Klinisk bruk av CBCT: en retrospektiv studie basert på tilvisingar til kjeve- og ansiktsradiolog ved TkVestland og Institutt for klinisk odontologi.
Tal på utførte CBCT undersøkingar har økt jamt dei siste 12 åra, både i hele Norge og i Vestland fylke. Målet med studien var å undersøkje CBCT-tilvisingar til to store spesialistklinikkar i Vestland.
Studien inkluderte 2680 tilvisingar for CBCT undersøking (1471 tilvisingar til IKO og 1209 tilvisingar til TkVestland). Dei vanlegaste kliniske indikasjonane for tilvising var impakterte tenner (29%), endodontisk problemstilling (17%), leppe- kjeve og gane spalte (12%) og resorpsjonar (10%). Dei fleste tilvisingane var frå spesialist tannlegar som kjeveortopeder, oral kirurger og endodontister. 20% av tilvisingane var frå allmenntannlegar. For dei fleste tilvisingane så støtta den kliniske indikasjonen bruk av CBCT undersøking.
Du kan lese hele artikkelen her
Artikkelforfattarar: Marianne L. Vollan, Linda C.K. Hasselgren, Xie-Qi Shi og Malin V. Jonsson