Forskarar frå TkVestland deltok på forkingsfestivalen Science is Wondeful!
Randi Bertelsen og Tuva Norderud Jensen frå TkVestland deltok på en stor forskingsmesse for barn i Brussel saman med tannlege og Ph.d.-student ved UiB, Anders Røsland. Festivalen, Science is Wonderful! ble arrangert for 10. år på rad og i år var meir enn 5000 skolebarn og ungdommar påmeldt.
Arrangementet er initiert av EU-kommisjonen og Marie Skłodowska-Curie Actions. For første gang ble også forskarar med prosjekt finansiert av European Research Council (ERC) invitert til å delta og Randi Bertelsen blei valt ut som deltakar med ERC Starting Grant prosjektet BRuSH.
På festivalen deltok forskarane med stand «BRUSH for healthy lungs», og det var forskjellige aktivitetar som barna kunne delta på. Barna kunne blant anna sjå på bakteriar i mikroskop, teste lungefunksjon, teste plakkfarging og bli instruert i god tannpuss og dei kunne sjå animasjonsfilm om korleis bakteriar reiser frå munnhola til lungene.

Forskarane frå TkVestland og UiB synast dette var inspirerande og ei kjempegøy oppleving og dei håper nå å kunne dele dei same aktivitetane med skolebarn og andre i Bergen på forskingsdagane som arrangerast i september. Kanskje deira forsking kan inspirere neste generasjons forskarar.
