Personvernerklæring for pasientar i den offentlege tannhelsetenesta

Denne personvernerklæringa handlar om korleis tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune samlar inn og brukar/behandlar personopplysingar etter personopplysningslova.

Alle tilsette i tannhelsetenesta er underlagt teieplikt. Alle opplysningar vi får om alle pasientar blir behandla og ivaretatt etter gjeldande lover og reglar.

Tannhelsetenesta registrerer alle pasientar sine person- og helseopplysningar i eit elektronisk pasientjournalsystem (EPJ).

Berre tannhelsepersonell som gir eller administrerer tannhelsehjelp har tilgang til pasientjournalen din.

Kva for person- og helseopplysningar blir lagra?

Desse personopplysingane blir lagra i pasientjournalen:

  • Nødvendige personopplysningar med namn, personnummer, adresse, telefon, eventuelt føresette. For aldersgruppa 0–24 år blir personopplysningane innhenta frå Folkeregisteret.
  • Generelle helseopplysningar som kan vere av betydning for den helsehjelpa som tannhelsepersonell yt. Helseopplysningar blir innhenta direkte frå pasienten sjølv enten via sjølvutfylt helseskjema eller gjennom samtale mellom pasient og behandlar.
  • Spesifikke helseopplysningar for tenner og munnhole slik dei kjem fram ved den kliniske undersøkinga.

Utlevering av person- og/eller helseopplysningar

Tannhelsetenesta vil normalt ikkje utlevere person- og/eller helseopplysningar frå dataarkivet til andre.

Med samtykke frå pasienten sjølv kan utlevering skje:

  • Ved bytte av tannlege - og det er eit ønske om å overføre person- og/eller helseopplysningar til den nye behandlaren
  • Ved behov for tilvising til spesialist
  • Ved ønske om innsyn i eigen journal/personopplysingar. Dette kan skje i form av utlevering av kopi eller utskrift av eigen journal.

Tryggleik

Vi har fokus på informasjonstryggleikstiltak og interne rutinar for å verifisere at ingen personopplysningar kjem på avvegar eller blir brukte til andre føremål enn dei det er opplyst om i denne personvernerklæringa. 

Rettane dine overfor Vestland fylkeskommune

Du har rett til å bli informert om vår behandling av personopplysningane dine. Difor er denne personvernerklæringa tilgjengelig for deg.

Retten til innsyn

Du kan be om informasjon om korleis vi behandlar personopplysningane dine, inkludert informasjon om kvifor, kvar vi har henta personopplysningane frå, kva for kategoriar av personopplysningar som blir behandla, kven vi leverer ut personopplysningar til og kor lenge vi lagrar personopplysningane dine.

All informasjonen som er lista opp over, finn du her i denne personvernerklæringa. Du kan òg be om ein kopi av personopplysningane som vi behandlar om deg.

Retten til korrigering

Du kan be om at personopplysningar som er feil eller ufullstendige, blir retta eller supplerte.

Retten til sletting

Du kan be oss om å slette personopplysningane dine dersom visse vilkår er oppfylte, til dømes dersom vi har behandla personopplysningane dine på ulovleg vis eller lenger enn nødvendig.

Retten til avgrensa behandling

Du kan krevje at behandlinga av personopplysningane dine blir avgrensa dersom du ikkje godtek at dei er rette, at behandlinga er lovleg eller nødvendig, eller dersom du har protestert mot behandlinga og vi har godtatt protesten.

Behandlinga blir avgrensa frå protesten er levert og så lenge som det tar oss å vurdere protesten. Dersom behandlinga skal avgrensast, har vi berre lov til å lagre dei avgrensa personopplysningane og treng ditt samtykke til anna behandling. Dette gjeld med mindre vi må behandle personopplysningane i samband med juridiske saker, for å verne andre sine rettar eller dersom behandlinga er av offentleg interesse.

Retten til å protestere

Du kan protestere mot behandlinga av personopplysningane dine dersom du meiner at vi ikkje har rett til å behandle personopplysningane dine. I slike tilfelle kan vi berre halde fram med behandlinga dersom vi kan vise til rettkomen interesse som veg tyngre enn interessene, rettane og fridomane dine. Vi kan uansett behandle personopplysningane dine dersom slik behandling er lovpålagd eller nødvendig for å fastsetje, gjere gjeldande eller forsvare eit rettskrav.

Retten til dataportabilitet

Du kan be om at personopplysningane du har overlevert til oss for behandling på grunnlag av ditt samtykke, blir sende til deg i eit strukturert, vanleg og maskinlesbart format. Du har òg rett til å be om at vi overfører slik informasjon til ein annan behandlingsansvarleg. 

Retten til å klage til Datatilsynet

Dersom du er misnøgd med vårt svar eller meiner at vi behandlar opplysningane dine i strid med personvernregelverket, kan du klage til Datatilsynet. Her finn du informasjon om klageprosedyren.

Kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål om behandlinga av personopplysningane dine, kan du sende e-post til personvernombodet i Vestland fylkeskommune.