Høyring: Regional plan for klima 2022–2035

Utkastet til regional plan for klima, med tilhøyrande handlingsprogram, er ute på høyring. Har du meiningar om planen eller handlingsprogrammet? Kom med innspel eller bli med på høyringsmøte innan høyringsfristen 23. oktober.

Regional plan for klima 2022–2035 er den nye klimaplanen til Vestland fylke. Han skal vere eit strategisk verktøy for å styrke klima- og miljøarbeidet. Ved å følgje opp måla og skildringa av korleis vi skal gjere det, sikrar vi at klima og miljø vert lagt som premiss for samfunnsutviklinga.

Samfunnsutviklinga skal ta omsyn til dei tre dimensjonane av berekraft:

  • miljømessig berekraft
  • sosial berekraft
  • økonomisk berekraft

Ved å gjennomføre regional plan for klima, skal vi bidra til at Vestland er ein ansvarleg pådrivar for klimaomstilling, der vi gjennom tverrfagleg samarbeid, kunnskap og handling bidreg til å akselerere det grøne taktskiftet i samfunnet. 

Kva er på høyring?

To dokument er på høyring hausten 2022:

Regional plan for klima 2022–2035

Plandokumentet er ein overordna og langsiktig plan for klimaarbeidet i Vestland fram mot 2035. Dokumenter inkluderer visjon, fem prioriterte og overordna plantema, med deltema, og mål for desse.

Kvart tema inkluderer ei skildring av korleis vi i Vestland skal jobbe for å nå måla, i tillegg til retningslinjer for planlegging i regionen. Planen skal sikre at vi

  • reduserer klimagassutsleppa våre, både dei direkte og indirekte
  • tek vare på naturmangfaldet vårt
  • sikrar ei klimaomstilling til det beste for innbyggjarane våre, og gjer det trygt å bu i Vestland, både i dag, og i framtida.

Handlingsprogram 2022–2025

Handlingsprogrammet for Regional plan for klima er eit strategisk dokument som skal synleggjere prioritert innsats i ein kortare periode enn sjølve plandokumentet.

Dette handlingsprogrammet er gjeldande denne politiske perioden, altså fram til 2025. Fireårige handlingsprogram, med tilhøyrande årsplanar, skal sikre at vi når dei langsiktige og overordna klimamåla, samstundes som det er fleksibelt og mogeleg å gjere justeringar dersom rammevilkåra endrar seg, ny kunnskap oppstår, eller vi får nye løysingar og mogelegheiter.

Vi skal årleg vurdere om det er behov for justeringar. Det skal gjerast i samband med utarbeiding av årsplan og budsjett. (Årsplanane er ikkje laga, og er ikkje inkludert i denne høyringa.)

Høyringsmøte i september/oktober

Vi har i høyringsperioden arrangert høyringsmøte med både kommunar og vestlandssamfunnet elles. Det opne høyringsmøtet 6. oktober er no tilgjengeleg i opptak.

Der kan du sjå presentasjonane frå fylkeskommunen og dei førebudde innlegga frå Helene Frihammer, regionsdirektør NHO Vestlandet, William Helland-Hansen, leiar for klima og transportgruppa og styremedlem i Naturvernforbundet Hordaland, og Renate Nedregård, leiar i Klimapartnere Vestland.