Psykologiske intervensjonar for tannbehandlingsangst hos vaksne med traumeerfaringar – ein kartleggande litteraturstudie
Denne studien undersøkte kva for psykologiske behandlingar som finst for å redusere tannbehandlingsangst hos vaksne med ei historie prega av overgrep, tortur eller sterk tannbehandlingsangst.
Gjennom ein scoping reviewav 1743 artiklar frå perioden 1984 til 2024, blei 39 studiar inkludert. Desse studiane viste at kognitiv åtferdsterapi (CBT) er den mest brukte behandlinga, ofte med gode resultat. Andre behandlingsformer som vart identifiserte, var blant anna eksponeringsterapi via mobiltelefon eller VR-briller, EMDR (Eye Movement Desensitization and Reprocessing), avspenning, psykoedukasjon og traumebevisst tilnærming.
Ein hovudkonklusjon frå studien var at det er svært lite forsking som spesifikt undersøker behandling av tannbehandlingsangst for pasientar som har vore utsette for tortur eller overgrep. Studien viste også at mange studiar ikkje rapporterer om komorbiditetar eller fråfall, noko som gjer det vanskeleg å vurdere effekt for sårbare pasientgrupper.
Studien understrekar behovet for meir forsking på denne pasientgruppa for å sikre at behandlingstilboda er tilpassa deira potensielt særskilde behov.
Les heile artikkelen her
Artikkelforfattarar:
Regina Skavhellen Aarvik, Karin Goplerud Berge og Maren Lillehaug Agdal ved Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland, og Emilie Bryne ved Tannhelsetenesta kompetansesenter Rogaland.