Høyring av planprogram
Planprogrammet for regional plan for verdiskaping og kompetanse var ute på høyring fram til 10. oktober 2025.
Fylkesutvalet vedtok planprogrammet 26. november.
Om planarbeidet
Planen skal legge eit grunnlag for at verdiskapings- og kompetansearbeidet bidreg til å oppnå måla i Utviklingsplan for Vestland. Planen skal vere ein strategisk reiskap for å møte framtidige utfordringar og moglegheiter i regionen. Vi skal sikre samordning og samarbeid i gjennomføring av statleg, fylkeskommunal og kommunal politikk på området i Vestland, og bidra til å mobilisere heile næringslivet til brei innsats for å nå felles mål.
Her er vi i prosessen
Planprogram avklarar rammene for planarbeidet og vart fastsett av fylkesutvalet i Vestland i november 2025. I planprogrammet vart det fastlagt føremål og overordna rammer for arbeidet, behov for kunnskap, organisering, framdrift, medverknad og kva alternativ som skal greiast ut.
No arbeider vi med å lage eit utkast til plan, med intern og ekstern medverknad. Det er lagt opp til at planforslaget skal på høyring og offentleg ettersyn i august 2026, og at fylkestinget skal vedta planen i desember 2026.
To nye regionale planar
Vestland fylkeskommune arbeider no parallelt med to nye regionale planar: regional plan for verdiskaping og kompetanse og regional plan for areal og mobilitet. Les om arbeidet med regional plan for areal og mobilitet.
Oppdatert: 22. desember 2025