Planutvalet
Planutvalet er lagt ned. Arbeidsområdet (sjå under) er overtatt av fylkesutvalet.
Arbeidsområdet til planutvalet er dei regionale planstrategiane og regionale planprosessane etter plan- og bygningslova.
Planutvalet skal saman med administrasjonen leggje strategiske føringar for dei regionale planane og gi politiske styringssignal for pågåande planarbeid. Dei regionale planane skal deretter behandlast i hovudutvala, fylkesutval og fylkesting.
Planutvalet sine medlemmar og varamedlemmar er personsamanfallande med fylkesutvalet i Vestland. Fylkesordførar er leiar. Hovudutvalsleiarane er konsultative medlemmar av planutvalet.