Høyring: Forskrift om inntak og formidling i Vestland fylkeskommune
Det blir foreslått endringar i forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Vestland fylkeskommune. Hovudpunktet i høyringa er mogleg justering av dagens oppflyttingsrett til Vg2 studieførebuande utdanningsprogram, som blir foreslått tatt bort.
I tillegg blir det gjort enkelte endringar i ordlyd og tilvisingar slik at den lokale forskrifta skal samsvare med kommande endringar i ny opplæringslov og forskrift til opplæringslova (sentralt regelverk). Det sentrale regelverket blir endra frå 1. august 2024.
Generelt om oppflyttingsretten på studieførebuande utdanningsprogram
Oppflyttingsretten for elevar på studieførebuande utdanningsprogram sikrar at elevar som består Vg1 får fortsette på same skule på Vg2. Det same gjeld søkarar til Vg3, om dei har bestått Vg2. Føresetnaden er at dei søker om inntak påfølgande skuleår og at dei søker som fulltidselevar. Elevane er dermed sikra same skule alle skuleåra utan å måtte konkurrere seg inn.
Justering av oppflyttingsretten frå vg1 og vg2
Forslaget inneber at ein tar bort oppflyttingsretten frå Vg1 til Vg2 for studieførebuande utdanningsprogram. Inntaket til Vg2 vil då vere karakterbasert, på same måte som det er for yrkesfaglege utdanningsprogram. Endringa vil gi auka moglegheit for miljø-/fagskifte på Vg2.
I tillegg vil endringa gi fylkeskommunen handlingsrom til å justere tal elevplassar på Vg2. På Vg2 er det, mellom anna pga. utveksling, i dag mange ledige elevplassar som blir ståande tomme.
Meir informasjon om grunngivinga og argument i begge retningar er å finne i det vedlagde høyringsnotatet. Det er ikkje foreslått å justere oppflyttingsretten frå Vg2 til Vg3.
Gjeldande lokale forskrift er tilgjengeleg på Lovdata.
Kven kan komme med innspel?
Høyringa er open. Dette betyr at alle som ønsker det kan komme med innspel. Elevar, elevråd og skular er særleg oppmoda til å gi innspel.
Vidare prosess
Forslag til endringar vil bli lagt fram for politisk behandling i fylkestinget i oktober 2024. Føresett politisk vedtaking vil justert forskrift gjelde frå 1. januar 2025. Forskrifta vil dermed først gjelde for inntaket til skuleåret 2025/2026.
Høyringa er open frå 24. mai t.o.m. 12. juli 2024. Fristen for å gi innspel er absolutt.