Du har rett til innsyn, korrigering og sletting av personopplysningar

Her er ei oversikt over kva du rett til når det gjeld personopplysningar som Vestland fylkeskommune har om deg.

Du har rett til fleire ting når vi samlar inn og brukar personopplysningar om deg. 

Om du ønsker å nytte deg av rettane som er omtalt på denne sida, kan du sende oss melding gjennom dette elektroniske meldingsskjemaet
Du må logge deg inn med BankID.

Rett til innsyn 

Du har rett til å sjå kva opplysningar vi behandlar om deg.

Rett til korrigering (rettingar)

Dersom vi behandlar opplysningar om deg som er ikkje er riktige, kan du krevje at vi retter dei eller legg til opplysningar.

Rett til sletting 

I særlege tilfelle kan du få sletta opplysningar om deg.

Rett til avgrensing av behandling 

I nokre tilfelle kan du be om at vi kan avgrense behandlinga av personopplysningane dine. I så fall kan vi lagre personopplysningane dine, men vi kan ikkje bruke dei til noko.

Rett til motsegn

Du har i visse tilfelle rett til at gjere motsegn mot vår behandling av dine personopplysningar.

Rett til dataportabilitet 

Du har i visse tilfelle rett til å få utlevert personopplysningar om deg og gjenbruke disse på tvers av ulike system og tenester.

Med retten til dataportabilitet kan du flytte persondata frå ein tenesteleverandør til ein anna på ein trygg og sikker måte.

Du kan lese meir om kva du har rett til på Datatilsynet sine sider