoeng under.
Studiespesialisering, som omfattar dei største elevgruppene, viser eit svakt negativt avvik både for gutar og jenter. Fullføringsgraden er framleis høg, men resultata ligg to prosentpoeng under det som er forventa. Sidan elevtalet er svært stort, kan dette vere eit mønster som fortener nærare merksemd. Også på idrettsfag ligg resultata noko under forventa nivå, særleg for gutane.
Elevane sine føresetnader forklarer samtidig berre delar av resultata, og forhold ved læringsmiljø, opplæringsløp og programkultur kan også spele ei viktig rolle. Høge grunnskulepoeng gir ikkje nødvendigvis høgare fullført og bestått.
Fråvær
Fråvær er ein viktig indikator for elevane si tilknyting til opplæringa, og kan seie noko om trivsel, motivasjon og gjennomføring. Samstundes er årsakene til fråvær samansette: «Fraværet utvikles som følge av flere sammensatte faktorer, som både kan handle om skolen, egenskaper ved den enkelte elev eller familieforhold» (AFI-rapport 2026:05). Fråvær bør derfor ikkje tolkast åleine, men sjåast i samanheng med andre indikatorar.
Fråværet går ned på alle trinn og utdanningsretningar samanlikna med året før, i tråd med den nasjonale trenden. Nye fråværsreglar kan ha bidrege til nedgangen nasjonalt, men dette er enno for tidleg å slå fast. Vestland fylkeskommune har sett eit tydeleg måltal for fråværsarbeidet, noko som kan ha bidrege til den positive utviklinga. Nedgangen gjeld både gjennomsnitt og median, noko som tyder på ein brei utvikling, ikkje berre driven av enkelte elevgrupper.
Skulane rapporterer om fråvær i tilstandsrapportane sine. Rapporteringa viser høg merksemd rundt temaet, med konkrete tiltak ved bekymring og overordna tiltak for å styrkje eit inkluderande læringsmiljø. Under er eit samandrag frå tilstandsrapportane:
Systematisk oppfølging: Skulane har eigne nærværsteam og nyttar systematisk rettleiaren for oppfølging av fråvær i vidaregåande skular i Vestland. Faglærar eller kontaktlærar gjennomfører fråværssamtalar og tek raskt kontakt ved bekymring. Fråvær og nærvær er også fast tema i klasselærarråd, klasseteam og elevteneste/ressursteam.
Førebyggjande skulemiljø og gode overgangar: Skulane legg vekt på gode overgangar, mellom anna gjennom startsamtalar med nye elevar og føresette på Vg1. Trivselstiltak og lågterskeltilbod, som sosiale tiltak i kantina, tilpassa grupper i kroppsøving og bemanna lærings- og studiesenter, bidreg til å inkludere elevar som strever med å gå direkte inn i klasserommet.
Fleksible løp og tilpassa opplæring: Elevar med kronisk sjukdom eller store helseutfordringar kan få redusert fagmengd (deltid) eller utvida tid, slik at belastninga vert overkomeleg. Skulane nyttar òg praksisnær undervisning, bedriftspraksis, yrkesfagleg fordjuping (YFF) og tilpassa læringsarenaer som skapar meistring. Ordningar som ny, utsett og særskild eksamen (NUS) og meiropplæring vert brukte for å hindre at fråvær fører til manglande vurderingsgrunnlag (IV).
Individuell oppfølging og laget rundt eleven: Skulane har tett dialog med heimen, med tidleg involvering av føresette for elevar under 18 år. Ved samansette utfordringar samarbeider skulane tverrfagleg med Oppfølgingstenesta (OT), PPT, helsesjukepleiar, NAV, RLT og miljøterapeutar.
Fråvær vert registrert ulikt avhengig av type. Noko fråvær tel med i 10 %-grensa i enkeltfag og kjem på vitnemålet, medan anna fråvær ikkje gjer det. Berre fråvær som kjem på vitnemålet, vert brukt av Utdanningsdirektoratet (Udir) og fylkeskommunane som grunnlag i offisiell rapportering. Elevar som sluttar i løpet av året, er aldri med i fråværsstatistikken.
Fråvær kan målast som gjennomsnitt eller median, i dagar eller timar, eller samla som totalfråvær. Udir nyttar primært median, og forklarer det slik: «Det vil si at det er like mange elever som har verdiar over og under medianen. Medianen påvirkes mindre av ekstremverdier enn gjennomsnittet, og gir derfor et mer riktig mål på hvor høyt det normale fraværet for elever i videregående skole er.»
Same kva mål ein brukar, viser tala den same tendensen: Fråværet gjekk ned skuleåret 2025/26, for første gong på fleire år. Nedgangen gjeld alle utdanningsretningar og trinn, noko som tyder på ein generell og felles nedgang.
Ser ein på alle elevane under eitt, har over 50 prosent 5 prosent fråvær eller mindre. Om lag 10 prosent av elevane har 15 prosent fråvær eller meir.
Timefråværet aukar, både når ein ser på gjennomsnitt og median, medan dagsfråværet går ned. Det betyr at elevane har fått fleire fråværstimar, samstundes som talet på fråværsdagar går ned. Det kan vere fleire årsaker til utviklinga, mellom anna endringar i organiseringa av opplæringa. Elevane hadde eit medianfråvær på 3 dagar og 20 timar. Det totale fråværet er likevel lågare enn dei to siste åra.
Ser ein på median totalfråvær etter utdanningsretning, er fråværet høgast på påbygg og lågast på yrkesfag. Medianfråværet på påbygg er 5,2 prosent, medan yrkesfag har det lågaste fråværet samla sett. Den praktiske og yrkesretta opplæringa, med tydeleg kopling til framtidig yrke, kan bidra til å forklare kvifor yrkesfag har høgare motivasjon og nærvær
Vidare ser ein at median totalfråvær aukar med trinn. Fråværet er lågast på vg1 og aukar gradvis gjennom skuleløpet. Dette er eit mønster som går igjen i fleire årskull. Dette kan mellom anna ha samanheng med at påbygg, som har høgast fråvær, inngår i dei øvste trinna.
Tala viser òg ein viss forskjell mellom gutar og jenter. Målt i gjennomsnitt har jenter noko høgare fråvær enn gutar i alle kategoriar, bortsett frå vg3 studieførebuande. Ser ein på medianen, er forskjellen mindre tydeleg. Det kan tyde på at nokre elevar, særleg jenter, har svært høgt fråvær, og at desse trekkjer gjennomsnittet opp.
Samla sett viser tala ei positiv utvikling i fråværet samanlikna med åra før. Skulane rapporterer om tett oppfølging og gjennomfører generelle førebyggjande tiltak. Dette tyder på at målretta arbeid med nærvær og oppfølging bidreg til å redusere fråværet. Det er eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet med å sikre at fleire elevar er til stades, opplever tilhøyrsle og fullfører opplæringa.
Karakterar
I denne analysen blir karakterresultata for elevar i vidaregåande opplæring i Vestland presenterte og analysert. Karakterresultata må tolkast i lys av forskjellar i elevgrunnlag og utdanningsval, men kan samstundes gi viktig kunnskap om korleis opplæringa fungerer. Karakterfordelinga er svært stabil over tid. Samstundes aukar delen karakterar 6, medan delen karakterar 4 går ned. Dette reiser spørsmål om elevane er blitt fagleg sterkare, eller om karakterane blir fordelte annleis enn tidlegare.
Under ser ein prosentvis fordeling av alle karakterar som er gitt ved standpunkt og termin 2 dei siste åra. Som ein kan sjå er det lite endringar frå år til år, og at karaktergivinga i Vestland er svært stabil. På overordna nivå kan ein sjå at det er noko færre 4-arar som er gitt, ein nedgang frå 30,6 % til 28,9 %, samtidig er vert det gitt noko fleire 6-arar – frå 11,7 % til 14,5 %. Karakteren IV har auka noko dei siste åra, frå 1.4 % til 1,9 %. 1/3 av alle karakterane som vert gitt er ein femmar.
Totalt ser ein eit særs stabilt bilete av karaktergjevinga dei siste sju åra.
Under koronapandemien vart eksamenar avlyste. For å kunne samanlikne karakterfordelinga over tid ser vi derfor på perioden frå 2022/23 til 2025/26. Karakterfordelinga er stabil i denne perioden.
3,5% av elevane får karakteren 1, altså stryk dei på eksamen. Desse har rett på NUS-eksamen og meir opplæring.
Karaktergrunnlaget for standpunkt/termin 2 og eksamen kan ikkje samanliknast direkte. Eksamenskarakteren byggjer på ei avgrensa vurdering, medan standpunktkarakteren skal uttrykkje den samla kompetansen eleven har vist gjennom opplæringa, på eit breitt vurderingsgrunnlag. Samtidig kan det vere nyttig å undersøkje samanhengen mellom eksamens- og standpunktkarakterar i dei enkelte faga over fleire år. Det kan gi innsikt i utviklingstrekk, og gi grunnlag for refleksjon over vurderingspraksis.
Ser ein på gjennomsnittskarakteren av standpunkt og eksamen samla ved årsslutt så ser ein at det ikkje er store skilnader frå år til år, det er desimalar som skil det eine året frå det andre. Gjennomsnittskarakteren er altså jamn frå år til år.
Likevel - om ein ser på alle faga ser ein at det er enkelte fag som skil seg ut som «risikofag» for ikkje å fullføre. Når det gjeld stryk – karakteren 1 – gjeld det først og fremst matematikkfaga. Når det gjeld tal elevar som får IV – ikkje vurdering – er det kroppsøving.
Matematikk.
Matematikk er ikkje eitt fag med éin fagkode, men organisert i fleire kurs og fagkodar avhengig av utdanningsprogram, studieretning og nivå. Dette gjer analysar krevjande, sidan resultata må hentast frå fleire fagkodar og koplast saman systematisk for å gi eit samla bilete.
Faget skil seg også frå mange andre fag ved at kunnskapen er sterkt kumulativ. Manglande forståing av grunnleggjande omgrep tidleg i opplæringsløpet får derfor ofte direkte konsekvensar for vidare læring, og relativt små faglege utfordringar på vg1 kan utvikle seg til større problem seinare. Resultata i matematikk er dermed ikkje berre eit uttrykk for prestasjon i eitt fag, men også ein indikator på elevane sitt faglege grunnlag for vidare progresjon. Analysen tek difor utgangspunkt i hovudløpa 1P-Y, 1P og 1T, som gir eit meir robust grunnlag enn å sjå på kvar fagkode for seg.
Tala under har to grafar – del elevar som ikkje består, karakter 1 eller IV, samt ein graf der karakteren 2 er inkludert. Denne grafen syner eit kritisk punkt – elevar med 1, IV eller 2 manglar grunnleggande kunnskap i matematikkfaget.
Figuren over viser del elevar med karakter 1 eller IV i 1P-Y dei siste åra. Dei tre siste åra har denne delen lagt stabilt mellom 6 og 7 prosent. 1P-Y er ein samanslått kategori av matematikkfaga på yrkesfag.
Sidan 1P-Y gjeld elevar på yrkesfaglege program, kan resultata også sjåast i samanheng med overgangen til læreplass og arbeidsliv. 6-7 prosent av elevane kan derfor få utfordringar med den vidare opplæringa.
Inkluderer ein karakteren 2, blir risikobiletet vesentleg større. Ein elev som består med karakteren 2, har formelt oppnådd kompetanse i faget, men kan likevel ha eit svakt fagleg grunnlag.
For 1P er det ein større del elevar som får 1 eller IV. I tillegg er det ein stor del av elevane som får karakteren 2. Elevar som går studieførebuande må ha matematikk 1P eller 1T på vg1. 1T er noko meir krevjande fagleg, og elevar som skal velje realfag vidare må ha 1T på vg1.
Resultata i 1P viser at utfordringane i matematikk ikkje berre er knytte til yrkesfag. Ein relativt stor del elevar oppnår anten karakteren 1, IV eller 2 også på studieførebuande program.
Dette kan vere eit uttrykk for eit spenn mellom elevane sine føresetnader og krava i vidaregåande opplæring. Mange elevar kjem inn på studieførebuande program med mål om generell studiekompetanse, men møter raskt utfordringar i matematikkfaget.
Særleg bør ein vere merksam på at desse elevane ofte fullfører første året, men kan møte større utfordringar seinare i utdanningsløpet når matematikk blir ein flaskehals for vidare progresjon.
Grafen under viser matematikk 1T. I dette matematikkfaget er det færre stryk/IV og ein lågare andel ,men framleis eit høgt tal elevar som står i fare for å ikkje klare vidare progresjon i faget.
1T skil seg frå dei andre matematikkfaga ved at elevane som vel dette løpet ofte har sterkare faglege føresetnader og større interesse for realfag. Dette forklarar truleg den lågare delen med karakter 1 og IV.
Samtidig viser figuren at det framleis finst ei gruppe elevar med karakter 2. At også elevar som har valt eit meir teoretisk matematikkspor hamnar i risikosona, illustrerer at overgangane frå grunnskule til vidaregåande kan vere fagleg krevjande sjølv for elevar som på papiret har gode føresetnader. Det er derfor ikkje berre dei svakaste elevane som treng oppfølging i matematikk.
KS har gjennomført eit nasjonalt prosjekt som har sett nærare på gjennomføring i vidaregåande opplæring, både nasjonalt og på fylkesnivå. I prosjektet er mellom anna elevkulla 2008 og 2009 følgde i overgangen frå ungdomsskulen til vidaregåande opplæring, med særleg merksemd på karakterutvikling og fullføring.
Talmaterialet viser at matematikk er eit kritisk fag for elevane sine føresetnader for å fullføre vidaregåande opplæring, både nasjonalt og i dei fleste fylke.
Kartleggingar, resultatdata og profesjonsfaglege vurderingar viser behov for eit meir strukturert og langsiktig utviklingsarbeid i matematikk på tvers av skulane. Det er derfor starta opp eit utviklingsarbeid som skal sjå nærare på matematikkfaget. Målet er å etablere ei felles retning, styrkje profesjonsfellesskapet og utnytte kompetansen i organisasjonen betre. Elevane har ulike faglege føresetnader, frå svake grunnleggjande ferdigheiter til høgt læringspotensial. Dette stiller krav til lærarane sin fagdidaktiske kompetanse og til ei systematisk og kunnskapsbasert tilpassing av opplæringa.
Utviklingsarbeidet er forankra på alle nivå: Skuleeigar set den langsiktige retninga, skuleleiinga følgjer opp arbeidet lokalt, og lærarane vidareutviklar ein praksis som fremjar deltaking, motivasjon og meistring. Samarbeid med kommunane er ein sentral del av dette arbeidet.
Under er ei oversikt over karakterane i matematikk for elevar i 10. trinn frå Vestland. Rett under 30 % av elevane er i risikosona med karakteren 1, IV, karakteren 2 eller fritak frå vurdering. Om lag 7 % har fritak frå karakter i matematikk i 10. trinn. Denne gruppa kan representere elevar med omfattande behov for tilrettelegging og oppfølging. Skulane identifiserer elevar med svakt fagleg grunnlag frå ungdomsskulen. Samtidig er utfordringane kanskje så krevjande at det blir vanskeleg i stor nok grad sikre vidare progresjon i faget gjennom året på vg1.
At nær 30 prosent av elevane i Vestland anten har karakterane 1, IV, 2 eller fritak frå vurdering i matematikk ved avslutta grunnskule, er eit kritisk funn. Desse elevane utgjer ein stor del av elevgrunnlaget som vidaregåande opplæring skal byggje vidare på. Resultata kan derfor indikere at utfordringar i matematikk oppstår lenge før elevane møter vidaregåande opplæring.
Kroppsøving
Kroppsøving er også eit fag som bør viast merksemd. Medan matematikkfaget har flest elevar som får karakteren 1, har kroppsøvingsfaget flest elevar som får IV – ikkje vurdert til standpunkt. På vg1 får 3,3 % IV, medan det på vg2 og vg3 er 2,8 % og 1,5 %.
Figur under viser karakteren IV, 1 og 2 dei siste åra. I snitt fekk 2,7 % av elevane IV i kroppsøving skuleåret 2025/26. Dette gjeld 420 elevar.
Prosent elevar som får IV i kroppsøving er jamt fordelt over alle utdanningsprogram.
Figuren under viser karakterfordelinga i kroppsøving. Det er særleg verdt å merke seg at delen elevar som får karakteren 6 har nesten dobla seg. I underkant av halvparten av elevane får karakteren 5. Samstundes har delen med karakteren 3 og 4 gått ned. Til saman gir dette eit svært høgt karaktersnitt i faget. Det er vanskeleg å peike på éi enkelt forklaring, men fleire kroppsøvingslærarar peikar på at den nye læreplanen kan ha medverka. Læreplanen gir elevane fleire måtar å vise kompetanse på, mellom anna gjennom innsats, samarbeid, refleksjon og deltaking.
Samtidig har delen elevar som får IV i kroppsøving auka. Dette er eit viktig funn, særleg fordi auken skjer parallelt med at fleire elevar får dei høgaste karakterane. Kroppsøving skil seg frå mange andre fag ved at elevane i stor grad skal delta i praktiske aktivitetar og vise kompetanse saman med andre. For enkelte elevar kan dette vere krevjande, og elevar som er sårbare eller har låg meistringskjensle, kan derfor vegre seg for å delta.
Dette reiser spørsmålet om korleis opplæringa kan organiserast og tilpassast, slik at alle elevar opplever tryggleik og meistring, og får vist kompetansen sin. Det er òg i tråd med Vestland si satsing på tilpassa opplæring og ein inkluderande praksis, som skal møte ulike føresetnader og behov hos elevane.
Figur under syner karakterutviklinga i kroppsøvinga over fleire år. Dette stadfestar analysane over.
Figuren under viser tal frå grunnskulen i Vestland fylke. Sjølv om det er ein liten nedgang siste året, er det framleis 9% av elevane som fekk IV/1, karakteren 2 eller fritak frå faget.
Avdeling for opplæring og kompetanse samarbeider tett med Idrettsklynge Vest. I møteplassen kroppsøving vert det arbeida med ulike tiltak for å styrkja kroppsøvingsfaget. Det er bl.a. utarbeidd eit skjema for tilrettelegging i kroppsøvingsfaget som fastlegane skal bruka i møte med elevane. Tiltaket har som mål å få fleire elevar til å vera med i kroppsøvingstimane, i staden for å få legeerklæring om fritak.
Avdeling for opplæring og kompetanse har også etablert eit rammeverk for kompetanseutvikling. Rammeverket skal sikra eit samarbeid mellom faglærarar på tvers av skular. I dette samarbeidet vil kroppsøvingslærarane ha høve til å drøfta sentrale utfordringar i faget.
Sluttarar
Talet på elevar som sluttar i løpet av skuleåret har vore stabilt dei siste fire åra og ligg i 2025/26 på 3,4 prosent, totalt slutta 616 elevar skuleåret 2025/26
På overordna nivå framstår sluttartala som stabile dei siste fire åra. Trass i omfattande innsats for inkludering, oppfølging og tilpassa opplæring, er det framleis ei relativt stabil gruppe elevar som av ulike grunnar fell ut av opplæringa.
Om ein delar opp i kjønn og trinn, ser ein at totaltala ligg på 3,3 % for gutar og 3,4 % for jenter, der skilnadene primært ligg på utdanningsretning og trinn. Bortsett frå den høge sluttarprosenten på yrkesfag vg3, der det er få elevar, er det jenter på yrkesfag vg1 som skil seg negativt ut.
Enkelte høge eller låge prosenttal må tolkast med varsemd då elevgrunnlaget er lite. Dette gjeld særleg yrkesfag vg3, der små endringar i talet på elevar som sluttar kan gi store utslag i prosent.
Ein finn eit klart mønster om ein ser på trinn og utdanningsretning. Det er flest sluttarar på vg1, så færre på vg2 og noko mindre på vg3. Vidare er det yrkesfag og påbygg som har fleire sluttarar enn studieførebuande.
Omtrent halvparten av alle sluttarar i vidaregåande opplæring finn ein på vg1. Sluttarprosenten er om lag dobbelt så høg som på vg2 og vg3. Dette peikar på at overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring framleis er ein kritisk fase i opplæringsløpet. Når elevane først har etablert seg i vidaregåande opplæring, ser risikoen for å slutte ut til å bli vesentleg redusert.
Sluttarandelen er gjennomgåande høgare på yrkesfag enn på studieførebuande utdanningsprogram. Samtidig rekrutterer dei ulike utdanningsretningane elevar med ulike føresetnader, karaktergrunnlag og motivasjon for vidare utdanning. Forskjellane i sluttartal må derfor ikkje tolkast som eit uttrykk for at enkelte utdanningsprogram «lukkast dårlegare», men må sjåast i samanheng med ulik elevsamansetjing og ulike utdanningsløp.
Skulane rapporterer om følgjande i tilstandsrapportane:
Årsakene til at elevar avbryt opplæringa samlar seg i hovudsak kring fire forhold: Feilval av utdanningsprogram eller misforhold mellom forventningar og skulekvardag, samansette helseutfordringar og langvarig skulevegring, samt låge inntakspoeng frå grunnskulen og fråvær som fører til manglande vurderingsgrunnlag (IV). I tillegg handlar ein del av det registrerte avbrotet ikkje om passivt fråfall, men om at elevane reelt sett går over i ordinært arbeid, læretid eller andre oppfølgingstilbod i regi av Oppfølgingstenesta (OT) eller NAV.
Overgangar
Gode overgangar mellom ulike fasar i opplæringsløpet er avgjerande for at fleire ungdommar skal fullføre vidaregåande opplæring. For å redusere fråfall er det derfor viktig med tett og systematisk oppfølging av elevane i overgangane mellom dei ulike opplæringsnivåa. Dette gjeld ikkje berre overgangen frå grunnskule til vidaregåande opplæring, men også vegen vidare frå opplæring til arbeidsliv.
Overgangen til læreplass kan vere særleg krevjande for mange elevar. God kjennskap til arbeidslivet, kombinert med eit målretta og systematisk formidlingsarbeid, kan gjere denne overgangen enklare. Vestland fylkeskommune har etablert ein godt utvikla formidlingsstruktur, der skulane har ei sentral rolle og ansvar for formidling av elevar til lærebedrifter.
Vestland fylkeskommune har utvikla ei informasjonsside, der kommunane kan sjå korleis overgangen frå ungdomsskolen til vidaregåande skule har gått. Sida finn ein her.
Det er utfordringar i dei ulike overgangane når ein ser på trinn og utdanningsretning.
Progresjon betyr at eleven går vidare i opplæringsløpet, til dømes frå vg1 til vg2, frå vg2 til vg3 eller til læreplass.
Overgangar studieførebuande.
Tala under syner status året etter vg1 og vg2 studieførebuande.
I overgangen etter vg1 studieførebuande går om lag 93-94 % direkte over til vg2. Om lag 4 % tek vg1 på nytt – same eller eit anna – og om lag 2-3 % sluttar. Tala er stabile frå år til år.
Overgangen etter vg1 studieførebuande framstår som stabil over tid. Fleirtalet av elevane går direkte vidare til vg2, medan berre ein liten del sluttar eller tek vg1 på nytt.
I overgangen etter vg2 studieførebuande er det ennå fleire med direkte overgang til vg3. Talet har dei siste åra vært på over 96 %.
Den svært høge overgangen frå vg2 til vg3 på studieførebuande utdanningsprogram viser at dei fleste elevane følgjer eit relativt samanhengande og føreseieleg opplæringsløp. Skilnadene frå år til år er små, noko som tyder på stabile overgangsmønster. Samla sett framstår denne overgangen som den minst utfordrande i vidaregåande opplæring.
Overgangar yrkesfag
I overgangen etter vg1 yrkesfag er det fleire som tek vg1 på nytt (8-9 %) og om lag 7 % som sluttar. Overgangen etter vg1 yrkesfag er meir krevjande enn på studieførebuande utdanningsprogram. Fleire elevar tek vg1 på nytt, og delen som sluttar er høgare.
For nokre elevar fører dette til omval eller skifte av utdanningsprogram. Sjølv om omval inneber at progresjonen blir forseinka og kan gje auka kostnader for samfunnet, kan det samtidig vere eit viktig verkemiddel for å forhindre fråfall. Ei utdanning som opplevast som relevant og motiverande vil ofte gi betre føresetnader for gjennomføring på sikt enn å halde fram i eit opplæringsløp eleven ikkje meistrar eller trivst med.
Overgangen etter vg2 yrkesfag er den mest kritiske og mest kompliserte overgangen.
Overgangen etter vg2 yrkesfag skil seg frå dei andre overgangane ved at det ikkje finst eitt naturleg neste steg for alle elevar. Nokre går til læreplass, andre til påbygg, planlagt vg3, alternativ vg3 eller andre opplæringsløp. Dette gjer at overgangstala må tolkast annleis enn for studieførebuande utdanningsprogram.
Målet er at flest mogleg elevar som ønskjer fag- eller sveinebrev skal få læreplass. Samstundes er det mange elevar som nyttar yrkesfag som veg til påbygg og studiekompetanse, medan andre treng meir tid eller vel alternative opplæringsløp. Høg kvalitet i overgangane handlar derfor ikkje berre om kor mange som går til lære, men om kor mange som har ein planlagt og meiningsfull progresjon vidare i utdanning eller arbeid.
Under er tala for skuleåret 2025/26, fordelt på utdanningsprogram.
Tabellen viser store skilnader mellom utdanningsprogramma. På Bygg- og anleggsteknikk og Teknologi- og industrifag går om lag tre av fire elevar vidare til lære. Dette illustrerer den sterke koplinga desse programma har til arbeidslivet og den tradisjonelle fagbrevsmodellen.
På andre program er biletet eit anna. Helse- og oppvekstfag, Salg, service og reiseliv og Håndverk, design og produktutvikling har ein langt større del elevar som går vidare til påbygg. For desse programma fungerer yrkesfag i større grad som eit grunnlag for vidare utdanning enn som ei direkte rekrutteringsordning til læreplass.
Samstundes er det grunn til å vere merksam på dei relativt høge delane med «slutta/ukjent» på enkelte utdanningsprogram. Dette gjeld særleg Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign, IT og medieproduksjon og Salg, service og reiseliv. Tala kan peike mot utfordringar i overgangen mellom skule og vidare opplæring eller arbeid, og bør analyserast nærare over tid. Her må ein merke seg at enkelte av utdanningsprogramma har få elevar, sjå elevtal i tabellen over.
Ser ein på tala historisk, har dei fleste elevane ein eller annan form for progresjon etter vg2 yrkesfag. Progresjon vert her rekna som alle overgangar bortsett frå omval og slutta/ukjent.
Over tid har delen elevar med ein eller annan form for progresjon etter vg2 yrkesfag vore høg og relativt stabil.
Auken i samla progresjon dei siste åra kan tolkast som eit uttrykk for at fleire ungdomar finn alternative vegar vidare når den tradisjonelle overgangen ikkje er aktuell. Dette kan vere positivt dersom alternativa bidreg til at fleire oppnår studiekompetanse, fagbrev eller annan sluttkompetanse på lengre sikt.
Avslutning/oppsummering
Temaplan med tilhøyrande handlingsprogram har gjeve tydelege styringssignal over fleire år, og me ser no fleire positive utviklingstrekk. Fråværet går ned for første gang på fleire år, og karaktersnittet er det høgaste på sju år. Samtidig er bilete samansett. Resultata for fullført og bestått går ned, og talet elevar på deltid aukar kraftig. Dette er ei utvikling som krev merksemd. På den andre sida kan det tolkast som ei tilpassing til fullføringsreforma, der målet er at fleire kan fullføra og bestå gjennom meir fleksible og tilpassa løp.
Resultata identifiserer også enkeltfag og elevgrupper som må følgjast opp med målretta tiltak. Me må møte dei konkrete utfordringane me ser på kort sikt, samtidig som tiltaka må inngå i ei heilskapleg tilnærming til læring, motivasjon, meistring og tilhøyrsle. Den nye regionale planen vil gi nye styringssignal og peike ut retninga for det vidare arbeidet. Det gir oss eit godt høve til å byggje vidare på det som fungerer, og samtidig utvikle skulen i møte med dei utfordringane vi ser.
Resultat pr. skule er lagt ut på oversiktsida Skuleårsresultat