Høyring: Berekraftig verdiskaping - Regional plan for innovasjon og næringsutvikling i Vestland

Regional plan for innovasjon og næringsutvikling var ute på høyring med frist 26. mars. Her kan de sjå planutkast og innkomne høyringsinnspel.

Planen skal sette retning for arbeidet med innovasjon og næringsutvikling i Vestland.

Fylkesutvalet i Vestland vedtok 19. januar 2021 å sende planen «Berekraftig verdiskaping – Regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021-2033» i Vestland fylke på høyring og offentleg ettersyn.  Høyringsfristen var 26. mars 2021. I nedtrekksmenyen kan de sjå innkomne høyringsinnspel.

Berekraftig verdiskaping - Regional plan for innovasjon og næring

Planen byggjer på mål og prinsipp slått fast i Utviklingsplanen for Vestland 2020-2024. Det omfattande kunnskapsgrunnlaget for den regionale planen viser ulike scenario, moglegheiter og barrierar for å lukkast med å tilpasse seg dei store samfunnsendringane og internasjonal konkurranse. All kunnskap peiker på at korleis ein taklar den store berekraftige omstillinga er avgjerande for å lukkast. Tida er knapp. Vi må ta utgangspunkt i dei store fordelane vi har i næringslivet og som ofte er basert på naturressursane våre. Vi må ta i vare det vi er gode på i dag, legge grunnlag for nye innovasjon på tvers av verdikjeder – og gripe nye moglegheiter. For å lukkast, må vi bygge vidare på verdiane til det nye fylket; «kompetent, open og modig».   

Visjonen er: Nyskapande og berekraftig.

Hovudmålet er: Vestland er det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon. 

Planen har tre satsingar: 

  • Grøn næringsutvikling: Handlar om at produksjon og næringsaktivitet skal utviklast i ei retning som er meir berekraftig for miljø og klima, og i tråd med FN sine berekraftsmål.
  • Innovative og inkluderande samfunn: Innovative samfunn fornyar seg og skapar verdi for verksemder, samfunn og innbyggjarar. Inkluderande samfunn tek vare på mangfald og motverkar utanforskap.
  • Areal til næringsutvikling: omfattar korleis vi nyttar naturressursar, og korleis vi legg til rette areal for ny næringsutvikling

Ein verkemiddelpolitikk som støttar opp under satsingane, og nytter dei rette verkemidla, og kombinasjonar av verkemiddel til rett tid vil vere heilt sentralt for å setje satsingane ut i livet. Vi må også ta omsyn til tverrgåande tema som er sentrale for å lukkast med gjennomføringa av planen.

 

Satsingane i planen er bransjenøytrale og gjeld for alle næringane. Eit viktig moment i oppfølginga av planen er difor å leggja til rette for å identifisere næringar og verdikjeder som kan fylle framtidig eksport- og verdiskapingsgap. Sjølv om dei overordna satsingane i den regionale planen er næringsnøytrale, vil dei sentrale næringane i dag i stor grad vere det også i heile planperioden.

Retningsliner for arealplanlegging  og referanse til plan og bygningslova § 8.5 

Det kan her sjå ut som at ein her ønskjer å flytte mynde frå kommunalt til regionalt nivå. Det har ikkje vore intensjonen.

I retningslinene i plandokumentet side 17 vert plan og bygningslova § 8.5 referert, vi er blitt gjort merksame på at denne referansen har konsekvensar som ikkje var tilstrekkeleg utgreidd. Vi vart gjort merksame på dette for seint til å rette det i høyringsdokumentet. Bruk av ein slik paragraf skulle alt vore varsla alt i planprogrammet.  I endeleg plan vil setninga med referanse til plan og bygningslova § 8.5 verte fjerna.  Retningslina elles er det på noverande tidspunkt ikkje behov for å endre.  Det er utarbeida overordna retningsliner for arealplanlegging knytt til næringsutvikling. Retningslinene er overordna og løyser ikkje ut krav om konsekvensutgreiing. Men retningslinene vil vere førande ved utvikling av nye og eksisterande næringsareal. 

Kva meiner du? - Send inn høyringsinnspel

Fylkeskommunen ønskjer innspel på planen og handlingsprogrammet.  Planen «Berekraftig verdiskaping» med tilhøyrande handlingsprogram er fylket, ikkje berre fylkeskommunen sin plan for innovasjon og næringsutvikling.

Vi ønskjer at de sender innspel via skjema på høyringssida, men innspel kan også sendast til post@vlfk.no. Merk innspela med referanse 2020/74003 

Høyringsfristen er 26. mars 2021.  

Vi fekk inn 76 skriftlege og 65 munnlege innspel i form av presentasjonar.  Høyringsfristen var 26. mars 2021. Her kan de sjå innkomne høyringsinnspel:

Regionale digitale høyringsmøte

I samband med høyring av planen vart det arrangert sju regionale, digitale høyringsmøter. På lenkene under kan du sjå program og kva aktørar som kom med innspel i møta.

Spørsmåla under er til refleksjon, det er ikkje meininga at de treng svare ut alle. 

  1. I kva grad gir planen ei tydeleg strategisk retning for arbeidet med innovasjon og næringsutvikling i fylket fram mot 2033?
  2. Planen har tre satsingar: Grøn næringsutvikling, Innovative og inkluderande samfunn, Areal til næringsutvikling
    Er dei tre satsingane og tilhøyrande strategiar veleigna for å nå måla?
  3. Er planen veleigna til å møte utfordringar knytt til korona-pandemien på kort og lengre sikt?
  4. På kva måte kan planen vere eit godt verktøy til å mobilisere ulike aktørar til å delta i arbeidet med innovasjon og næringsutvikling i fylket?
  5. Korleis kan planen bli eit godt verktøy for å samordne offentleg innsats og verkemiddelbruk?
  6. Spørsmål spesielt til offentlege verksemder:
    Korleis kan planen fungere som overordna plan for regionale organ si verksemd og for kommunal og statleg planlegging og verksemd i regionen, på ein slik måte at til dømes kommunar berre treng utvikle eigne handlingsplanar?
  7. Andre vesentlege innspel til planen

Handlingsprogram 2021

  1. Kva andre tiltak/aktivitetar bør inn i handlingsprogrammet for 2021 for å få på plass eit godt fleirårleg handlingsprogram for 2022-2025?
  2. Kven bør  delta i det regionale samarbeidet for å nå måla, og korleis skal samarbeidet verte organisert?
  3. Andre vesentlege innspel til handlingsprogrammet for 2021

Handlingsprogram 2022-2025

  1. Kva forslag til strategiar og tiltak i handlingsprogrammet for 2022-2025 har du.
  2. Har de innspel til felles utfordringar eller innsats innafor dei tre satsingane som må sjåast nærare på kort og lang sikt?
  3. Korleis kan din organisasjon bidra i samarbeid eller partnarskap for å nå måla i planen? 
  4. Andre vesentlege innspel til arbeidet med handlingsprogrammet for 2022-2025

Fylkesutvalet i Vestland vedtok i møte 19.01.21 å sende planen «Berekraftig verdiskaping – Regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021-2033» i Vestland fylke på høyring og offentleg ettersyn.  

Utviklingsplan for Vestland 2020-2024 slo fast at for å stimulere til verdiskaping gjennom auka omstillingsevne og det grøne skiftet, er det nødvendig med ein oppdatert regional innovasjons- og næringspolitikk og ein ny regional plan. Arbeidet med Berekraftig verdiskaping – Regional plan for innovasjon og næringsutvikling starta på seinvinteren 2020, og hovudutval for næring vedtok høyringsutkastet til planprogram 14. mai 2020. Fylkesutvalet vedtok planprogrammet for den regionale planen i møte 17. september. 

I etterkant av vedtaket har fylkeskommunen saman med deltakarar frå mange andre organisasjonar utarbeida utkast til ny regional plan som fylkesutvalet no har handsama og vedtatt å legge ut på høyring. Endeleg vedtak av planen blir gjort i fylkestinget i juni 2021, etter ein omfattande høyringsprosess.  

Måla i utviklingsplanen ligg til grunn for Berekraftig verdiskaping – Regional plan for innovasjon og næringsutvikling:  

  • Mål 1: Vestland som det leiande  verdiskapingsfylket og nasjonal pådrivar for eit  regionalisert og desentralisert Noreg 
  • Mål 2: Klima og miljø som  premiss for samfunnsutvikling 
  • Mål 3: Lokalsamfunn som ramme for  gode kvardagsliv i heile Vestland 
  • Mål 4: Like mogelegheiter  til å delta i verdiskaping 

Mange har vore involvert i utarbeiding av planen. Regional plan for innovasjon og næringsutvikling er ein plan for heile Vestland fylke. Planen er fylket – ikkje fylkeskommunen – sin felles plan for innovasjon og næringsutvikling. Svært mange personar både i fylkeskommunen og i andre organisasjonar har vore involvert i arbeidet med utarbeiding av planen. 

Det har vore sett ned arbeidsgrupper innafor fire plantemaArbeidsgruppene blei sett ned for at dei planen vedkjem, og dei som vil vere heilt avgjerande for å setje planen ut livet skulle få påverke innhaldet. 50 personar har vore involvert i arbeidsgruppene. Parallelt med dette har det blitt jobba med heilskapen i planen, planstruktur med handlingsprogram med meir, samordning med andre prosessar og planlegging av det vidare arbeidet, og det har blitt gjort eit omfattande arbeid med kunnskapsgrunnlaget for planen.  

Styringsgruppe for planarbeidet har vore Næringsforum Vestland, og gjennom dette arbeidet har viktige aktørar i partnarskapen sett sitt stempel på planen. Medlemmer i Næringsforum Vestland er Innovasjon Noreg Vestland, Statsforvaltaren i Vestland, Fiskeridirektoratet Region Vest, NAV Vestland, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Norges Handelshøyskole, NHO Vestlandet, LO-sekretariatet i Vestland, KS Vestland, Bergen kommune og den regionale representanten for Norges forskingsråd. Fylkesdirektør for Innovasjon og næringsutvikling er leiar for forumet. 

Det var fire plantema i planprogrammet. Det har vore sett ned arbeidsgrupper innafor kvar av dei fire plantema. Arbeidsgruppene blei sett ned for at dei planen vedkjem, og dei som vil vere heilt avgjerande for å setje planen ut livet skulle få påverke innhaldet. 50 personar har vore involvert i arbeidsgruppene. Parallelt med dette har det blitt jobba med heilskapen i planen, planstruktur med handlingsprogram med meir, samordning med andre prosessar og planlegging av det vidare arbeidet, og det har blitt gjort eit omfattande arbeid med kunnskapsgrunnlaget for planen.  Arbeidsgruppene har kome med gode innspel. Fleire av innspela har deler som er overlappande tematisk. Ut frå visjon, overordna mål og innspel frå arbeidsgruppene er det definert tre satsingar: 

  • Grøn næringsutvikling 
  • Innovative og inkluderande samfunn  
  • Areal for næringsutvikling 

Ein verkemiddelpolitikk som støttar opp under satsingane, og nytter dei rette verkemidla, og kombinasjonar av verkemiddel til rett tid vil vere heilt sentralt for å setje satsingane ut i livet. Vi må også ta omsyn til tverrgåande tema som er sentrale for å lukkast med gjennomføringa av planen.  

Om satsingane

Grøn næringsutvikling betyr at produksjon og næringsaktivitet skal utviklast i ei retning som er meir berekraftig for miljø og klima, og i tråd med FN sine berekraftsmål. Endringar og innovasjon knytt til grøn næringsutvikling vil skje på ulike måtar:

  • Forbetring av eksisterande produkt, teknologi og tenester
  • Utvikling av ny teknologi, nye produkt og tenester, nye organisasjonsmåtar og nye marknader.
  • Etablering av heilt nye verdikjeder.


Innovative samfunn
fornyar seg og skapar verdi for verksemder, samfunn og innbyggjarar. Det vert eksperimentert for å finne nye løysingar på samfunnsutfordringane. Inkluderande samfunn tek vare på mangfald og motverkar utanforskap. Vestland sine innbyggarar skal ha like moglegheiter til å delta i verdiskapinga gjennom relevant arbeid i eit berekraftig og innovativt nærings- og samfunnsliv. Det er tre strategiar for arbeidet med innovative samfunn:

  • Utvikle berekraftige og inkluderande bu- og arbeidsmarkesregionar
  • Dele og dra nytte av innovasjonsinfrastruktur uavhengig av geografi
  • Bygge kultur for innovasjon og medverknad


Areal til næringsutvikling
omfattar korleis vi nyttar naturressursar, og korleis vi legg til rette areal for ny næringsutvikling. Rett areal for rett næring, der ein har tatt omsyn til tilgang til infrastruktur er også eit sentralt element.
Kommunane har gjennom sitt ansvar for arealforvalting ei sentral rolle i denne satsinga.

 

 

Hausten 2020 vart det levert to viktige kunnskapsgrunnlag for denne planen.  Her er lenke til meir informasjon om dei.

Planprogrammet hadde eit stort kunnskapsgrunnlag. Det finn du her.

Når høyringsfristen er ute 26. mars, vil Vestland fylkeskommune gå gjennom alle innspel og vurdere høyringsutkastet på nytt i lys av desse. Når dette er gjort skal planen opp til politisk behandling.

Målet er at den endelege planen skal bli vedtatt av fylkestinget i juni.