Tilvisingar til spesialist i kjeve- og ansiktsradiologi - kartlegging av tilvisningsspraksis
Prosjektet er ein retrospektiv gjennomgang av tilvisingar til kjeve- og ansiktsradiolog ved TK Vestland. Det overordna målet er å kartlegge kva kliniske problemstillingar som vert tilvist til CBCT undersøking, ein bildemodalitet som mogleggjer gransking av tenner og kjevebein i fleire plan.
Gjennom oversikt over kliniske problemstillingar og ultimat kva diagnostisk informasjon som kan hentast ut av undersøkingane er prosjektet eit ledd i arbeidet med kvalitetssikring av bildediagnostiske metodar og strålevern (grunngjeving og optimalisering).
Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
- Prosjektleiar, forskar Malin V. Jonsson og forskingsleiar Ellen Berggreen
- Prosjektmedarbeidar, forskingsassistent Linda C. Kleppe Hasselgren