Valnemnda

Valnemnda gir innstilling i saker om val, der avgjerda om valet ligg til fylkestinget.

Valnemnda legg fram forslag til medlemer, varamedlemer, leiar og nestleiar i fylkeskommunen sine råd og utval, der ikkje anna er fastsett i lov eller i reglement.

Valnemnda legg og fram forslag til representantar til styrande organ i selskap, stiftingar og institusjonar, generalforsamlingar mv, der fylkeskommunen har medlemmar og varamedlemmar i styret. Valnemnda behandlar og søknader om fritak og midlertidig fritak frå fylkeskommunen sine medlemmar i råd og utval.

Valnemnda har 15 medlemmar som reflekterer styrkeforholdet i fylkestinget. Alle partia skal vere representerte i valnemnda.

Oversikt over møte og medlemmar i valnemnda