Regional areal- og transportplan for bergensområdet
Føremålet med planen er å utvikle eit utbyggingsmønster som legg til rette for vekst i bustader og næringsareal innanfor berekraftige rammer, knytt til kollektivtransport og effektiv vegtransport, og med omsyn til langsiktig grønstruktur, jordvern, samt gode nærmiljøkvalitetar.
Oppfølging av handlingsprogrammet
Handlingsprogrammet i den regionale planen inneheld fleire prosjektoppgåver som fylkesadministrasjonen skal utføre.
For tida arbeider ein med følgjande prosjekt (meir info kjem):
Regionalt bustadbyggeprogram
RATP har mål om at Bergensområdet skal ha attraktive og gunstig lokaliserte areal til bustad som dekker eit langsiktig behov. I handlingsprogrammet er dette konkretisert med tiltaket:
«Utarbeide eit felles og retningsgivande bustadbyggeprogram for Bergensområdet som grunnlag for kommuneplanane. Programmet skal ha ei fire års horisont.» Vestland fylkeskommune samarbeider med Bjørnafjorden, Bergen, Øygarden, Askøy og Alver om å utarbeide dette programmet. Bustadprogrammet skal vere ei støtte og eit verkty for kommunane i bustadplanlegginga.
Differensiert standard for gang- og sykkelveger
Prosjektkoordinator: Hans-Christian Engum
Med bakgrunn i tiltak 5.7 i Regional transportplan for Hordaland vil ein etablere eit forprosjekt der hensikta er å vurdere kva som skal til for å kunne etablere mindre kostnadskrevjande løysingar på gang- og sykkelveg. Dette skal gjerast utan at det skal gå utover trafikktryggleiken. Å realisere sykkelinfrastruktur er eit nøkkeltiltak for å fremje auke i sykkelbruken, men har ein utfordring ved at slike tiltak ofte har høg kostnad. Det er difor viktig å greie ut for korleis ein kan maksimere nytta av dei midla ein har til rådighet opp mot å auke talet på syklistar.
Målindikatorer for areal- og transportutviklinga i Bergensområdet
Prosjektkoordinator: Hans-Christian Engum
For å vurdere om areal- og transportutviklinga i Bergensområdet følgjer opp regionale og nasjonale planretningsliner, er det trong for målindikatorsett for å kunne analysere retninga på utviklinga. Med bakgrunn i tiltak 1 i Regional areal- og transportplan for Bergensområdet skal ein utvikle målindikatorar for å vurdere om måla i planen vert nådd. Desse skal bli sett i samanheng med indikatorane utvikla i samband med byvekstavtalen.
Rapportar
Felles fagleg grunnlag for parkeringspolitikk i bergensområdet
- Delrapport 1 felles fagleg grunnlag for parkeringspolitikk i bergensområdet (PDF)
- Delrapport 2 tilrådingar for kvart senter (PDF)
- Nettkart: kartlegging av parkeringsplasser i sentera
Kartlegging av sykkelinfrastruktur i bergensområdet
- Kartlegging av sykkelinfrastruktur i bergensområdet (47 MB, PDF)
- Sluttrapport for prosjektet (PDF)
- Nettkart: kartlegging av sykkelinfrastruktur
Regionalt bustadbyggeprogram
- Sluttrapport for regionalt bustadbyggeprogram
- Bustad for alle – om eige- og leigemarknaden i bergensområdet
- Arealanalyse Kleppestø (PDF)
- Kartlegging bustadplanlegging i regionsenterkommunane (PDF)
- Bustad for alle - Rapport frå Vista Analyse
Fylkesutvalet vedtok 22. juni å opprette eit regionalt bustadforum for å halde fram samarbeidet om bustadplanlegging i bergensområdet.
Bustadpreferanseundersøkinga
Dette er ei undersøking gjort av Bergen kommune og Vestland fylkeskommune. Analysane finn du her:
- Boligpreferanseundersøkelse – Bergen med omegnskommuner
- Bustadpreferansar i bergensregionen – gjennomgang av funn og resultat
Differensiert standard for gang- og sykkelinfrastruktur
- Prosjektomtale differensiert standard
- Differensiert standard for gang- og sykkelinfrastruktur - Rapport frå Multiconsult