Kva lindrar angst for tannbehandling hos pasientar med traumehistorikk: ein kartleggingsoversikt
Prosjektet har som mål å undersøkje kva psykologiske intervensjonar som kan lindre angst for tannbehandling hos pasientar som har opplevd tortur, overgrep eller som lid av tannlegeskrekk.
Prosjekt
Gjennom ein omfattande litteraturgjennomgang (scoping review) vil prosjektet identifisere effektive behandlingsmetodar for desse pasientgruppene. Det langsiktige målet i tannhelsetenesta er å bidra til betre helse og livskvalitet for mellom anna desse sårbare pasientgruppene gjennom TOO-prosjektet. Difor er det behov for å identifisere kva forsking som finst, samt avdekkje kunnskapshol for å kartleggje behovet for vidare forsking.
Prosjektleiar
Regina Skavhellen Aarvik, TkVestland
Prosjektmedarbeidarar
- Maren Lillehaug Agdal, TkVestland
- Karin Goplerud Berge, TkVestland
- Emilie Bryne, Tannhelsetjenestens kompetansesenter Rogaland
Prosjektet blir utført ved Tannhelsetenesta sitt kompetansesenter i Bergen og Rogaland, og litteratursøket er gjort i samarbeid med medisinsk bibliotekar ved Universitetet i Oslo.