Høyring: Temaplan breiband og digitalisering Vestland fylke 2023 -2029
Temaplan for breiband og digitalisering i Vestland fylke har vore ute på høyring (høyringsfristen var 14. april 2023) Det er kome 21 innspel til temaplanen. Kommunar, organisasjonar og andre har kome med innspel. Alle innspela ligg tilgjengeleg nederst i denne saka.
Fylkesutvalet vedtok 8. mars 2023 å leggje Temaplan for breiband og digitalisering 2023-2029 ut på offentleg høyring.
Vestland fylkeskommune inviterer no alle interesserte til å sende inn innspel.
Kvifor temaplan for breiband og digitalisering?
Temaplan for breiband og digitalisering i Vestland fylke skal sikre at arbeidet knytt til digital infrastruktur og digitalisering blir samordna. Vidare legge føringar for verkemiddel som blir forvalta i fylket, og peike på moglegheiter og utfordringar når det gjeld digitalisering på kort og lang sikt.
For å få til dette er det viktig at Vestland fylkeskommune og dei andre regionale utviklingsaktørane i fylket, har ei aktiv rolle i endringane som kjem som følgje av digitaliseringa av samfunnet. Mykje av infrastrukturen er på plass. No skal det utviklast samfunn, verksemder og tenester som tek i bruk den digitale infrastrukturen. Då trengs det meir kunnskap og innovasjon.
Planforslaget peiker på ein visjon og løftar fram prioriteringar, moglege finansieringskjelder og kven som har ansvar og korleis samarbeide om fire sentrale satsingsområde når det gjeld digitalisering:
Visjon
Vestland skal vere leiande i å utnytte potensialet i digitalisering, for å sikre gode bu- og arbeidsområde i heile fylket.
Satsingsområde
- Digital infrastruktur
Vestland skal ha ein godt utbygd digital infrastruktur, både fast og trådlaus. Breibandet skal vera raskt, tilgjengeleg og robust. Noko som er ein føresetnad for at distrikt, tettstader og byar skal ha like vilkår for å ta del i samfunnsutviklinga, tenestetilbodet og moglegheitene som den raskt aukande digitaliseringa medfører. - Digital samfunnsutvikling
Vestland skal nytte potensialet i digitalisering for å møte viktige samfunnsendringar knytt til aldrande befolkning, klimaendringar, truslar mot sikkerheit og nye ønskje om eit meir fleksibelt arbeidsliv. - Digital kompetanse
Vestland fylkeskommune skal legge til rette for at alle innbyggjarar kan ta del i den digitale utviklinga i samfunnet. - Digital verdiskaping og innovasjon
Ein offentleg og privat sektor som saman med kunnskapsmiljøa utviklar og tek i bruk ny digital kunnskap som kan styrke innovasjonskraft og tenestetilbod.
Mottekne høyringsinnspel
Temaplanen har mottatt 21 høyringsinnspel, her er liste over innspela med lenke til innspela.
- Aurland kommune (PDF)
- Bergen kommune (PDF)
- Bergen næringsråd - ekspertgruppe digitalisering (PDF)
- Chat-GPT (PDF)
- DigiVestland (PDF)
- Digital Innovation Hub Oceanopolis (PDF)
- Elev Knarvik VGS (PDF)
- Fylkeseldrerådet (PDF)
- IT-Forum Vest (PDF)
- LO Vestland (PDF)
- NHO Vestland (PDF)
- Næringsalliansen Vestland (PDF)
- Paneda AS (PDF)
- Region Fjordane (PDF)
- Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne (PDF)
- Solund kommune (PDF)
- Universitetet i Bergen (PDF)
- Ullensvang kommune (PDF)
- Vestland ungdomsutval (PDF)
- Vestlandsforsking innspel 1 (PDF)
- Vestlandsforsking innspel 2 (PDF)