Skulevalet 2025
På denne sida vil de finne informasjon om skulevalet 2025
Føremålet med politisk skuleval er å lære ungdommane om demokratiet. Det er òg eit pedagogisk verkemiddel i arbeidet med å auke den politiske kompetansen og interessa blant dei unge.
Resultat frå skulevalet 2023 finn du på SIKT - skolevalgresultater
Utdanningsdirektoratet (Udir) sine anbefalingar for gjennomføring av skuledebatt, valtorg og skuleval til dei vidaregåande skulane finn du her: Skolevalget 2025: Til fylkeskommunene og videregående skoler
Udir skriv at skuleeigar og skular bør ha ein beredskap for trygg gjennomføring av skulevalet. Meir info her: Beredskap ved skolevalg
Køyreplan for debattar og valtorg ved skulane
Dei politiske ungdomspartia gjennomfører debattar og valtorg ved alle dei vidaregåande skulane i Vestland.
Køyreplan med tidspunkt for debatt og valtorg vil bli publisert her i mars-april 2025.
Tema til debatt
Tilrådinga frå UDIR er at tema for debatten bør vere bestemt av ungdom (elevar, elevråd, Elevorganisasjonen).
Skulane vil bli bedt om å melde inn tema til debatt i juni 2025, desse vil bli oppsummert og presentert for dei politiske ungdomspartia. Dei same hovudtema vil gjelde på alle debattar i Vestland fylkeskommune. Vi rår skulane til å unngå altfor lokalspesifikke spørsmål i debatten.
Debattleiing
Kurs i debattleiing:
LNU (landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar) vil halde digitalt kurs i debattleiing mandag 26. og onsdag 28. mai, to halve dagar. Skulane bør delta med elevane som skal leie skuledebattane hausten 2025, i tillegg til lærar eller kontaktperson for skulevalet.
Gjennomføring av debatt:
Her finn de mal for namneskilt til debattantane, med partiet sitt namn og logo. Nynorsk og bokmål.
Skriv fornamnet til debattantane tydeleg med blokkbokstavar.
Undervisningsressursar
Denne fana vil bli oppdatert i løpet av 2025. Ressursane frå 2023 er linka under, med atterhald om at nokre linker kan vere utdaterte.
- NDLA sine sider om tverrfagleg tema: Demokrati og medborgarskap
- Ressursar frå NDLA om førstegongsveljaren: Førstegongsveljar
- NRK sin lokalvalguide 2023: Lokalvalguide 2023
- Valgomat: Gå til valgomaten
- Dittvalg 2023 gir alle elevar i vidaregåande skule gratis tilgang til A-media sine lokalaviser frå måndag 28 august til 22 september. Sida har og andre ressursar knytt til valet. dittvalg2023.
- Stortinget: Her finn du tekstar, oppgåver, filmar og interaktive ressursar tilpassa elevar i vidaregåande skule
- Sikt (tidlegare NSD) er ansvarleg for gjennomføring av skuleval ved alle ordinære val på oppdrag frå Udir. Les meir om skulevalet på sikt.no
- Utdanningsdirektoratet (Udir): Her finn du informasjon til vidaregåande skular vedrørande gjennomføring av skulevalet 2023.
Røystesetlar
Skulane vil få tilsendt røystesetlar i starten/midten av august.