Kven kan få offentleg tannhelsetilbod?
I dei fleste tilfelle må alle over 26 år betale tannlegeutgiftene sine sjølve, men det er unntak. Sjå òg prisliste.
Prioriterte grupper
Desse har krav på gratis tannhelsetilbod i den offentlege tannhelsetenesta:
- Barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år
- Personar med psykisk utviklingshemming
- Personar som bur på institusjon eller som tar i mot heimesjukepleie i meir enn tre månadar
Tannhelsetilbod for andre grupper
Andre grupper som kan ha rett til å få dekka heile eller delar av utgiftene til tannbehandling:
- Rusavhengige under legemiddelassistert rehabilitering, heroinassistert behandling eller som tar i mot kommunale helsetenester
- Innsette i fengsel
- Personar utsett for tortur, overgrep eller som har sterk angst for tannbehandling
Rabatt for unge mellom 19-26 år
19-26-åringar får 75 prosent rabatt på tannbehandling. Du må ha budd 5 år eller meir i Noreg for å få rabatt.
Trygderefusjon
Ved nokre definerte sjukdomar eller tilstandar kan du ha rett på stønad til tannbehandling frå folketrygda. Det er tannlegen som tar stilling til om du har rett på slik støtte.
Ikkje råd til tannbehandling?
Har du dårleg råd kan du søke NAV om støtte til tannbehandling (sosial stønad). Kontakt ditt lokale NAV-kontor.