Tannhelsetilbod til 19-26-åringar
Frå det året du fyller 19 år, og ut det året du fyller 26 år, kan du ha rett på nødvendig tannbehandling til 75 prosent rabatt i den offentlege tannhelsetenesta.
Tannhelsetilbod til 19-26-åringar
Alle som er 19 - 26 år, og som har budd meir enn fem år i Noreg, kan ha krav på 75 prosent rabatt på nødvendig behandling ved offentleg tannklinikk. Dersom du ikkje allereie har avtale om oppfølging på offentleg tannklinikk, men ønsker det, så kan du ta kontakt med din offentlege tannklinikk.
Tannregulering, som brukast for å behandle bittavvik og tannstillingsfeil. og Endring av utseende på tennene, som tannbleiking o.l.tannbehandling gir ikkje rabatt.
Les meir om dine rettar på Helse Noreg: Tannbehandling for unge vaksne.
Kva gjer du som er 19-26 år for å få tannhelsetilbod med rabatt?
- Ta kontakt med din offentlege tannklinikk, dersom du ikkje allereie har time eller avtale om oppfølging hos offentleg tannklinikk. Finn din tannklinikk.
- Dersom din tannklinikk ikkje har kapasitet til å ta deg inn på noverande tidspunkt, kan du bli vist vidare til ein anna offentleg tannklinikk eller bli sett på venteliste. Om du får akutte problem i ventetida, så ta kontakt på ny med din tannklinikk.
Det er di folkeregistrerte adresse som avgjer kva tannklinikk du høyrer til. Dersom du har midlertidig adresse i andre delar av fylket eller landet, så ta kontakt med den offentlege tannklinikk som er nærast di midlertidige adresse. Studentar eller andre med midlertidig adresse i Bergensområdet kan ta kontakt med Viken tannklinikk.
Behandling utført privat og innsendte refusjonskrav
Om du har hatt tidlegare avtale om å gå privat og har søkt om refusjon frå fylket i løpet av 2024 vil søknaden din bli behandla fortløpande. Det kom mange refusjonskrav i 2024 som er under behandling og det vil ta omlag 2-3 månadar frå du sendte inn søknaden til den blir utbetalt. Du får ikkje brev om at du har fått refusjon, så sjekk gjerne kontoen din om du er usikker.
I 2025 skal du ikkje måtte legge ut for meir enn eigenandelen din hos offentleg tannklinikk eller hos privat spesialist som den offentlege tannklinikken har tilvist deg til. Skjemaløysinga for refusjon er derfor avvikla frå 1.1.2025.
For privat tannhelsepersonell
Du som er privat behandlar finn meir informasjon under 19-26 åringar på sida "For samarbeidspartane til tannhelsetenesta".