Malar og verktøy

Her finn du informasjon og lenke til mal og verktøy for folkehelseoversikt, handelsanalyse og PANDA (eit verktøy for regional analyse).

Scenario Vestland 2040

Scenarioa er utvikla som eit bidrag til kunnskapsgrunnlaget for Utviklingsplan for Vestland 2024-2028, som er vår regionale planstrategi. Scenarioa kan brukast til å stimulere til nytenking og politisk debatt om korleis vi kan ta val og førebu Vestland på korleis utviklinga blir framover.

Bruk scenario Vestland 2040 til å starte ein strategisk dialog, og til å inspirere og provosere til diskusjon. Gjerne ta dei i bruk om det trengst å utfordre meiningar og trekke inn nye perspektiv. Alle scenario-forteljingane har ei rekke forslag til spørsmål ein kan bruke.

Scenario Vestland 2040

Verktøy for folkehelseoversikt i kommunane

Kommunen skal skaffe nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative faktorane som kan verke inn på denne. Informasjon om folkehelse skal ligge til grunn for arbeid knytt til plan- og bygningslova, og vere eit grunnlag for planstrategien.

Det kan vere krevjande å sikre ein god prosess og å velje ut relevant statistikk. Fylkeskommunen skal understøtte lokalt folkehelsearbeid i kommunane. For å bistå kommunane med dette lovpålagde arbeidet, har Hordaland fylkeskommune utarbeidd eit verktøy for arbeidet.

Verktøy for folkehelseoversikt i kommunane

Mal for handelsanalyse

Skal du søke om å etablere ein handelsverksemd med nytt eller samla bruksareal på meir enn 3000 m2 ,er det krav om at du må gjennomføre en handelsanalyse.

Dette skal ikkje vere ei marknadsundersøking, men ei analyse av ny handelsetablering i høve til regionale føringar. Gjennom handelsanalysen skal du sikre at saker som gjeld ny handelsetablering blir tilstrekkeleg opplyst før du tek ei avgjerd om etableringa er i tråd med målsetningar i Senterplanen. Handelsanalysen skal vere lettfatteleg og kunne etterprøvast.

Dei regionale retningslinjene for handel gir ei spesifisering av kva for vurderingspunkt handelsanalysen skal innehalde. Mal for handelsanalysar i Hordaland er utarbeidd på bakgrunn av desse vurderingspunkta.

Mal for handelsanalyse

Plan- og analysesystem for næring, demografi og arbeidsmarked - PANDA

PANDA er eit økonomisk-demografisk modellsystem utvikla for bruk i regional analyse og overordna planlegging i fylke og samansluttingar av kommunar. Systemet kan også brukast på enkeltkommuner, men inneheld ikkje data eller modellar for grunnkrinsar, skulekrinsar, etc.

Plan- og analysesystem for næring, demografi og arbeidsmarked (PANDA)