Årsaker til at tannhelsepersonell unnlet å utøve meldeplikta
Helsepersonell i Norge er lovmessig forplikta å melde til barnevernet dersom det er grunn til å tro at et barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller annan alvorleg omsorgssvikt.
Denne studien baserast på data frå prosjektet ‘Barn i risiko og oral helse’ og søker svar på følgande spørsmål; Kor stor del av tannlegar og tannpleiarar bekreftar årsaker til å unnlate meldeplikta og korleis varierer årsaksstruktur med haldningar til barnevernet?
En tredjedel av deltakarane i spørjeundersøkinga bekrefta å ha unnlate å utøve meldeplikta. Av disse bekrefta 57% positive haldningar til barnevernet og 40% hadde nøytrale haldningar til barnevernet, mens 3% bekrefta negative haldningar. Dei hyppigaste oppgitte enkeltårsaka var ‘usikkerheit på egne vurderingar’ og ‘redsel for å ta feil’, mens ‘redsel for korleis barnevernet ville handtere meldinga’ var mindre hyppig. Årsaksmønsteret varierte etter positive og negative haldningar til barnevernet. Enkeltårsakene ’redd for kva som kunne skje med barnet’, ‘redd for korleis barnevernet handterer meldinga’ var hyppigare hos deltakarane med negative haldningar til barnevernet. Resultata antydar at kunnskap om barnemishandling og omsorgssvikt bør styrkes i Den offentlege tannhelsetenesta.
Du kan lese artikkelen i Tannlegetidende her
Artikkelforfattarar: Elias Ødmann Borgmo, Sophie Elise Djupevåg, Karin Goplerud Berge, Ingfrid Vaksdal Brattabø og Anne Nordrehaug Åstrøm