Samanhengen mellom oral helse og helserelatert livskvalitet blant norske pasientar i legemiddel assistert rehabilitering (LAR)

Denne studien tok sikte på å måle samanheng mellom oral helserelatert livskvalitet målt ved OIDP skalaen og generell helse relatert livskvalitet målt ved skalaen EQ-5D-5L.

Oral helse har blitt kalla eit vindauge til den generelle helsa og den generelle helsa kan forbetrast ved å avhjelpe odontologiske problemstillingar. Undersøkingar i den generelle populasjonen har stadfesta positive samanhengar mellom oral helse og generell helse målt ved ulike indikatorar. Funna er ikkje konsistente og det er usikkert om funn i den generelle befolkninga kan generaliserast til grupper med spesifikke sjukdommar som for eksempel LAR-pasientar.

Resultata frå denne studien viste ein høg positiv korrelasjon som reflekterer at oral helse har betydning for generell helse blant LAR-pasientar.

Les artikkelen her

Artikkelforfattarar:

Åstrøm AN, Vold JH, Aas CF, Johansson KA, Fadnes LT