Samanhengen mellom opplæring om vald, overgrep og vanskjøtsel og innsending av bekymringsmeldingar til barnevernstenesta, ein tverrsnittstudie blant offentleg tannhelsepersonell i Noreg.
Denne studien baserer seg på data frå ei elektronisk spørjeundersøking gjennomført blant 1238 tannlegar og tannpleiarar i den offentlege tannhelsetenesta i Noreg i 2019. Studien er ein del av forskingsprosjektet Barn i risiko og oral helse.
Målet med studien var å undersøke om det er ein samanheng mellom tannhelsepersonell si opplæring knytt til avdekking av vald, overgrep og vanskjøtsel og utøving av meldeplikta/opplysingsplikta.
Fyrst undersøkte ein om det var samanheng mellom opplæring siste tre år (2016 til og med 2018) og innsendte bekymringsmeldingar i same periode. Vidare undersøkte ein om det var ein samanheng mellom uttrykt behov for opplæring og innsendte bekymringsmeldingar.
Studien viste at 50 % av offentleg tannhelsepersonell hadde sendt bekymringsmelding til barnevernet i perioden 2016 til og med 2018.
Denne studien viser at det er ein samanheng mellom tannhelsepersonell si opplæring knytt til avdekking av vald, overgrep og vanskjøtsel og utøving av meldeplikta/opplysingsplikta. Det var meir sannsynleg at tannhelsepersonell som hadde mottatt opplæring i 2016-2018 hadde sendt bekymringsmeldingar til barnevernstenesta samanlikna med dei som ikkje hadde motteke opplæring. Sannsynlegheita for å ha sendt bekymringsmelding auka med antall dagar med opplæring.
For å styrka tannhelsepersonell i si utøving av meldeplikta/ opplysningsplikta er det viktig å sikra tannhelsepersonell regelmessig opplæring.
Du kan lese artikkelen her
Artikkelforfattarar: Nancy Birungi, Karin Goplerud Berge, Anne Nordrehaug Åstrøm, og Ingfrid Vaksdal Brattabø.