Demokratiprosjektet i Vestland
Vestland fylke vil bli best i landet på valdeltaking til fylkestingsvalet, særleg blant dei unge veljarane.
Eitt mål med demokratiprosjektet i Vestland er mobilisering fram mot fylkestingsvalet i 2027. Så er kanskje det viktigaste å ha ein langsiktig og god demokratisk beredskap. Færre enn halvparten i aldersgruppa 20-24 år stemte ved valet i 2023.
Bli med og søk om midlar til valmobiliseringa di
Ungdomsråd og grupper ved vidaregåande skular kan søke tilskot til tiltak som kan fremme valdeltaking til fylkesgingsvalet 2027. Søkeperioden opnar i november 2026, gjer deg kjent med kriteria allereie no:
Kven kan søke
- Ungdomsråd i kommunar i Vestland fylke
- Elevråd, klassar eller faggrupper ved vidaregåande skular i Vestland fylke
Søknadsfrist
- 10. desember 2026
Døme på tiltak som kan få støtte
- Oppsøkjande mobiliseringsverksemd lokalt
- Lokalt informasjonsarbeid retta mot unge veljarar
- Kampanjar i sosiale media
- Valarrangement (til dømes debattar, kurs, samtalearenaer)
Politikk råkar kvardagen din
– Demokratisk beredskap handlar om å gjere unge i stand til å forstå, forsvare og vere med i demokratiet, seier prosjektleiar Asle Fossum.
Prosjektet skal jobbe tett med dei vidaregåande skulane i Vestland og med ungdomspolitikarane i Vestland ungdomsutval.
– Politikk råkar kvardagen din. Til dømes har fylkeskommunen ansvar for vidaregåande opplæring, oppfølging av lærlingar, kollektivtransport og tannhelsetenester, og dette er ting vi bør meine noko om, seier Marcus Askildsen, leiar i Vestland ungdomsutval.
Valdeltakinga skal aukast
Fylkestinget vil snu utviklinga, og vedtok i juni 2024 å sette i gang eit demokratiprosjekt som skal auke engasjementet. I Vestland i 2023 var samla valdeltaking høgast i landet, men blant dei unge «andregongsveljararne» var den låg.
- Valdeltaking Vestland 2023, samla: 60,9 %
- Valdeltaking Vestland 2023, 20-24 år: 45,5 %