Behandling av tannskader i den offentlege tannhelsetenesta: ein kvalitativ utforsking av opplevde utfordringar og behov
Behandling av unge pasientar med tannskader kan være utfordrande. Mykje er skrive om belastning for pasientar med tannskader, men lite er kjent om kva utfordringar tannlegar opplever i behandlingssituasjonen.
Denne studien blei utført blant tannlegar i den offentlege tannhelsetenesta i Vestland og data ble innsamla gjennom fokusgruppediskusjon. Allmenntannlegar i studien opplevde behandling av alvorlege tannskader som komplekse prosedyrar som krev solid teoretisk kunnskap, klinisk erfaring, tekniske ferdigheiter samt godt samarbeid mellom ulike tannhelsepersonell. Gode rutinar for å ta imot pasientar med tannskader og regelmessig etterutdanning i traumatologi var etterspurt som tiltak for å betre kvalitet på behandling samt styrke tannleganes kunnskap og ferdigheiter.
Du kan lese artikkelen her
Artikkelforfattarar: Andjelka Cvijic, Monika Kvernenes, Anne N. Åstrøm, Georgios Tsilingaridis, Athanasia Bletsa