Høyring: Plan for kultur, idrett og frivilligheit 2023–2035
«Kultur bygger samfunn» - utkastet til regional plan for kultur, idrett og frivilligheit er no ute på høyring. Har du meiningar om planen eller handlingsprogrammet? Kom med innspel innan høyringsfristen 4. november.
Regional plan for kultur, idrett og frivilligheit 2023–2035 er den nye kulturplanen i Vestland fylke. Han skal vere eit strategisk verktøy for å styrke feltet. Ved å følge opp måla og skildringa av korleis vi skal gjere det, sikrar vi at kultur er ein premiss for samfunnsutviklinga.
Samfunnsutviklinga skal ta omsyn til dei tre dimensjonane av berekraft:
- miljømessig berekraft
- sosial berekraft
- økonomisk berekraft
Det breie kulturfeltet har mykje å bidra med for å utvikle Vestlandssamfunnet vidare. Saman med ei rekke eksterne aktørar har fylkeskommunen utarbeidd strategidokumentet som skal sette sitt preg på Vestland dei neste 12 åra. Den regionale planen skal formulere mål og strategiar for ei berekraftig kulturutvikling i Vestland.
Kva er på høyring?
Tre dokument er på høyring hausten 2022:
- Regional plan for kultur, idrett og frivilligheit – temaplan (pdf)
- Regional plan for kultur, idrett og frivilligheit – aktør og fagplan (pdf)
- Handlingsprogram 2023–2026 (pdf)
Ein plan for heile Vestland
Planen er viktig fordi han set retning for utviklinga av kulturlivet. Dette er ein plan for heile Vestland. Det er fylket – ikkje fylkeskommunen – sin felles plan for kultur, idrett og frivilligheit.
Planutkastet har tre delar: Regional plan som er ein temaplan, ein aktør og fagplan og eit handlingsprogram.
Planen skal meisle ut ein kulturpolitikk for Vestland i dei neste 12 åra. Han skal vere ein plan for det breie kulturfeltet: frivillige lag og organisasjonar, idretten og friluftslivet, profesjonelt og frivillig kunst- og kulturliv, institusjonar og verksemder. Planen skal også vere relevant for det offentlege, og er retningsgjevande for statleg, fylkeskommunal og kommunal planlegging og verksemd.
Alle desse, og mange fleire, er byggesteinar i eit rikt og mangfaldig kulturliv. Godt samspel mellom desse gode kreftene er ein føresetnad for å realisere planen sine ambisjonar, og for at kultur skal bli ei kraft i bygginga av framtida sitt Vestland. til.
Skal vi lukkast med å gjennomføre denne offensive planen må vi samarbeide i heile Vestland. Ikkje berre må fylkeskommunen forplikte seg. Også aktørane, både frivillige og profesjonelle, innan kultur, idrett og frivilligheit og kommunane må bidra.
Fem mål
Visjonen for planen er «Kultur bygger samfunn». Hovudmålet er: «Fridom og høve til skaping, oppleving og deltaking».
I tillegg har planen fem mål som leiar opp mot satsingane som er prioritert. Måla er:
- Vestland skal vere eit leiande kulturfylke.
- Kulturen i Vestland skal vere pådrivar for sosial, miljømessig og økonomisk berekraft.
- Vestland skal vere eit ope, inkluderande og mangfaldig samfunn med låge barrierar for deltaking.
- Kulturen skal vere fri og uavhengig, og utvikle Vestland med kreativ kraft.
- Kunnskap skal vere grunnlaget for ei systematisk og planmessig kulturutvikling.
Meir informasjon om dei tre høyringsdokumenta
Del 1: Regional plan for kultur, idrett og frivilligheit
Temaplanen, som er del 1, omfattar kulturpolitiske avklaringar og satsingar for å styrke det breie kulturfeltet og synleggjere korleis kultur bidreg til samfunnsutviklinga i Vestland.
Planen har fem satsingar
- Vestland – ein leiande region. Å vere leiande er ein ambisjon, ikkje ein konkurranse. Det inneberer å få det beste ut av eigne ressursar, å utvikle løysingar og tiltak som er tilpassa Vestland sitt kulturliv, og med kvalitet i alle ledd. Det inneber å løfte fram det unike, både i storbyen, i tettstadene og i lokalsamfunna
- Berekraft. Berekraftig utvikling er å dekke våre behov utan å øydelegge moglegheita for å gjere det i framtida. Kultur grip inn i alle berekraftdimensjonane, og er viktig i samfunnet sin innsats for å skape ei berekraftig utvikling. Sosial berekraft handlar mellom anna om deltaking og fellesskap i samfunnet. Kulturaktivitetar, ulike kulturuttrykk og kulturarv, har stor innverknad på identitet, tilhøyrsle, livskvalitet og helse.
- Deltaking, demokrati og mangfald. Kunst og kultur er ytringar med samfunnsbyggjande kraft, og eit rikt og variert kulturliv er ein føresetnad for ytringsfridom og eit velfungerande demokrati. Demokrati, deltaking og mangfald handlar om tilknytinga mellom kvar enkelt og fellesskapet. Dette er grunnsteinar i utviklinga av demokratiske samfunn. Kulturfeltet forvaltar viktige arenaer for å fremje brei samfunnsdeltaking.
- Verdiskaping.Verdiane som bli skapt gjennom kulturell verksemd er både økonomiske, sosiale og miljømessige. Grunnlaget for verdiskaping ligg i første leddet i verdikjeda: kulturminnet, landskapet, kunsten og aktiviteten. Dette er det vi bygger vidare på. Verdiskaping skaper direkte eller indirekte velferd, og den sosiale og miljømessige verdiskapinga er like viktig som den økonomiske.
- Kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling.Kunnskapsutvikling og -deling er sentralt i alt utviklingsarbeid. Klyngearbeid og liknande samordning, kan styrke kunnskapsoverføring på tvers av heile kultur-, idrett- og frivilligområdet.
Satsingane i planen er sektornøytrale og gjeld for alle aktørane i kultur, idrett og frivilligfeltet.
Del 2 - Aktør og fagplan
Aktør og fagplanen svarer på behov frå aktørane om at regional plan skal omhandle deira fagfelt og at alle enkelt skal kunne finne igjen omtale av eige fagfelt og kva satsingar og mål som gjeld. Ein viser roller, utfordringar og moglegheiter til alle aktørane i feltet i Vestland.
Her ønskjer vi at dei ulike aktørane kjem med innspel til behov aktørane ser kan stettast i samarbeid i Vestland og satsingar og prioriteringar som ein kan arbeide vidare med. Det er viktig at vi får høyringsinnspel på dette fordi vi i 2023 vil lage eit handlingsprogram for aktør og fagplanen. Dette skal ein utarbeide saman med aktørane i dei ulike fagfelta. Innspel i denne høyringa vil bli tatt med vidare og vil spele ei rolle når vi ber om medverknad i utarbeidinga av handlingsprogrammet for aktør og fagdelen.
Døme på viktige innspel er behov for lokale til kulturaktivitet, formidling av aktivitet og tilbod, finansiering av prosjekt og tiltak, behov for nettverk og kunnskap.
Del 3 – Handlingsprogram 2023–2026
Handlingsprogram 2023–2026 er eit strategisk dokument som peiker på og gir retning for korleis visjonen og måla i planen skal realiserast. Gjennomføring av planen er eit felles ansvar for staten, fylkeskommunen, kommunane og sivilsamfunnet.
Fireårige handlingsprogram, med tilhøyrande årsplanar, skal sikre at vi når dei langsiktige og overordna måla, samstundes som det er fleksibelt og mogeleg å gjere justeringar dersom rammevilkåra endrar seg, ny kunnskap oppstår, eller vi får nye løysingar og mogelegheiter.
Her vert dei fem satsingane med hovudmål utdjupa i delmål og strategiar. Handlingsprogrammet vert vurdert for rullering kvart år.
Vi skal årleg vurdere om det er behov for justeringar. Det skal gjerast i samband med utarbeiding av årsplan og budsjett.
Bli med på høyringsmøte
I tida framover er det planlagt ein serie med høyringsmøte i ulike regionar i fylket. Dei vil handle om ulike tema som dekker det breie kulturlivet. Her vil du ha høve til å få informasjon om satsingane i planen og å gi innspel til planen, både temaplan og handlingsprogram.
I løpet av kort tid vil planutkastet bli sendt på høyring, og kommunar, lag og organisasjonar, frivillig sektor, kulturinstitusjonar, arrangørar, profesjonelle aktørar, regionale nettverk og kompetanseorganisasjonar og innbyggarar blir inviterte til å komme med innspel. Praktisk informasjon om høyringa blir lagt ut på nettsida til fylkeskommunen så snart det er klart.
Fylkestinget vedtar
Når høyringsfristen er ute 4. november, vil Vestland fylkeskommune gå gjennom alle høyringsinnspela og vurdere høyringsutkastet på nytt i lys av desse. Når dette er gjort skal planen opp til politisk behandling. Målet er at den endelege planen skal bli vedtatt av fylkestinget i mars.