Personvernerklæring for vestlandfylke.no

Denne personvernerklæringa handlar om korleis vi samlar inn og brukar informasjon om besøkjande her på vestlandfylke.no og på skulane sine nettsider.

Nettstaden vestlandfylke.no er ein fellesportal for alle tenester i Vestland fylkeskommune, med underliggande sider for kvart enkelt tenesteområde og kvar skule. 

Fylkeskommunen ved kommunikasjonssjefen har det redaksjonelle ansvaret for portalen si framside og for kjernetekstar som er felles for heile fylkeskommunen. Alle skulane har eit sjølvstendig ansvar for sine lokale sider.

Vi gjev aldri frå oss opplysningar om deg til andre partar med mindre slik utlevering er lovbestemt, naudsynt for å oppfylle ein avtale med deg, eller for å rette eit krav mot deg.

Tilgang til dine personopplysningar er avgrensa til tilsette som må ha tilgang for å gjere jobben sin, t.d. for å handsame ein søknad. Alle våre tilsette har teieplikt om alle opplysningar dei handsamar i jobbsamanheng.

Det vert stilt same krav til tryggleik og konfidensialitet hjå våre eksterne leverandørar som hjå oss sjølve. Vestland fylkeskommune nyttar ulike leverandørar for å levere tenestene vi tilbyr. Slike leverandørar vil i nokre tilfelle få ansvar for å behandle personopplysningar.

Behandlingsansvarleg

Vestland fylkeskommune ved fylkesdirektøren er behandlingsansvarleg etter personopplysningslova. Det vil seie at Vestland fylkeskommune er ansvarleg for informasjonstryggleiken i løysinga, og skal sikre at alle data blir handsama på ein trygg måte. Behandlingsansvarleg er òg ansvarleg for at data er tilgjengelege for dei som har rett til innsyn. Fylkeskommunen skal dessutan sikre at det ligg føre dokumentasjon som viser at oppgåvene blir utført i samsvar med personopplysningslova.

Databehandlar er den som behandlar data på vegne av den behandlingsansvarlege. Underleverandørar er definerte som databehandlarar. Behandling av personopplysningar skjer etter gjeldande lov og forskrift. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte, med mindre anna er spesifisert.

Informasjon lagra i elektroniske skjema

Når du fyller ut elektroniske skjema på vestlandfylke.no, vil informasjonen du gjev frå deg berre bli sendt til den eininga som treng informasjonen til si sakshandsaming.

Vi lagrar informasjon om kva søkeord brukarane nyttar på nettstaden. Det kan ikkje koplast til andre opplysningar om brukarane, slik som til IP-adressene.

Abonnement på nyheitsvarsel

Når du melder deg på nyheitsvarsel på vestlandfylke.no lagrar vi e-postadressa, og kva for tema du ønskjer å få nyheiter om. Vi vil òg lagre dato for når du starta abonneringa og eventuelle endringar du gjer. Når du melder deg av nyheitsvarslinga, vil denne informasjon om deg bli sletta. Vi vil ikkje bruke e-postadressa di til noko anna enn å sende deg nyheitsvarsling. 

Informasjonskapslar (cookies)

Første gang du går inn på nettsidene våre, må du samtykke til å få informasjonskapslar i nettlesaren din. Du kan avstå frå å samtykke til lagring av informasjonskapslar, men det kan føre til at nettsidene ikkje fungerer optimalt.

Endre dine cookie-innstillingar for vestlandfylke.no

 

Cookieerklæring for denne nettsida. Her kan du sjå statusen din, endre eller trekke samtykke. 

Informasjonskapslane blir ikkje knytte til deg som enkeltperson. Ei IP-adresse er definert som personopplysning fordi ho kan sporast tilbake til ein bestemt maskinvare og dermed til ein enkeltperson. Vestland fylkeskommune nyttar Google Analytics sin funksjon for å anonymisere IP-adressa før informasjonen vert lagra. Dermed kan ikkje den lagra IP-adressa nyttast til å identifisere den enkelte brukar.

Webanalyse

Vi samlar inn avidentifiserte opplysningar om besøkande på vestlandfylke.no for å utarbeide statistikk slik at vi kan lage eit mest mogleg brukarvennleg nettstad. Vi kan ikkje kan spore opplysningane tilbake til den enkelte brukar.

Alle data vert anonymisert og slått saman til ei gruppe og blir ikkje behandla individuelt. Om du ikkje ønskjer å bidra til analyse av bruken av nettsidene våre, kan du reservere deg mot det

Google Analytics

Vestland fylkeskommune brukar statistikkverktøyet Google Analytics. Verktøyet brukar cookies for å analysere korleis brukarar nyttar nettstaden.

Informasjonen som vert generert av ein slik cookie ved bruk av den aktuelle nettstaden, inkludert IP-adressa di, vert sendt til Google og lagra på serverar i USA. Mottatte opplysningar er underlagt Google sine retningsliner for personvern.