Metodar for å få fram lokal og ny kunnskap som grunnlag til berekraftig by- og stadutvikling

Metodar og verktøy for å styrka brei og aktiv medverknad for å få fram lokal og ny kunnskap som grunnlag til berekraftig by- og stadutvikling.

Møte med folk og stad

Ofte krevst ei styrking av feltarbeid og kommunikasjon i plan- og utviklingsarbeid, og metodane er mange. Målet er å skape spelerom for endring og individuell handling. Fylket kan støtte kommunen med fagleg og økonomisk bistand i arbeidet.

Stadanalyse

Stadanalyse kan vere eit nyttig verktøy for å få å lære om og få lokal kunnskap om staden. Analysen er ei systematisering av kunnskap for å forstå korleis ein stad har utvikla seg over tid. I analysearbeidet kan særpreg, lokale verdiar og kvalitetar kartleggjast og sjåast i samanheng som grunnlag for nyskaping og endring knytt til berekraftig utvikling og forming.