Regional plan for areal og mobilitet

Den regionale planen for areal og mobilitet skal gje overordna rammer, prinsipp og konkrete føringar for arealutviklinga i Vestland.

Om planen

Planen skal fastsetje eit regionalt utbyggingsmønster og ein senterstruktur som er samordna med infrastruktur for mobilitet, kommunikasjon, energi og tenester. Planen skal ta omsyn til lokale forhold og behov og vil innehalde tilpassa retningsliner for arealforvaltning, som legg til rette for utvikling i heile fylket.

Fakta

Fase: Arbeid med planprogram
Område: Vestland

Arbeid med planprogram

Utarbeiding, høyring, offentleg ettersyn og vedtak av planprogram. Høyring frå 21. august til 10. oktober 2025. Vedtak i fylkestinget i november 2025.

Utarbeiding av planforslag

Frå november 2025 og fram til hausten 2026.

Høyring og offentleg ettersyn av planforslag

Hausten 2026.

Ferdigstilling av planforslag

Arbeid med planforslaget fram til vedtak i fylkestinget i desember 2026.

Det er eit mål å samle retningsliner for arealbruk i Vestland i denne planen. Planen skal legge til rette for samarbeid og samordning mellom statlege, fylkeskommunale og kommunale styresmakter i gjennomføringa.

Planen skal innehalde verktøy og kunnskapsgrunnlag til hjelp for dette. Planen skal  legge eit grunnlag for at arealbruk og mobilitet bidreg til å oppnå måla i Utviklingsplan for Vestland.

Her er vi i prosessen 

Planarbeidet startar med at fylkeskommunen utarbeidar eit planprogram. Planprogrammet er eit viktig verktøy for å avklare rammene for planarbeidet og vert fastsett av fylkestinget i Vestland, etter at det har vore til høyring og offentleg ettersyn.

Eit planprogram er ei oppskrift for planarbeidet. Det skal fastsetje føremål og overordna rammer for arbeidet, behov for kunnskap og konsekvensutgreiing, organisering, framdrift og medverknad og kva alternativ som skal greiast ut.

Arbeid med planprogrammer er i gang

Vi starta arbeidet med planprogrammet i januar 2025. Forslag til planprogram er klart over sommaren. Fylkesutvalet i Vestland tek stilling tek stilling til om planprogrammet er klart til å sendast på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn i møtet 21. august 2025. Planprogrammet vert i så fall sendt på høyring og offentleg ettersyn fram til 10. oktober 2025.

Etterpå vert alle innspela oppsummert og lagt til grunn for eventuelle endringar før planprogrammet vert vedtatt.

Deretter arbeider vi vidare med å lage eit utkast til sjølve planen. Det er lagt opp til at planforslaget skal på ny høyring og offentleg ettersyn i august 2026, og at fylkestinget skal vedta planen i desember 2026.

To nye regionale planar

Vestland fylkeskommune arbeider no parallelt med to nye regionale planar: regional plan for verdiskaping og kompetanse og regional plan for areal og mobilitet. Les om arbeidet med regional plan for verdiskaping og kompetanse.

Oppdatert: mai 2025

Relatert informasjon

Vi jobbar no med planprogrammet for den regionale planen for areal og mobilitet. Dette blir truleg lagt ut til høyring og offentleg ettersyn etter møtet i fylkesutvalet 21. august.

Kontaktpersonar

Marianne Bugge

prosjektleiar for regional plan for areal og mobilitet

May-Britt Nesje Hernes

seksjonsleiar plan, klima og analyse

Bakgrunn og kunnskapsgrunnlag