Du har rett til å klage

For at tannhelsetenesta skal vere best mogleg, er det viktig at vi får tilbakemelding dersom du ikkje er nøgd med arbeidet vi gjer.

Vi ønsker at du skal vere nøgd med våre tenester, men misforståingar og feil kan skje. Du som pasient eller pårørande kan klage om du opplever å ikkje få den hjelpa du har krav på eller du ikkje er nøgd med service, informasjon eller behandling hos oss.

Slik går du fram for å klage

  1. Ta kontakt direkte med den som har behandla deg eller tannklinikken din. Dersom de saman finn ei løysing du er nøgd med, blir saka avslutta.

  2. Er det vanskeleg å løyse saka på denne måten, kan du klage skriftleg til områdeleiar ved å fylle ut digitalt skjema ved å trykke på grøn knapp til høgre. 

    Om du ønsker å sende klage per post, så kan du ta kontakt med tannklinikken for å få utdelt klageskjema eller sjølv skrive ut dette klageskjema (pdf) for fysisk innsending.

  3. Viss du ikkje er nøgd med leiar si behandling av saka, eller klagen gjeld leiaren eller tilsette i staben til fylkestannlegen, blir klagen behandla av fylkestannlegen. Dersom du ikkje er nøgd med fylkestannlegen si handsaming kan du klage til Statsforvaltaren i Vestland. Frist for å klage vidare er fire veker.


  4. Klage til Statsforvaltaren skal vere skriftleg. Klagen skal vere underteikna av deg eller ein som representerer deg. Klagen skal innehalde det du klagar på, og opplysningar du meiner har betydning for behandling av klagen.

  5. Du kan også få hjelp hos Pasient- og brukerombodet i ditt område.

Merk at denne klageordninga berre gjeld klagar på offentlege tannhelsetenester. Ønsker du å klage på private tannklinikkar så ta kontakt med lokalt Helsetilsyn (Statsforvaltaren i Vestland. 

Dersom den private tannlegen er medlem av Den norske tannlegeforening kan klagen sendast til lokal klagenemd. Du finn meir informasjon om klagerettar på nettsidene deira.