Temaplan tannhelsetenesta

Vestland tannhelseteneste har utarbeidd ein strategisk plan for korleis den offentlege tannhelsetenesta i Vestland fylke skal sørge for nødvendig førebygging og behandling for alle som bur eller midlertidig oppheld seg i fylket vårt.

Temaplanen blei vedteken 2. oktober 2024 og skal vare frå 2024 til 2036. Planen gir retning for den offentlege tannhelsetenesta i Vestland og er delt inn i fire ulike satsingsområde: 

  1. Førebygging og helsefremming
  2. Kompetanse og forsking
  3. Kvalitet og pasienttryggleik
  4. Berekraftig organisering

Du kan lese heile planen her. 

Ta kontakt med staben i Vestland tannhelseteneste om du har spørsmål til temaplanen.