Konsekvensar av Covid-19 for næringslivet
Rapport nr 7-2021 frå analysegruppa som har som formål å kartlegge og gjere tilgjengeleg statistikk og analysar knytt til den pågåande covid-19-epidemien og kva påverknad dette har på næringslivet i Vestland.
[Sist oppdatert 13. september 2021]
Nøkkelfunn frå denne versjonen
15 700 arbeidssøkjarar i Vestland
Tal arbeidssøkjarar i Vestland er no på 15 700. Det er ein liten nedgang sidan byrjinga av august. Samstundes er 71 % av desse no langtidsledige.
Marknadssituasjonen held seg stabil
Vestland-tal frå NHO si medlemsundersøking i byrjinga av september syner at marknadssituasjonen held seg stabil for verksemder i Vestland. Nesten 1 av 5 rapporterer imidlertid om ei dårleg marknadssituasjon.
2021 har vore betre enn venta for mange
Tal frå medlemsundersøkinga til Næringsalliansen i Vestland i august viser at nær halvparten av verksemdene rapporterer om at aktivitet og «helsetilstand» er betre enn forventa for eitt år sidan. 4 av 10 ventar også å rekruttere fleire tilsette i 2022.
2021 liknar veldig på 2020 for overnattingsstadar i Vestland
Tal frå SSB viser at talet kommersielle overnattingar i Vestland i årets første sju månader er 2 % høgare enn på same tid i fjor. Nasjonalt er 2021 framleis langt under 2019-nivå.
Last ned og les meir om dette i arbeidsgruppa sitt siste felles kunnskapsgrunnlag (pdf).
Sjå også Vestland fylkeskommune sine rapportar om andre samfunnsmessige konsekvensar av koronakrisa (Lenke til ny side).