Høyring: Endringar i lokal forskrift om inntak/formidling og inntaksmatrisa

Forslag til endringar i lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass er no ute på høyring.

Det er òg mogleg å gi innspel til inntaksmatrisa, som fylkeskommunen har ei pågåande evaluering av. Per dags dato har ein ikkje funne grunnlag for å gjere nye endringar i matrisa, som sist vart oppdatert 16. februar 2023, men det er opent for å komme med innspel til dette.

Kven kan komme med innspel?

Høyringa er open, og alle som ønsker kan komme med innspel. Det er særleg ønskeleg med innspel frå dei som forskrifta rettar seg mot, mellom anna elevar, lærlingar, lærekandidatar og deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne. Ungdomsskular, vidaregåande skular, kommunar i Vestland fylke og andre som forskrifta er relevante for, er òg oppmoda til å komme med innspel.

Kvifor har ein lokal forskrift?

Formålet med den lokale forskrifta er å regulere korleis inntaket og formidlinga til læreplass skal gjennomførast i Vestland fylkeskommune. Forskrifta utfyller reglane i forskrift til opplæringslova. Alle fylkeskommunar er pålagde å ha ei slik forskrift, som skal sikre føreseieleg behandling for dei involverte.

Kva kan ein gi innspel på?

Ein kan gi innspel til alle føresegner, både der det er og ikkje er foreslått endringar. Merk samstundes at nokre føresegner fullt ut er bundne av forskrift til opplæringslova. Fylkeskommunen har ikkje mynde til å gå utover rammene i det sentrale regelverket.

Det er særleg ønskeleg med innspel til forslaget om å fjerne oppflyttingsretten frå Vg1 til Vg2 for studieførebuande utdanningsprogram, og endringane som gjeld søkarar til vidaregåande opplæring som flyttar til Vestland fylke.

Vidare prosess

Forslag til endringar vil bli lagt fram for behandling i fylkestinget i juni 2023.

Som vedlegg er høyringsnotat med forslag til ny forskrift, gjeldande inntaksmatrise og tre tidlegare innspel til endringar i inntaksmatrisa. Gjeldande lokal forskrift er tilgjengeleg på Lovdata, eller på nettsidene til fylkeskommunen.

Frist for å gi høyringsinnspel er 28. april 2023. Høyringsfristen er absolutt.