Høyring: Utgreiing av ei framtidsretta arkivorganisering i Vestland
Rapporten «Utredning av en fremtidsrettet arkivorganisering i Vestland» greier ut og gir råd om framtidig organisering av arkivinstitusjonane i Vestland fylke. Kommunar og arkivaktørar i Vestland er invitert til å kome med innspel til rapporten innan 11. mars 2023.
Utgreiingsrapporten er utarbeidd av Menon Economics på oppdrag frå Vestland fylkeskommune. Les heile utgreiingsrapporten her (PDF).
Kom med innspel
Vi inviterer kommunar og arkivaktørar i Vestland til å kome med innspel til rapporten, og ber om at de nyttar høyringsskjemaet til høgre for å sende innspela. I høyringsskjemaet kan de kome med innspel til rapporten si tilrådde løysing for framtidig organisering av arkivinstitusjonane i Vestland.
Bakgrunn
30. november 2021 vedtok fylkesutvalet at fylkeskommunen skulle engasjere ein ekstern part for å kartlegge og greie ut situasjonen for dei regionale arkiva i Vestland fylke og kome med råd om framtidig organisering av arkivinstitusjonane.
I utgreiingsarbeidet skulle dei kommunale arkivinstitusjonane vektleggjast, men utgreiinga måtte også inkludere privatarkiv for å vareta eit heilskapleg perspektiv på bevaring av ein samla samfunnsdokumentasjon frå Vestland. Menon Economics vart tildelt oppdraget og har gjennomført kartleggings- og utgreiingsarbeidet i perioden mars–september 2022.
Kartleggings- og utgreiingsrapporten
I rapporten skildrar Menon Economics dagens organisering av arkivsektoren i Vestland og sentrale utviklingstrekk på arkivfeltet. Vidare vert både konkrete organisatoriske utfordringar i Vestland fylkeskommune identifisert, så vel som større endringar og utfordringar som arkivsektoren som heilskap står overfor. På bakgrunn av dette skisserer rapporten endringsbehov og identifiserer seks konseptuelle modellar for framtidig organisering av arkivsektoren i Vestland.
Menon Economics tilrår at Vestland fylkeskommune vedtar å realisere kombinasjonskonseptet. Kombinasjonskonseptet kombinerer det beste frå dei andre konsepta til eit nytt konsept, som inneber at fylkeskommunen startar med konkrete forbetringstiltak og vidareutviklar den regionale samfunnsutviklarrolla innan arkiv. Det langsiktige målet innafor dette konseptet er etableringa av «Vestlandsarkivet» – ein ny arkivinstitusjon som samlar mest mogleg av arkivarbeidet i Vestland.
Høyringsinnspel på tilrådd løysing vert vurderte og vil, saman med utgreiingsrapporten, ligge til grunn for politisk handsaming av utgreiingsrapporten i fylkestinget i juni 2023.