Kulturminne og kulturmiljø i kommunal planlegging

Kulturminne er alle spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø, som lokalitetar det er knytt historiske hendingar, tru og tradisjon til.

Kulturmiljø er område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng. 

Kulturminne er ein avgrensa ressurs som ikkje kan erstattast dersom dei vert borte. Dette gjeld både dei automatisk freda kulturminna og dei historieberande kulturminna frå vår nære fortid.

Vestland fylke

Vestland har ein rik og mangfaldig kulturarv av både lokal, regional og nasjonal interesse. I tråd med berekraftsmåla til FN, skal kommunane vere med og styrke innsatsen for å verne om og sikre vår del av verdas kultur- og naturarv. Eit viktig mål i plan- og bygningslovgjevinga, er å fremje berekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar.

Planlegging etter lova skal vere med og samordne statlege, regionale og kommunale oppgåver og gje grunnlag for vedtak om bruk og vern av ressursar. Vi må ta omsyn til kulturminneverdiane i samfunnet, som ein ikkje fornybar ressurs.

Rollefordeling i arealplanlegging

Dei færraste kulturminne er av nasjonal verdi, men mange bør vi likevel ta vare på fordi dei er viktige lokalt eller i ein regional samanheng. Desse kulturminna, kulturmiljøa og landskapa kan sikrast vern gjennom bruk av plan- og bygningslova. Kommunen har, som planmynde etter plan- og bygningslova, ei sentral rolle i forvaltinga av kulturarven. 

Vestland fylkeskommune er regional kulturmiljømynde både for automatisk freda kulturminne og kulturminne av nasjonal verdi. Målet for kulturmiljøforvaltinga er at omsyn til dei ulike kulturmiljøverdiane på best måte skal sikrast gjennom lokal og regional arealplanlegging og skal utgjere eit viktig grunnlag for verdiskaping og næringsutvikling.

Fylkeskommunen har vidare ansvar for å vurdere og gi fråsegn til tiltak som råkar automatisk freda kulturminne og kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap av regional og nasjonal verdi. Tiltak som råkar kulturminne og kulturmiljø av meir lokal verdi skal vurderast av kommunen.

Medverknad

Alle offentlege organ har rett og plikt til å delta i planlegginga når den rører ved saksområda deira. Regional kulturmiljøforvalting deltar difor i kommunane si planlegging med rettleiing, kulturmiljøfagleg innspel og vurderingar av- og fråsegn til planforslag. Regional kulturmiljøforvaltning deltar også aktivt i regionalt planforum.

Fylkeskommunen har ansvar for å innhente fråsegn frå Riksantikvaren når planar gjeld kulturminne som Riksantikvaren har førstelineansvar for. Fråsegnene frå Riksantikvaren vert innarbeidde i svarbreva til fylkeskommunen.

For oppgåver der fylkeskommunen sjølv ikkje har forvaltningsansvar, vil vi fungere som førsteinstans og formidlingsledd vidare i forvaltingssystemet.

Dersom planforslag trugar vesentlege regionale eller nasjonale kulturmiljøinteresser, skal regional kulturmiljøforvalting fremje motsegn til planforslag, eventuelt varsle Riksantikvaren i dei tilfella der nasjonale kulturminneinteresser er truga.

Kommuneplan

Kulturminne og kulturmiljø må synleggjerast og sikrast i plan gjennom omsynssoner, retningsliner og føresegner. Omsynssoner kan vise område der vidare planlegging må ta særleg omsyn til kulturmiljøet. Freda kulturminne skal visast som bandlagt areal i omsynssone d og nyare tids kulturminne må få omsynssone c, jf. pbl § 11–8, bokstav c og d. Det er viktig å knyte gode arealføremål, føresegner og gode retningsliner til omsynssonene, jf. pbl §§ 12–5 og 12–7.

Freda kulturminne må sikrast med omsynssone jf. pbl. § 11–8 d, med tilhøyrande føresegn. Som eit minimum må automatisk freda kulturminne synleggjerast som bandlagde område i byggeområder, jf. pbl. § 11–8 d.  

Estetisk utforming er del av all arealplanlegging, men er særleg viktig i saker med definerte kulturminneverdiar. Bruk og tilpassing av landskap er viktige verdiar å vekte i samband med kulturlandskap.

Verneverdige kulturminne, bygningar og kulturmiljø frå nyare tid bør synleggjerast med omsynssone etter pbl § 11–8 c, med tilhøyrande retningsliner. Merk at omsynssone i arealplan er einaste måte å sikre eit formelt vern for kulturminne som ikkje er freda etter kulturminnelova. 

Døme på tema som er relevante i Vestland

  • verneverdige bygningar og bygningsmiljø
  • kommunalt listeførte kulturminne
  • pilegrimsleden
  • Kongevegen/Den Trondhjemske postvei/verneverdige vegfar
  • listeførte kyrkje
  • kulturminne som inngår i landsverneplanar
  • kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA)

Andre døme på kulturminne som bør vurderast synleggjort er mellom anna teknisk-industrielle kulturminne og krigsminne.

Ver merksam på at skulle det ligge uregistrerte automatisk freda kulturminne innanfor område som er satt av til utbygging i kommuneplanen, betyr ikkje godkjenning av kommuneplanen at kulturmiljømynde har sagt seg einig i arealbruken.

Reguleringsplan

Kulturmiljøverdiane bør vere del av planprosessane så tidleg som råd for å unngå konfliktar. Ein bør nytte seg av tilgjengeleg informasjon om eksisterande kulturminne, og vurdere kva føremål og tiltak som kan kome i konflikt med eksisterande kulturminne. Kulturarv i Vestland fylkeskommune rår tiltakshavar til å gå i dialog med kulturmiljømynde for å synleggjere konfliktområda og om mogleg finne løysingar som kan minske konfliktpotensialet før arealplanen vert lagt fram til høyring.

Gjennom planprosessen skal det settast av omsynssoner/bandleggingssoner for automatisk freda kulturminne, jf. pbl. § 12–6, med tilhøyrande føresegn. Det er mogleg å kombinere omsynssonebruk/verneføremål/arealføremål for automatisk freda kulturminne i reguleringsplanar:

  1. Automatisk freda kulturminne vist som omsynssone, jf. pbl. § 12–6, jf. § 11–8 bokstav d. Omkringliggande areal sett av til omsynssone jf. pbl. § 12–6, jf. § 11–8 bokstav c, med arealføremål som samsvarar med verneføremål. 
  2. Automatisk freda kulturminne vist som omsynssone, jf. pbl. § 12–6, jf. § 11–8 bokstav d. Omkringliggande areal sett av til LNFR underformål vern av kulturminne jf. pbl. §12–5 nr. 5 (som alternativ til omsynssone c i LNF-område).  

Dersom det ikkje er mogleg å vareta kulturminneomsyn i arealplan eller ved mindre private tiltak er det mogleg til å søke dispensasjon frå kulturminnelova.