Sjølvrapportert oppleving av tvang ved tannbehandling
Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland har i samarbeid med Universitetet i Oslo frå 2019–2022 gjennomført ein spørjeundersøking og ein tannhelsejournalgjennomgang som omhandlar barn og ungdommar si erfaring med tvang ved tannbehandling. Resultata er presentert i to artiklar publisert i European Archives of Paediatric Dentistry.
Totalt var det 2,9 prosent av 17-åringane og 4,2 prosent av 9-åringane som rapporterte om fysisk tvang ved tannbehandling i Hordaland. Dei som hadde opplevd fysisk tvang hadde signifikant høgare frykt for tannbehandling, lågare tillit til tannlegar, dårlegare oral helse og høgare total tidsbruk i tannhelsetenesta samanlikna med dei som ikkje hadde opplevd fysisk tvang. Tannhelsejournalane hadde svært avgrensa informasjon om tvangsbruk, og det var ingen signifikant samanheng mellom pasient-rapportert opplevd tvang og journalført tvang.
Les artiklane her
Artikkelforfattarar: Regina Skavhellen Aarvik, Edel Jannecke Svendsen og Maren Lillehaug Agdal.